Forskrift for avfallsbehandling, Ål kommune, Buskerud.

DatoFOR-2005-02-17-854
PublisertII 2005 hefte 4
Ikrafttredelse11.08.2005
Sist endretFOR-2012-12-20-1459
Endrer
Gjelder forÅl kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort11.08.2005
KorttittelForskrift for avfallsbehandling, Ål

Heieml: Fastsett av Ål kommunestyre 17. februar 2005 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30, § 33, § 34 § 37, § 79, § 83 og § 85. Endra med forskrift 20 des 2012 nr. 1459 (heile forskrifta gjengitt).

§ 1.Mål for avfallssektoren

Forskrifta har som formål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg oppsamling, innsamling, transport, attvinning, attbruk og sluttbehandling av forbruksavfall i kommunen.

§ 2.Delegering

Mynde etter følgjande paragrafer i denne forskrifta er med heimel i forureiningslova § 83 delegert frå Ål kommune til Hallingdal Renovasjon IKS: § 6, § 7, § 9, § 10, § 11, § 12, § 13 og § 18.

§ 3.Virkeområde

Forskrifta omfattar alle registrerte grunneigedomar/matrikkeleiningar der det oppstår hushaldsavfall i Ål kommune, og gjeld og kvar enkelt seksjonerte del av bygning og kvar enkelt sjølvstendige brukseining i bygning. Som sjølvstendig brukseining i bygning som ikkje er seksjonert, vert alltid rekna kvar enkelt bustad med eige kjøken. Likt med sjølvstendig brukseining vert rekna inntil to hyblar med felles kjøken. Utover to hyblar som deler felles kjøken, vert rekna ei brukseining pr. to hyblar. Ål kommune avgjer i tvilstilfelle kva som skal reknast som sjølvstendig brukseining i bygning som ikkje er seksjonert.

Forskrifta gjeld og hushaldsavfall frå hytter, stølar og fritidseigedomar og permanent oppsett campingvogn.

Denne forskrifta gjeld kjeldesortering, innsamling, oppsamling og transport av hushaldsavfall. I tillegg omfattar forskrifta oppsamling, innsamling og transport av farleg avfall frå hushaldningar dersom mengder ikkje overstig den grensa som til ei kvar tid gjeld i forskrift om farleg avfall.

Forskrifta gjeld og eigedomar der det oppstår næringsavfall og som er med i den kommunale renovasjonsordninga.

Ål kommune kan gje nærare retningsliner for gjennomføring av reglane i forskrifta.

§ 4.Definisjonar 

Avfall (jf. forureiningslova § 27): Kasserte lausøyregjenstandar eller stoff. Som avfall vert og rekna overflødige lausøyregjenstandar og stoff frå tenesteyting, produksjon og reinseanlegg m.m. Avlaupsvatn og avgassar vert ikkje rekna som avfall. Forureiningslova deler vidare avfallet inn i kategoriane hushaldsavfall, næringsavfall og farleg avfall. 

Abonnent: Eigar eller festar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. 

Bringeordning: Kjeldesorteringssystem der publikum sjølv bringer sitt kjeldesorterte avfall til ein mottaksplass, f.eks. returpunkt, lokalt avfallsmottak, eller anna tilrettelagt felles innsamling. 

Farleg avfall: Avfall som ikkje hensiktsmessig kan behandlast saman med anna hushaldsavfall eller næringsavfall på grunn av sin storleik eller fordi det kan medføre alvorlig forureining eller fare for skade på menneske eller dyr. 

Fraksjon: Like avfallsfraksjonar, nemning for ulike typer avfall. 

Hentestad: Stad der oppsamlingseining(ar) vert stilt medan det vert venta på innsamling. 

Henteordning: Kjeldesorteringssystem der kjeldesortert og restavfall vert henta av godkjent avfallsinnsamlar så nær kjelda som mogeleg. 

Hushaldsavfall: Avfall frå private hushaldningar, medrekna større gjenstandar som laust inventar og liknande. 

Kommunal renovasjon: Lovpålagt kommunal renovasjon av hushaldsavfall og renovasjon av næringsavfall som er med i den same ordninga. 

Kjeldesortere: Å halde avfallet sine ulike fraksjonar separert frå kvarandre etter kvart som dei oppstår (ved kjelda). 

Kompostering: Biologisk nedbryting og stabilisering av organisk avfall med lufttilgang. 

Lokalt avfallsmottak: Spesielt tilrettelagt område med organisert oppsamling av separert avfall, som er betjent og har faste opningstider. 

Næringsavfall: Avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar. 

Oppsamlingseining: Stativ for sekk, plastbehaldar, container eller annan godkjent eining for å legge avfall fram til kommunal henting. 

Restavfall: Avfall det ikkje er oppretta eigne sorteringsordningar for. Dette er avfall som blir att etter kjeldesortering og sentralsortering av hushalds- og næringsavfall. 

Returpunkt: Lokalt ubetjent oppsamlingsstad der abonnentane kan levere/sortere ein eller fleire avfallsfraksjonar, for eksempel glas, papir osv. 

Smitte-, risiko- og/eller problemavfall: Smittefarleg, potensielt smittefarleg, estetisk skjemmande avfall som blod og stikkande/skjerande avfall. 

Våtorganisk avfall: Lett nedbrytbart organisk avfall, som matavfall, planterestar, hageavfall, kattesand og vått hushaldspapir.

§ 5.Kommunal renovasjon av avfall 

Lovpålagt innsamling av hushaldsavfall

I Ål kommune er det lovpålagt kommunal renovasjon av hushaldsavfall, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova). Alle eigedomar mv. som fell innanfor § 2 1. og 2. ledd i forskrifta vert omfatta av denne renovasjonsordninga.

Kommunen kan etter grunngitt skriftleg søknad og eventuelt uttale frå Hallingdal Renovasjon IKS, gje dispensasjon for særskilte eigedomar. Kommunen har eigne retningsliner for fritak.

Kommunen kan ved generelle reglar, eller i det enkelte tilfelle, stille krav til den enkelte abonnent eller avfallsprodusent om kjeldesortering og leveringsmetode for dei ulike delar av avfallet, for å sikre ei økonomisk, miljø- og ressursmessig best mogeleg handtering av avfallet.

Utan skriftleg løyve frå kommunen kan ingen samle inn hushaldsavfall i Ål kommune. Det er ikkje tillatt å legge avfall utanom godkjent avfallsanlegg. Det er heller ikkje tillatt å brenne avfall utanom godkjent anlegg, slik at det kan medføre fare for forureining eller hygieniske ulemper for omgjevnadene. Det er heller ikkje tillatt å grave ned eller legge avfall o.l. i naturen. 

Kommunal renovasjon

Den kommunale renovasjonsordninga omfattar hushaldsavfall samt næringsavfall som er med i den same ordninga.

§ 6.Avfall som ikkje vert omfatta av kommunal innsamling

Næringsavfall vert ikkje omfatta av lovpålagt kommunal renovasjon. Slikt avfall skal bringast til lovleg avfallsmottak med mindre det vert gjenvunne eller brukt på annan måte. Det er ikkje tillatt å legge avfall utanom godkjent avfallsanlegg. Det er heller ikkje tillatt å brenne avfall utanom godkjent anlegg, slik at det kan medføre fare for forureining eller hygieniske ulemper for omgjevnadene. Det er heller ikkje tillatt å grave ned eller legge avfall o.l. i naturen.

Avfallseigar må sjølv sørge for å bringe farleg avfall og næringsavfall til godkjent avfallsbehandling.

For næringsavfall som lett kan samlast inn saman med hushaldsavfall kan kommunen tilby innsamling saman med hushaldsavfallet.

For dei fleste avfallstyper som ikkje vert omfatta av den tvungne renovasjonsordninga, tilbyr kommunen mottak ved lokale avfallsmottak, sorteringsanlegg eller forbrenningsanlegg.

Kommunen kan og, der dette er formålstenleg, tilby eiga innsamling av næringsavfall som fell utanfor den kommunale innsamlinga.

Kommunen har fått delegert mynde til å føre tilsyn med eigar av næringsavfall.

§ 7.Krav til sortering m.m. av avfallet

Abonnentar som vert omfatta av lovpålagt kommunal renovasjonsordning pliktar å kjeldesortere avfallet etter rettleiing frå kommunen i samsvar med dei avfallsfraksjonar kommunen etablerer innsamlings- og mottaksordningar for.

Avfall som vert levert til kommunal renovasjonsordning kan bli manuelt sortert/kontrollert. Abonnenten er sjølv ansvarleg for at avfall han vil halde konfidensielt er makulert.

Alle abonnentar som inngår i lovpålagt kommunal avfallsordning med henteordning skal kjeldesortere avfallet etter rettleiing frå kommunen i egne oppsamlingseiningar på eigedomen.

Alle abonnentar som inngår i lovpålagt kommunal avfallsordning med bringeordning skal kjeldesortere avfallet etter rettleiing frå kommunen i oppsamlingseiningar på sentrale stader eller på returpunkt.

Kjeldesorterte fraksjonar frå hushaldninga kan og leverast til lokale avfallsmottak. Kommunen avgjer kva som kan leverast og tal fraksjonar. Hushaldsavfall som er for stort eller tungt til å kunne leggast i oppsamlingseiningane hjå kvar abonnent, skal leverast til lokalt avfallsmottak.

Farleg avfall skal ikkje blandast med anna avfall. For farleg avfall frå hushaldningar tilbyr kommunen eigen innsamlingsordning, ubetjente mottak og/eller lokale avfallsmottak. For farleg avfall frå verksemder tilbyr Ål kommune, mot betaling, mottak ved eigen mottaksstasjon (Hallingdal Renovasjon, Kleivi, Ål).

§ 8.Kompostering

Hageavfall bør komposterast i eigen hage, alternativt leverast til eigen mottaksplass for hageavfall.

Abonnentar som har eige hageareal som er eigna for bruk av kompost, kan inngå avtale med kommunen om heimekompostering av våtorganisk avfall. Abonnentar som teiknar slik avtale og dermed reduserer sin eigen avfallsmengde, kan gjevast redusert avfallsgebyr dersom våtorganisk avfall ikkje vert lagt i oppsamlingseiningane. Brukaren skal dokumentere kunnskap om kompostering, og kompostering skal skje i ein behaldar som er godkjent av kommunen. Komposteringa skal utførast på ein hygienisk tilfredsstillande måte som ikkje tiltrekker seg skadedyr, gir sigevatn, vond lukt eller er sjenerande for omgjevnadene. Abonnenten må sjølv skaffe og koste behaldar.

Eventuelle rettleiingar frå kommunen skal følgjast, og det kan bli ført kontroll med at kontrakten vert følgd.

§ 9.Innkjøp av oppsamlingseiningar

Abonnentar med henteordning må sjølv koste oppsamlingseining (sekkestativ/trilledunk) for restavfall. Andre oppsamlingseiningar vert levert abonnenten av kommunen. Kva enkelt eining er registrert på den enkelte eigedom og skal ikkje flyttast ved endringar i eigar- eller festeforhold.

Oppsamlingseiningar skal vera av ein slik type og tilstand at avfallet vert sikra mot skadedyr.

Kommunen kan også pålegge fleire abonnentar å bruke felles behaldar når dette er formålstenleg iht. mål i § 1.

Kommunen kan pålegge den enkelte abonnent å auke volumet eller talet på oppsamlingseining(ar) dersom dette synest nødvendig for å sikre tilstrekkeleg sortering av avfallet, eller for å hindre at avfallet vert oppbevart eller disponert på ein uheldig måte.

§ 10.Plassering av oppsamlingseiningar og krav til vegstandard

Alle oppsamlingseiningar må plasserast slik at dei ikkje gir hygieniske ulemper eller er til sjenanse (dvs. praktisk og estetisk) for andre, verken ved oppbevaring eller i samband med tømming. På hentestaden skal oppsamlingseiningar plasserast lett tilgjengeleg på eit plant og fast underlag i bakkenivå. Det skal settast av tilstrekkeleg areal til plassering og handtering av oppsamlingsutstyr. Einingane skal plasserast slik at renovatørane er sikra mot plager frå husdyr.

Dersom plassering av oppsamlingseiningar utgjer ein skaderisiko, er til ulempe for renovatørane sitt arbeidsmiljø eller medfører andre ulemper, kan kommunen krevje at einingane vert omplasserte. 

Vegstandardar

Privat tilkomstveg som renovasjonsbilen brukar fram til hentestad skal vera køyrbar for større køyretøy og ha tilstrekkeleg snuplass. Privat tilkomstveg skal tole akseltrykk på 8 tonn, ha vegbreidde på minimum 3,0 meter, og fri høgde på minimum 4,0 meter (fri for vegetasjon innanfor køyrebana).

Veg for manuell transport av oppsamlingseiningar og avfall elles (transportveg) skal vera fri for trapper og andre hindringar. Dersom renovatøren må passere dører eller portar, må desse utstyrast med stopparar som låser døra eller porten i ope stilling.

I periodar med is og snø må privat tilkomstveg, transportveg og hentestad vera tilstrekkeleg måka for snø, sandstrøydd og utan fare for takras o.l. Kommunen kan i slike periodar påby anna plassering av oppsamlingseiningane enn kva som vert kravd resten av året.

Abonnentar med henteordning skal plassere sine oppsamlingseiningar så nær innsamlingsrute som praktisk mogeleg innanfor ein gangavstand på 20 meter målt frå vegkant. Kommunen kan i enkelttilfelle samtykke i annan plassering enn det som er beskrivi ovanfor, mot eit ekstragebyr jf. § 14.

Abonnentar med henteordning som brukar dunk, skal plassere oppsamlingseiningane så nær innsamlingsrute som praktisk mogeleg innafor ein gangavstand på 10 meter målt frå vegkant.

Privat tilkomstveg, transportveg, utforming av hentestad, avfallsrom etc. skal utførast i samsvar med gjeldande byggeforskrifter og godkjennast av kommunen.

§ 11.Bruk av oppsamlingseiningar

Oppsamlingseiningar må berre brukast til oppsamling av avfall som vert omfatta av denne forskrifta, og skal ikkje innehalde gjenstandar som kan utsette renovatøren for fare eller ulempe under handteringa.

Det er ikkje tillatt å legge andre typer avfall i oppsamlingseininga enn det behaldarane er rekna for og som kommunen til ei kvar tid bestemmer.

Det er ikkje tillatt å bruke oppsamlingseiningane til følgjande avfall: Smitte- og risikoavfall, flytande avfall, større metallgjenstandar, stein og jord, hageavfall, sand/grus, bygningsavfall, etsande, eksplosivt eller sjølvtenneleg avfall.

Farleg avfall skal berre leverast til oppsamlingseining som er merka med dette. I tvilstilfelle skal Hallingdal Renovasjon IKS kontaktast på førehand.

Fuktig avfall, skarpe eller knuselege gjenstandar, sprøytespissar mv. skal vera forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren. Varm oske må avkjølast heilt før den blir emballert og lagt i behaldaren. Oske, avfall frå støvsugar og anna avfall som kan gje støvplage, må vera emballert slik at det ikkje oppstår støvplage under innsamling. 

For abonnentar med henteordning

Alt avfall skal ligge i godkjent oppsamlingseining som ikkje er fylt meir enn til fyllekant på sekk, og slik at lokk kan lokkast. Avfallet skal vera forsvarleg innpakka og skal ikkje pakkast fastare enn at eininga kan tømmast utan vanske. Maksimal tillatt vekt for 100 liters sekk er 20 kg. På vinterstid er brukaren ansvarleg for at avfallet ikkje er frose fast og dermed ikkje let seg tømme.

I tilfelle der abonnenten etter avtale bringer avfallet fram til køyrerute på innsamlingsdag, må dette gjerast innan kl. 06.00 same dag for å ha krav på innsamling.

Abonnent som nyttar trilledunk til restavfall får ikkje utlevert sekkar.

Kommunen er ikkje pliktig til å tømme oppsamlingseiningar som vert brukte i strid med denne forskrifta. 

For hytter, fritidsbustader og abonnentar med bringeordning

Behaldarar som er utplassert og merka for husstandar, hytter, fritidsbustader og stølar, kan bare nyttast av abonnentar med avgiftsgrunnlag for bringeordning, og berre for dei avfallsfraksjonane dei er merka for.

§ 12.Kommunen sine plikter

Innsamling og tømming skal gå føre seg slik at det medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støv, støy, lukt o.l. Under transport skal avfallet vera sikra slik at det ikkje fell av eller søler til plass eller veg. Eventuelt søl frå tømminga skal fjernast av renovatør. Eventuelt etablert sikring av behaldar skal nyttast av renovatør.

Kommunen har ansvar for utplassering og vedlikehald av oppsamlingseiningar for abonnentar med bringeordning. Kommunen skal sørge for oppstillingsplass, tilstrekkelig kapasitet for dei forskjellige fraksjonar og nødvendig reinhald av oppsamlingseiningane.

Renovatøren er berre pliktig til å ta med avfall som er lagt i godkjent oppsamlingseining og som vert brukt i samsvar med denne forskrifta.

Avfallet skal hentast etter gjeldande tømmerutine som vert fastsett av kommunen og kunngjerast på eigna måte. Ved endring i tømmerutiner og andre tilhøve i kommunal avfallsordning som er svært viktig, skal abonnenten varslast i god tid og på ein formålstenleg måte.

§ 13.Abonnenten sine plikter

Abonnentar med henteordning er ansvarleg for oppstilling av oppsamlingsutstyr på sin eigedom, og at det er plassert i samsvar med gjeldande reglar.

Alle abonnentar er ansvarleg for at bruk av oppsamlingseiningar skjer i samsvar med denne forskrifta.

Abonnenten står og ansvarleg for nødvendig reinhald og vedlikehald av oppsamlingseiningar, hentestad og tilkomstveg, samt for eventuelle skader på oppsamlingseiningane pga. dårleg plassering, feilaktig bruk, hærverk eller liknande. Kommunen avgjer når ei eining må reparerast eller fornyast, og utfører reparasjon og utskifting av utlevert utstyr etter behov.

Eventuelle endringar i abonnementet skal omgåande meldast til kommunen.

§ 14.Gebyrplikt

Abonnentar som vert omfatta av reglane i denne forskrifta skal betale renovasjonsgebyr. Gebyrets storleik vert fastsett av kommunen for kvart år.

Tinglyst heimelshavar, eigar eller fester av eigedom/matrikkeleining der det oppstår hushaldsavfall pliktar straks å melde frå til kommunen dersom eigedomen ikkje står i gebyrregisteret for hushaldsavfall. Dersom abonnenten ikkje har gitt beskjed om abonnementet, og har hatt høve til å nytte renovasjonsordninga, kan kommunen med tilbakeverkande kraft krevje gebyr for inntil 3 år.

For hytter, stølar og fritidseigedomar vert gebyr kravd frå og med året etter at løyve til oppføring av bygget er gitt. Dersom eigar eller festar kan dokumentere at bygningen ikkje er teke i bruk kan kommunen gi fritak, jf. § 5.

Kommunen kan i enkelttilfelle samtykke i anna plassering av oppsamlingseiningane enn kravet i denne forskrifta. Abonnenten må i så fall betale eit ekstragebyr. Ekstragebyr kan også krevjast for eigedomar med spesielle eller vanskelege tømmeforhold.

§ 15.Gebyrdifferensiering

For å fremje avfallsreduksjon, kjeldesortering og attvinning kan kommunen innføre differensierte gebyrsatsar. Differensiering kan skje på grunnlag av innsamlingsordning, korleis huset ligg til, avfallsmengder, avfallstyper, materialattvinning, mv.

§ 16.Innkrevjing av gebyr og renter

Avfallsgebyr med tillegg for renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

Abonnenten skal betale gebyr for kvar brukseining, jf. § 2.

Kommunen kan overlate registrering av abonnementa og innkrevjing av gebyr til eit interkommunalt selskap.

Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom vedtaket er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2b og forureiningsloven § 85. Klagen blir behandla etter regelverket i forvaltningslova, jf. kap. VI i forvaltningslova. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom klagen ikkje blir tatt til følgje, skal den leggast fram for kommunen si faste klagenemnd.

§ 18.Sanksjonar og straff

Ved manglande eller feilaktig sortering av avfallet i følgje reglane i denne forskrifta, vil det bli gitt melding frå kommunen om at dette må rettast. Ved graverande eller gjentekne overskridingar av sorteringsreglane kan renovatør nekte å tømme oppsamlingseining før avfallet er korrekt sortert. For å unngå eventuelle helsemessige problem kan kommunen og i slike tilfelle sørge for separat innkøyring og sortering av det feilsorterte avfallet for abonnentens rekning.

Tilsvarande tiltak som beskrivi i føregåande ledd kan og takast i bruk for situasjonar med oppsamlingseiningar som er overfylte, for tunge, feilaktig plassert, eller på anna måte i strid med reglane i denne forskrifta.

Brot på reglane i denne forskrifta kan utover dette straffast med bøter, jf. forureiningslova § 79 andre ledd.