Forskrift om gebyr for feiing og tilsyn, Lom og Skjåk kommunar, Oppland.

DatoFOR-2005-03-31-282
PublisertII 2005 hefte 2
Ikrafttredelse07.04.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forLom og Skjåk kommunar, Oppland.
HjemmelLOV-2002-06-14-20-§28, FOR-2002-06-26-847.
Kunngjort07.04.2005
KorttittelForskrift om feiegebyr, Lom og Skjåk

Kapitteloversikt:

Fastsett av Lom kommunestyre 31. mars 2005 og Skjåk kommunestyre 10. mars 2005 med heimel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 28 og forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.

I. Generelle føresegner

Heimelshavar til eigedom er gebyrpliktig for teneste med feiing og tilsyn levert av Lom og Skjåk Brannvesen.

Tilhøvet mellom gebyrpliktig og kommunane er regulert gjennom lov og forskrifter, eventuelle lokalt reglement og tenestedeklarasjonar.

Dei viktigaste dokumenta er lista opp nedanfor:

-Lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsloven).
-Forskrift 26. juni 2002 nr. 847 om brannforebyggende tiltak og tilsyn.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra den gebyrpliktige skal betale for feie- og tilsynstenestene Lom og Skjåk Brannvesen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle gebyrpliktige i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar
-Gebyrpliktig:
-Eigar/festar av bustadeigedom og næringseigedom med overnatting som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer) med pipe og eldstad som er i bruk.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

-Bustadeining:

Ei eining i denne forskrifta betyr ei bueining (til dømes i eit burettslag). Med bueining meiner ein bustad med eitt eller fleire rom og med eigen inngang, samt pipe og eige eldstad.

-Næringseining:

Næringsverksemd utan overnatting og institusjonar er ikkje pålagt feiing gjennom Lom og Skjåk Brannvesen.

-Fritidshus/hytter/sætrer:

Fritidshus/hytter/sætrer er ikkje pålagt feiing gjennom Lom og Skjåk Brannvesen.

-Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for feiing og tilsyn i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

-Tenestedeklarasjon (ikkje utarbeidd):

Eit dokument som gjer greie for rettane og pliktene til gebyrpliktige og kommunen, kva som skjer når desse ikkje blir etterlevd og kva for høve til å klage som finst.

II. Gebyr feiing og tilsyn

§ 4.Fastsetting av gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både feiing og tilsyn:

-Kategori 1 - Bustadeining med feiing kvart år og tilsyn kvart 4. år.
-Kategori 2 - Bustadeining med feiing kvart 2. år og tilsyn kvart 4. år.
-Kategori 3 - Feiing av ekstra pipe innanfor same brukseining (gjeld alle kategoriar).
-Kategori 4 - Næringsverksemd og institusjonar - gebyr for feiing utan tilsyn.
-Kategori 5 - Næringsverksemd og institusjonar - gebyr for feiing med tilsyn.
-Kategori 6 - Ekstra feiing tinga av heimelshavar.
§ 5.Fastsetting av betalingsplikt for gebyrtypar
-Bustadeigedom og næringseigedom med overnatting er betalingspliktig - jf. forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn.
-Fritids-/hytte-/sætereigedom samt næringseigedom og institusjonar som tingar feiing er betalingspliktig.
-Eigedom som tingar ekstra feiing har betalingsplikt.
-Kategori 1 - Bustadeining med feiing kvart år og tilsyn kvart 4. år.
-Kategori 2 - Bustadeining med feiing kvart 2. år og tilsyn kvart 4. år.
-Kategori 3 - Feiing av ekstra pipe innanfor same brukseining (gjeld alle kategoriar).
-Kategori 4 - Næringsverksemd og institusjonar - gebyr for feiing utan tilsyn.
-Kategori 5 - Næringsverksemd og institusjonar - gebyr for feiing med tilsyn.
-Kategori 6 - Ekstra feiing tinga av heimelshavar.
§ 6.Avvik i årsgebyret

(NB! Skal fastleggjast seinare gjennom tenestedeklarasjon).

§ 7.Pålegg om utbetring

Lom og Skjåk Brannvesen kan gje heimelshavar pålegg om tiltak og utbetring i medhald av lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenet redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsloven) og forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn.

§ 8.Innbetaling av gebyr

Gebyrpliktig er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for gebyr til gebyrpliktig/heimelshavar.

Gebyr blir innkravd i medhald av gjeldande innkrevjingsrutiner for eigedomsgebyr i kommunen.

Mellombels ikkje-bruk av pipe og eldstad gjev ikkje grunnlag for fritak for å betale gebyr.

Ikkje-bruk må vera for eit tidsrom på meir enn eitt år.

Etter søknad kan kommunen da gje fritak for gebyr når gebyrpliktig/heimelshavar fysisk har kopla frå eldstad frå pipe.

Ved innvilga søknad om fritak opphøyrer gebyrplikta når skriftleg melding/stadfesting om fråkopling ligg føre.

Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting av eldstad dekkjast fullt ut av den gebyrpliktige/heimelshavar.

III. Avsluttande føresegner

§ 9.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på gebyr for feiing og tilsyn er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 10.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av Lom og Skjåk Brannvesen.

§ 11.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyras storleik er forskrift og vedtas av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 12.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft ved kunngjering i Norsk Lovtidend.