Forskrift om opptak til to-årig teknisk fagskuleutdanning i Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2004-12-14-1914
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-06-20-56-§4
Kunngjort16.06.2005
KorttittelForskrift om fagskuleopptak, Sogn og Fjordane

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fylkestinget i Sogn og Fjordane 14. desember 2004 med heimel i lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning § 4 andre ledd.

I

Kapittel 1. Verkeområde

§ 1.Verkeområde

Forskrifta gjeld opptak til 2-årig teknisk fagskule etter lov 20. juni 2003 nr. 56 om fagskoleutdanning, og gjeld for alle tilbydarar som er eigde av fylkeskommunane.

Kapittel 2. Ulike reglar

§ 2.Eit nasjonalt opptak

Eit nasjonalt opptak skal organisere og gjennomføre opptak til heiltidsstudium ved fylkeskommunale to-årige tekniske fagskular. Skuleigarane lagar i fellesskap retningsliner for dei oppgåvene opptaket skal ha.

§ 3.Informasjon

Eit nasjonalt opptak skal sørge for naudsynt skriftleg informasjon om søknadsfristar, opptakskrav, realkompetansevurdering, utdanningstilbod, sertifikatkrav, ev. skulepengar, klagerett med meir til søkjarane.

§ 4.Realkompetansevurdering

Fylkeskommunen der søkjaren er busett har ansvaret for realkompetansevurderinga nemnt i § 7 c og d (jf. lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 4A-3).

§ 5.Klage på opptak

Vedtak om opptak til fagskulen er eit enkeltvedtak med rett til klage i samsvar med lov om fagskoleutdanning § 7 og forvaltningslova.

§ 6.Søknadsfrist og kunngjering

Det nasjonale opptaket fastset søknadsfristar for 2-årige heiltidsstudium og tilsvarande fjernstudium. Det nasjonale opptaket fastset søknadsskjema og skal informere om søknadsfristar 5 månader på førehand.

Kapittel 3. Opptakskrav

§ 7.Fullført vidaregåande opplæring

Det generelle grunnlaget for opptak til 2-årig teknisk fagskule er:

a)Fullført og greidd vidaregåande opplæring som lærling med fag-/sveinebrev i fagretninga etter Reform94

eller

b)Fullført og greidd vidaregåande opplæring som elev med fag-/sveinebrev i fagretninga etter Reform94 og eitt års praksis i faget

eller

c)Bestått fag-/sveineprøve som praksiskandidat eller med fagbrev før Reform94 og med bestått eller likeverdig kompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande læreplanane i grunnkurs og vidaregåande kurs I i yrkesfaglege studieretningar

eller

d)Minst fem år relevant praksis utan fagbrev, men med likeverdig realkompetanse i faget og med bestått eller likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande læreplanane i grunnkurs og vidaregåande kurs I i yrkesfaglege studieretningar
e)Punkt d) gjeld ikkje maritim utdanning
f)Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/sveineprøve etter opptaksfristen kan få plass på vilkår av bestått prøve
g)Skular som har særskilt godkjenning kan gjere unntak frå kravet om fag-/sveinebrev for søkjarar til nautisk line som har fullført og bestått studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag.
§ 8.Spesielle opptakskrav

I tillegg til krava nemnde under § 7 må søkjarar til maritim utdanning dokumentere bestått grunnleggjande sikkerheitsopplæring (IMO 60).

§ 9.Sertifikatkrav

Søkjarar med anna utdanning og/eller praksis enn det som er nemnt i § 7 og § 8 kan vurderast for opptak, men det nasjonale opptaket pliktar å gjere merksam på tilleggskrav om teori og praksis/fartstid, helse og vandel for sertifikatgjevande utdanning.

§ 10.Søkjarar med utanlandsk utdanning

Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk 2-årig teknisk fagskule.

Søkjarar utanfor Norden må dokumentere opplæring og praksis ved autorisert translatør og ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande grunnkurs og vidaregåande kurs I i yrkesfaglege studieretningar.

§ 11.Poengutrekning og rangering
-Det generelle grunnlaget for opptak, § 6 a-d100 poeng
-Gjennomsnittleg karakterpoeng av karakterane i alle fag på vidaregåande kurs I og tverrfagleg eksamen
-Praksis ut over det generelle grunnlaget for opptak1 poeng pr. md.
-Fartstid (tid om bord)1 poeng pr. md.
-Fag-/sveineprøve med «bestått mykje godt»25 poeng
-Fag-/sveineprøve i anna fag ut over det generelle opptakskravet, inkludert praksistid50 poeng
a)Ved lik poengsum skal det kjønnet som er underrepresentert i yrket eller profesjonen opplæringa fører fram til kvoterast
b)Det vert innført ein kvote på 30% for søkjarar med fag-/sveinebrev i fagretning etter Reform94 utan tilleggspraksis.

II

Forskriften trer i kraft 1. august 2005.