Forskrift om tømming av slamutskiljarar, tette tankar, feitt- og oljeutskiljarar, og bestemmelse om betaling av gebyr, Ål kommune, Buskerud.

DatoFOR-2005-02-17-855
PublisertII 2005 hefte 4
Ikrafttredelse01.07.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forÅl kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort11.08.2005
KorttittelForskrift om tømming av slamutskiljarar, Ål

Fastsett av Ål kommunestyre 17. februar 2005 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 34 § 37, § 79, § 83 og § 85.

§ 1.Virkeområde

Forskriftene gjeld tømming og/eller avvatning av slam frå slamutskiljarar og andre reinseinnretningar for avløpsslam, privet, tette oppsamlingstankar for avløp, feittutskiljarar og oljeutskiljarar i områder som vert omfatta av pliktig tømmeordning i kommunen.

Forskrifta gjeld også gebyrplikt.

§ 2.Definisjonar

Som slam vert rekna alle typer avløp frå hushaldning, fritidsbustader, bedrifter og liknande som vert omfatta av kommunale reglar for separate avløpsanlegg, og er lagt under kommunal godkjenningsordning. Som feittutskiljar og oljeutskiljar vert meint eigen innretning for utskiljing av nemnde fraksjonar.

Tømming skjer etter nærare reglar som kommunen fastset.

Som abonnent vert rekna heimelshavar av eigedom som vert omfatta av den kommunale tømmeordninga.

Dersom eigedomen er festa bort for 10 år eller meir, kan festaren reknast som abonnent om ikkje anna er avtalt. Det same gjeld når festaren har rett til å få festet forlenga, slik at den samla festetid er meir enn 10 år.

§ 3.Pliktig tømmeordning

Kommunen skal tømme slamutskiljarar, tette oppsamlingstankar og andre samleinnretningar for slam som vert omfatta av desse forskriftene. Alle eigedomar i kommunen som er omfatta av kommunens tilsynsmyndigheit vert omfatta av ordninga.

Kommunen kan i enkelttilfelle etter søknad frita enkelte eigedomar for ordninga.

§ 4.Abonnentens plikter

Abonnenten skal sørge for at anlegg som skal tømmast, er lett tilgjengelege for tømming. Overdekning av kumlokk og liknande med snø, is, jord, osv. skal fjernast, og andre hindringar for fri tilkomst for renovatøren skal ordnast av abonnenten før tømming vert utført.

Den som tømmer anlegget har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å utføre tømminga.

I tilfeller der abonnenten ikkje har klargjort slamutskiljaren for tømming etter føreutgåande varsling, der vegforhold eller andre hindringar medfører at tømming ikkje kan utførast, vert anlegget sett på som tømt når renovatøren har møtt fram for tømming. Gebyr vert rekna som om anlegget er tømt på ordinær rute.

Abonnenten plikter å koste utbetringar av feil og manglar ved anlegget som kommunen pålegg, slik at anlegget fungerer etter forureiningslova.

§ 5.Tilkomst

Veg til slamanlegget må vera slik at den gir ein grei og rimeleg tilkomst for renovasjonsbilen. Det skal takast omsyn til kva årstid det er best tilkomst for tømming i området der tømming vert utført. Utover dette har ikkje renovatør eller kommunen ansvar for skader på og vedlikehald av privat veg og plass, med mindre det kan påvisast uaktsemd.

Tilkomst frå oppstillingsplass for tømmebil til kum skal ikkje overstige 50 m frå der bilen kan plasserast (gjeld ikkje traktortømming) Sugehøgde frå botn i kum til tank på bil skal tilpassast lengda på sugeslangen og ikkje overstige 6 m ved 25 m slange.

For eksisterande fritidsbustader der tømmebil ikkje kan nyttast, skal det være framkomeleg veg for traktor med vakumtank fram til kum. For nye avløpsanlegg blir krav til tilkomst for tømmeutstyr bestemt gjennom utsleppsløyve. Det må ikkje settast opp gjerder, murar, og liknande som gjer det vanskelig å kome til med utstyr for tømming.

§ 6.Rettar og plikter til den som utfører tømminga

Entreprenøren har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å utføre tømminga, og tilbakeføre rejektvatn frå avvatningsbil til slamutskiljar som vert tømt. Arbeidet skal likevel utførast slik at ikkje unødig skade på veg eller eigedom oppstår.

Tømminga skal utførast slik at bebuarane ikkje unødig vert sjenert av støy og lukt. Anlegget skal forlatast i lukka stand, og grinder, portar og dører skal lukkast, eventuelt låsast. Tømmeutstyr skal vera slik innretta at tømming og transport skjer på ein hygienisk og estetisk måte.

Tømming skal gjerast innanfor tidsrommet kl. 6.00 til 22.00 måndag til fredag, unntaksvis laurdag til kl. 18.00.

§ 7.Tømmefrekvens

Varsel om tømming av avløpsanlegg skal skje i god tid før tømming vert utført. Beskjed blir gitt ved skriftleg varsel til heimelshavar, eller på annan måte som kommunen finn formålstenleg. 

Tømming skjer etter følgjande mønster (gjeld pr. eining):

For eigedomar med fast busetting og avløpsanlegg som tilfredsstiller forskrift om separate anlegg frå 1985 (dvs. 4 m³ slamutskiljar), skal slamutskiljaren tømmast kvart 2. år. For eigedomar med anlegg som ikkje tilfredsstiller k1985-forskrifta kan kommunen fastsette annan tømmefrekvens.

For fritidsbustader skjer tømming av slamavskiljar kvart 4. år.

Alle tette tankar vert tømt kvart år. (Både bustad og hytter)

Ekstra tømmingar utover den bestemte ordninga må bestillast og kostast av abonnent. Det er berre entreprenør som er godkjent av kommunen som har løyve til å tømme anlegg.

Kommunen kan i spesielle tilfeller bestemme annan tømmerutine, f.eks. at anlegg med spesiell utføring eller belastning skal ha annan tømmefrekvens.

§ 8.Tømming av feittutskiljarar

Feittutskiljarar skal tømmast kvart år, eller oftare dersom driftstilstanden tilseier det.

Kommunen kan gå inn og kontrollere at funksjon og drift av anlegget er tilfredsstillande, og bestemme ev. annan tømmefrekvens.

Eigar av feittavskiljar er sjølv ansvarleg for bestilling av tømming av sine anlegg.

Berre entreprenør godkjent av kommunen har løyve til å tømme anlegget.

§ 9.Tømming av oljeutskiljarar

Avfallet kjem inn under «forskrift om leveringsplikt, innsamling, mottak og behandling/disponering av spesialavfall», fastsett av Miljøverndepartementet 10. april 1984 nr. 939. Tømming av oljeutskiljarar skal berre utførast med godkjent utstyr og renovatør med godkjent utstyr og nødvendig løyve frå myndigheitene.

Eigar av oljeavskiljar er sjølv ansvarleg for å oppfylle dei tekniske og driftsmessige forskriftene som er gitt av leverandør og SFT.

Eigar må dokumentere oljeutskiljaren sin tilstand, eller betale for tilstandsregistrering som blir utført ved kvar tømming. Kopi av rapporten skal den som tømmer anlegget sende til kommunen v/teknisk etat.

§ 10.Avgift for tvungen tømming av avløpsanlegg

Abonnenten skal betale eit årleg gebyr til kommunen etter gjeldande regulativ.

Kommunen fastset årleg reglar for berekning av storleiken på gebyret.

Tømming av feittavskiljarar og oljeutskiljarar kjem ikkje inn under faste årlege gebyr til kommunen. I disse tilfella skal økonomisk oppgjør skje direkte mellom eigarar av oljeutskiljar og godkjent renovatør.

Anleggseigar må også betale gebyr til behandlingsanlegg.

§ 11.Innkreving av gebyr og renter

Gebyr med tillegg for løpende renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

Abonnenten skal betale gebyr for kvart anlegg. Nekting av tilbakeføring av rejektvatn vil medføre ekstragebyr.

Kommunen kan overlate registrering av abonnementsforhold og innkrevjing av gebyr til eit interkommunalt selskap.

§ 12.Delegering

Myndighet etter følgjande paragrafar i denne forskrifta er med heimel i forureiningslova § 83 delegert til Hallingdal Renovasjon IKS: § 2, § 4, § 5, § 6 og § 7 fyrste ledd.

§ 13.Klageadgang

Vedtak i denne forskrifta kan påklagast dersom vedtaket er et enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2 b og forureiningslova § 85. Klagen blir behandla etter regelverket i forvaltningsloven, jf. kap. VI i forvaltningsloven. Klagen skal sendast til kommunen. Dersom klagen ikkje blir teke til følgje, skal den leggast fram for kommunen sin faste klagenemnd.

§ 14.Brot på forskrifta

Brot på denne forskrifta kan utover dette straffast med bøter, jf. forureiningslova § 79 andre ledd.

Forskrifta blir gjort gjeldande frå 1. juli 2005.

Frå same tid opphøyrer tidlegare forskrift 16. desember 19991 om tømming av slamutskiljarar, tette tankar, feitt- og oljeutskiljarar og bestemmelse om betaling av gebyr vedtatt av kommunen i sak 151/99.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.