Forskrift om innsamling av avfall frå hushald og fritidsbustader, Fjell kommune, Hordaland.

DatoFOR-2005-06-16-647
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjell kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83
Kunngjort23.06.2005
KorttittelForskrift om innsamling av avfall, Fjell

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fjell kommunestyre 16. juni 2005 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 30, § 34, § 37, § 79 og § 83.

I

§ 1.Føremål

Forskrifta omfattar sortering, oppbevaring, innsamling, transport, gjenvinning og anna sluttdisponering av avfall, og skal sikre ei miljømessig forsvarleg innsamling og handsaming av avfall frå hushald og fritidsbustader i Fjell kommune innanfor dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter. Forskrifta gjeld også fastsetting av avfallsgebyr.

§ 2.Plikt til å betale avfallsgebyr

I medhald av lov om vern mot forureining og om avfall, § 34, skal kommunen fastsette gebyr til dekning av kostnader som er knytt opp til avfallssektoren, her under innsamling, transport, mottak, oppbevaring, handsaming, etterkontroll m.m. Kostnadane skal fullt ut dekkjast inn gjennom gebyra. Med kostnader meiner ein både kapital- og driftskostnader. For avfall som kommunen har plikt til å samle inn, ta i mot og/eller handsame etter § 29, § 30 eller § 31 må gebyra ikkje overstige kommunen sine kostnadar.

§ 3.Definisjonar
-Abonnent:
-Eigar eller festar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga.
-Abonnementeining:

Ei slik eining kan definerast på ein av følgjande måtar:

a:Eit hus som er definert som bustad i GAB-registeret.
b:Eit husvære (leilegheit) som er definert som bustad i GAB-registeret eller der kjøken tilhøyrer bueininga, enten åleine eller delt mellom fleire bueiningar.
c:Privat eller offentleg verksemd som utøver aktivitet på ei fysisk adresse og som er med i den kommunale renovasjonsordninga.
d:Ei hytte/fritidshus eller fritidshusvære med bruksareal på meir enn 20 m² , der bruksareal er definert som i «Norsk Standard 3940, Areal- og volumberekning av bygningar».
e:Ei permanent oppsett campingvogn. Med permanent vert her meint oppstilling i 3 månader eller meir.

Med heimel i forureiningslova kan og andre bueiningar som skapar hushaldningsavfall definerast som ei abonnementseining.

-Avfall frå hushald:

Vanleg avfall («boss») som oppstår i hushald og større gjenstandar som kassert inventar o.l. frå hushald, jamfør SFT sin rettleiar.

-Behaldar:

Oppsamlingseining for avfall som FjellVAR stiller til rådvelde for abonnentane.

-Behaldarvolum:

Effektivt volum i liter eller kubikkmeter i oppsamlingsbehaldarane.

-Fellesbehaldar:

Oppsamlingseining som vert stilt til rådvelde for meir enn ein abonnent.

-FjellVAR:

Fjell vatn, avløp og renovasjon er eit aksjeselskap som Fjell kommune eig.

-Fraksjon:

Ein einsarta del av avfallet som til dømes glas, papir, papp, våtorganisk avfall m.m.

-Gebyr:

Den summen som abonnenten må betale for renovasjonen. Storleiken på gebyret vert fastsett av kommunestyret.

-Gjenvinningsstasjon:

Ein stad som er tilrettelagt for mottak av visse deler av avfallet frå hushald som på grunn av storleik, type eller mengde ikkje kan leverast i dei oppsamlingseiningane som er plasserte hos abonnentane (møblar, store deler metallavfall, hageavfall, pappemballasje, kvitevarer, trevirke m.m.).

-Hentestad/samleplass:

Den staden der abonnenten plasserer behaldar eller anna oppsamlingseining for tøming eller henting.

-Heimekompostering:

Ei ordning der abonnenten inngår ein skriftleg avtale med FjellVAR om at han/ho sjølv vil gjenvinne ein nærare spesifisert del av avfallet frå hushald. Avtalen skal regulere type behandlingseining, eigedom, type avfall, økonomiske vilkår og sanksjonar ved brot på avtale.

-Hytte/fritidshus/fritidshusvære:

Bygg/husvære som ikkje vert nytta som heilårsbustad, men som periodevis vert nytta eller kan nyttast til fritidsbruk. Campinghytter/utleigehytter kan også definerast som fritidshus.

-Køyreveg:

Ein veg som tilfredsstiller krava i denne forskrifta.

-Oppstillingsplass:

Den plassen der abonnenten har sin behaldar eller anna innsamlingseining for dagleg bruk.

-Problemavfall/risikoavfall:

Smittefarleg, skjerande eller stikkande avfall frå lækjarkontor eller liknande som skal haldast fråskilt frå anna avfall. Slikt avfall skal aldri leverast i avfallsbehaldarane.

-Næringsavfall:

Avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar, jamfør SFT sin rettleiar.

-Renovatør:

Personell som samlar inn og transporterer avfall eller slam etter oppdrag frå FjellVAR.

-Returpunkt:

Ubemanna lokalt mottak ved forretningssenter, bensinstasjonar eller liknande, der publikum kan levere ein eller fleire fraksjonar av avfall til gjenvinning.

-Restavfall:

Den delen av avfallet som er att etter at avfall til gjenvinning, farleg avfall og problemavfall er sortert ut.

§ 4.Kommunal innsamling av avfall frå hushald og fritidsbustader

Fjell kommune har med heimel i forureiningslova innført tvungen innsamling av avfall frå hushald/hytter. Kommunen kan sjølv stå for innsamling av hushaldningsavfall, eller setje dette arbeidet ut til andre etter avtale. Ingen må samle inn hushaldningsavfall til gjenvinning utan samtykje frå kommunen/FjellVAR.

Alle eigedomar med bygningar som vert nytta til bustad er pliktig til å ta del i den kommunale renovasjonsordninga og betale for hushaldsrenovasjon. Alle husstandar på ein eigedom skal betale gebyr.

Alle eigedomar med bygningar som vert nytta til fritidsbustad er pliktig til å ta del i den kommunale renovasjonsordninga og betale for hytterenovasjon.

Avfall som ikkje er omfatta av den kommunale renovasjonsordninga skal eigar sjølv sørgje for vert bortkjørt til offentleg godkjent avfallsmottak.

Kommunen/FjellVAR kan etter grunngjeven søknad, og eventuelt etter at kommunehelseansvarleg har uttalt seg, gje dispensasjon for særskilde eigedomar. Det kan utarbeidast eigen instruks for fritaksgrunnar.

Kommunen har eiga ordning for mottak av farleg avfall frå hushald og mindre verksemder. Slikt avfall skal sorterast ut og ikkje leverast saman med vanleg hushaldningsavfall. Kommunen/FjellVAR kan ved generelle vilkår eller i det einskilde tilfelle stille krav til den enkelte abonnent om kjeldesortering og leveringsmåte for ulike deler av hushaldningsavfallet.

§ 5.Fjell kommune og FjellVAR sine plikter

Gjennom FjellVAR stiller kommunen naudsynt tal behaldarar og høveleg behaldarvolum til rådvelde for abonnenten. Dette gjeld behaldarar for restavfall, våtorganisk avfall og papir. Behaldar for restavfall som er levert ut før 1. januar 2005 er abonnenten sin eigedom. Behaldarar for våtorganisk avfall og papir, og behaldarar for restavfall som vert levert ut etter 1. januar 2005 tilhøyrer FjellVAR. Alle behaldarar som FjellVAR eig skal følgje eigedomen. Minste behaldarstorleik er 120 liter.

Kommunen/FjellVAR skal tøme avfall som følgjer:

-Våtorganisk avfall vert henta kvar 14. dag heile året med unntak av sommarmånadene då det er henting kvar veke.
-Papir vert henta kvar 4. veke.
-Restavfall vert henta kvar 14. dag.

Intervalla kan fråvikast i situasjonar med streik, samt ved rørlege heilagdagar, og ved andre spesielle høve som FjellVAR ikkje har herredøme over.

FjellVAR sørgjer for utlevering av posar for matavfall.

Renovatøren er pliktig til å ta med avfall som er lagt i behaldar, såframt krava i § 6 og kravet om kjeldesortering i § 7 er oppfylt.

Innsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt o.l. Etter tøming skal renovatøren setje behaldaren tilbake til hentestaden med lukka lok og han skal fjerne eventuelt søl frå tøminga.

Renovatøren skal nytte eventuell etablert sikring for å hindre behaldarar å kome på avvegar i vind m.m.

For rekkjehus, blokker, seksjonerte eigedomar, burettslag og liknande tett busetnad, samt for mindre grender og for utleigehytter i permanent utleige, kan FjellVAR påleggje fleire abonnentar eller abonnementeiningar, å bruke fellesbehaldarar.

Fellesbehaldarar som er knytt til særskilde brukarar som nemnt over, er desse brukarane sitt ansvar. FjellVAR skal halde abonnentane orienterte om alle endringar i abonnementsforhold.

Ekstra sekk med avgift for tøming inkludert, kompostbingar og ekstra matavfallsposar vert seld til fastsett pris.

§ 6.Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal nytte dei behaldarar for hushaldningsavfall som er bestemt av kommunen/FjellVAR.

Avfallsbehaldarar skal setjast fram til vegen der bossbilen køyrer kvelden før henting eller seinast kl. 06.00 om morgonen hentedagen. Tomme behaldarar skal ikkje stå att ute ved vegen. Den som leverer avfallet lyt sjølv syte for løyve hjå grunneigar til å plassere avfallet ved køyreruta.

Avfall som er sett ved sida av avfallsbehaldarar i plastsekker og liknande vert normalt ikkje henta av renovatøren.

Kundane skal halde det ryddig og reint omkring avfallsbehaldarane. Ved stort snøfall skal oppstillingsplass for behaldarane ved køyreruta ryddast for snø.

Dersom krav i forskrifta ikkje vert oppfylt, skal renovatør gje melding om årsaka til dette.

§ 7.Reglement for sortering

Alle husstandar pliktar å sortere avfallet. I tillegg til utsortering av papir og våtorganisk avfall, skal glas og hermetikkemballasje leverast på returpunkt og anna avfall som kan gjenvinnast skal leverast på gjenvinningsstasjon eller til forhandlar (EE-avfall o.l.) 

Behaldar med brunt lokk - våtorganisk avfall:

Matrestar, organisk ureina papir (ikkje oljesøl), samt mindre mengder med hageavfall, lauv, kvist og liknande (ikkje støvsugarposar). Avfallet skal pakkast i bioposar eller komposterbare papirposar så langt råd er. 

Behaldar med blått lokk - papp, papir og returkartong:

Papp/papir, som t.d. aviser, vekeblad, reklamemateriell, tidsskrift, innpakkingspapir, papirposar, papirsekker, pappeske m.m. Drikkekartongar skal skyljast, brettast i saman og pakkast i ein vanleg plastbærepose. 

Plastsekk for plastemballasje:

Plastflasker, plastkanner, plastøskjer, plastboksar, plastbeger, folie og bereposar skal opp i plastknytesekken. Plasten skal vere godt skylt og tørka før den vert lagt opp i plastknytesekken. Sekken skal vere heilt full og knytt godt att før den vert sett ut for tømming.

Dette skal ikkje opp i plastknytesekken: Plastflasker/kanner det har vore farleg avfall på, slik som oljekanne, spylarvæske, frostvæske, sprøytemiddel m.m., samt tilgrisa plast og plast som ikkje er emballasje (t.d. leikar, hagemøblar, kulepennar og liknande).

Plastknytesekken skal setjast ut i lag med dunken med blått lokk for papp, papir og returkartong. 

Behaldar med grønt lokk - restavfall:

Det resterande avfallet frå hushaldet inkludert støvsugarposar og bleier, skal leggjast i behaldar med grønt lokk. Avfallet skal pakkast i plastbæreposar så langt råd er. Større gjenstandar som det ikkje et plass til i behaldaren skal leverast til gjenvinningsstasjonen.

Lokket på alle behaldarane skal lukkast tett til og avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldarane lett kan tømast.

Sorteringsreglane kan til ei kvar tid endrast av FjellVAR etter førehands informasjon til abonnenten.

Dersom det vert oppdaga at behaldarar vert nytta til andre avfallsfraksjonar enn det dei var tiltenkt, skal desse behaldarane merkast med informasjon om at dersom slik feilsortering gjentek seg, vil behaldaren ikkje verte tømt.

§ 8.Heimekompostering

Kundar med eige hageareal kan inngå avtale med FjellVAR om heimekompostering. Det er ein føresetnad at komposteringa skjer på ein hygienisk tilfredsstillande måte. Komposteringa må skje i ein isolert behaldar som er godkjend av Fjell kommune/FjellVAR, og restavfall skal ikkje innehalde mat- og hageavfall. Abonnenten må sjølv stå for innkjøp av kompostbingen. FjellVAR sel ein type binge.

Alle som har inngått kontrakt om heimekompostering pliktar å fylgje dei krav som er stilt der.

Ved brot på avtalen kan FjellVAR sei opp denne og pålegge abonnenten å bruke ordning med ordinær innsamling av våtorganisk avfall.

Opp til tre hushald kan dele på ein kompostbinge med vanleg storleik på om lag 200 liter. Kvart hushald må likevel skrive kontrakt med kommunen om dette.

§ 9.Plassering av behaldar

På oppstillingsplassen hos abonnenten skal behaldaren plasserast slik at han ikkje er til ulempe for nabo med omsyn til søl, og slik at han så langt råd er, er verna mot vind og vèr og åtak frå skadedyr/rotter/fugl m.m.

Hentestaden/samleplassen skal vere ved køyreveg. FjellVAR har rett til å fastsetje hentestad/samleplass. På hentestaden/samleplassen skal behaldaren plasserast lett tilgjengeleg på eit flatt og fast underlag i bakkenivå. Det skal setjast av tilstrekkeleg areal til plassering og handtering av behaldarar. Tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjere tøminga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar, brøytekantar osb. Om nødvendig skal brukaren syte for sikringsordningar som skal hindre at behaldaren vert flytta eller velta av vind el.l. Sikringsordninga skal likevel ikkje vere til hinder for renovatøren sitt arbeid.

FjellVAR kan krevje at fleire kundar nyttar felles hentestad/samleplass. Ansvaret for brøyting, reinhald osv. av ein slik hentestad/samleplass kviler på abonnentane/fellesskapet som nyttar hentestaden/samleplassen.

§ 10.Krav til køyreveg

Bruk av privat veg eller privat fellesveg som køyreveg for renovasjon skal godkjennast av FjellVAR. Slike vegar skal vere køyrbare for større køyrety og ha vegbredde på minimum 3,0 meter, og tole akseltrykk på 8 tonn.

Køyrevegen skal anten ha snuplass eller vere gjennomgåande og renovasjonsbilane skal kunne køyre henterutene på ein lovleg og forsvarleg måte. Om vinteren må vegen og eventuell snuplass vere brøytt og om naudsynt strødd.

Vegdekket skal heile året vere tilfredsstillande vedlikehalde. Dersom tilkomsten vert hindra av parkerte bilar, manglande vedlikehald, buskar og trær og/eller manglande snøbrøyting eller liknande, er abonnenten pliktig til å bringe avfallet fram til renovasjonsbilen, eller ta vare på avfallet på ein forsvarleg måte til neste hentedag.

§ 11.Hytter

FjellVAR er ansvarleg for utsetting av behaldarar for hytterenovasjon. Desse er, så langt det let seg gjere, plassert i nærleiken av dei stadane det er hytter. Avfallet frå hytter på øyer utan vegsamband kan leverast på kaiar der det er sett ut behaldarar for hytterenovasjon. Behaldarar for hytterenovasjon skal ikkje nyttast av fastbuande.

Det er ikkje krav om kjeldesortering for fritidsbustader, men papir, glas og metallemballasje bør leverast på returpunkta. Alle hyttekundane kan levere avfall til gjenvinningsstasjonen.

Hytteavfallet vert henta ein gong kvar veke i vinterhalvåret og to gonger kvar veke i sommarhalvåret. Enkelte behaldarar vert henta to gongar i veka heile året.

§ 12.Verksemder og institusjonar

Verksemder og institusjonar kan, dersom dei ynskjer det, ta del i den offentlege renovasjonsordninga. Dersom ikkje dette tilbodet vert nytta, pliktar ein å nytte andre godkjende mottakarar av respektive typar avfall. Definisjonen av kva som er hushaldningsavfall og næringsavfall vert gjort med tilvisning til forureiningslova og SFT sin rettleiar.

Verksemder og institusjonar skal ikkje betale renovasjonsgebyr til kommunen dersom dei ikkje nyttar nokon av renovasjonstenestene. Verksemder og institusjonar kan mot betaling få levere mindre mengder avfall til gjenvinning på gjenvinningsstasjonen på Eide. Verksemder og institusjonar kan ikkje nytte gjenvinningsstasjonen på Straume.

Verksemder og institusjonar må sjølv halde oppsamlingsutstyr for restavfall og papir. FjellVAR set ut eigne behaldarar for våtorganisk avfall til dei som treng det. Alle behaldarar skal vere av ein type som er godkjend av FjellVAR. Ved nedlegging av verksemd skal behaldar for våtorganisk avfall leverast attende til FjellVAR.

Verksemder og institusjonar kan få oftare henting enn det som er vanleg dersom renovatøren i samråd med FjellVAR kan få dette til i køyreplanen. Kundar som leverer komprimert avfall skal betale 3 gonger meir i volumgebyr enn dei som ikkje nyttar komprimator.

Avfallsbehaldar skal vere tilgjengeleg for renovatøren seinast kl. 06.00 om morgonen hentedagen.

§ 13.Fastsetjing og betaling av gebyr

Det skal betalast gebyr for renovasjonsordninga etter særskilt regulativ.

For å medverke til reduksjon i avfallsmengd og auka gjenvinning, fastset kommunestyret eige gebyrregulativ som er basert på differensierte gebyr.

Det årlege gebyret vert rekna ut i frå følgjande inndeling:

-Grunngebyr
-Volum på behaldar
-Tømehyppigheit.

Ansvaret for at gebyret vert betalt i rett tid kviler på eigar av hus, hytte, verksemd eller institusjon. Dersom det er fleire husstandar på ein eigedom (gjeld hyblar/hageleilegheiter og liknande), skal alle husstandar betale grunngebyr, medan volumgebyr vert rekna utifrå talet på behaldarar som vert nytta. Det er mogleg å dele på behaldarar for våtorganisk avfall som skal til sentralkompostering, men det vert ikkje gitt reduksjon i gebyret for dette.

Fråflytta hus skal reknast som fritidsbustad med omsyn til renovasjonsordninga. Det vert berre gjeve fritak etter skriftleg søknad der det kan stadfestast at huset ikkje vert nytta til bustadføremål.

Husstandar på øyer utan kommunal innhenting av avfall skal betale gebyr som for hytterenovasjon. Dersom desse husstandane har eigne behaldarar tilgjengeleg for renovatøren langs køyreruta, skal dei likevel betale som for vanleg husstand.

§ 14.Utrekning av gebyr

I samsvar med forureiningslova sin § 34 skal kommunen fastsetje gebyr som dekker alle kostnader som kommunen/FjellVAR har med renovasjonsordninga.

FjellVAR kjem med framlegg om gebyrstorleik til kommunen ein gong kvart år. Kommunestyret vedtek gebyrregulativ og fastset gebyr.

Kommunestyret avgjer vidare om det skal krevjast inn gebyr frå privatkundar for bruk av gjenbruksstasjonen og kor store desse gebyra eventuelt skal vere.

For nye kundar vert gebyret rekna frå og med den 1. i månaden etter at abonnenten er innmeldt til den tvungne renovasjonsordninga. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til siste dag i den månaden tenesta sluttar.

§ 15.Innkrevjing av gebyr og renter

Avfallsgebyr med tillegg av renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av renovasjonsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande. Fjell kommune/FjellVAR fakturerer den einskilde abonnent for renovasjonsgebyret. Eigaren/heimelshavaren til eigedommen er ansvarleg ved for sein betaling eller anna misleghald, men då først etter at han har fått naudsynt varsling.

§ 16.Sakshandsaming/klage

Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak følgjer retningslinene i kap. IV-VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til FjellVAR, og fristen til å klage er 3 veker.

Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert den oversendt til styret i FjellVAR som skal gjere endeleg vedtak.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 17.Sanksjonar

Dersom det viser seg at ein abonnent har for lite behaldarvolum, slik at det er fare for at avfallet vert disponert i strid med forskrifta, kan Fjell kommune/FjellVAR påleggje abonnenten det behaldarvolumet som ein finn føremålstenleg.

Dersom det viser seg at ein abonnent ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige einingar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan Fjell kommune/FjellVAR ileggje ekstragebyr frå den datoen som eininga(ne) vart gebyrpliktig(e).

Dersom dette tidspunktet ikkje kan dokumenterast, vert abonnenten automatisk ilagt gebyr frå eit år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

Fjell kommune/FjellVAR kan for abonnenten si rekning påleggje ekstra henting av avfall som ikkje er sortert i samsvar med gjeldande ordningar for avfall til materialgjenvinning, eller henting av avfall som på annan måte er plassert i strid med denne forskrifta. Abonnenten er t.d. ansvarleg for opprydding av avfall som er plassert utanfor behaldar eller fellesbehaldar. Fjell kommune/FjellVAR kan nytte innhaldet i avfallet til å identifisere kven som er ansvarleg for feilsortering, feilplassering o.l.

Pålegg om opprydding m.m. og betaling vert handsama i samsvar med § 37 i forureiningslova.

Utover dette kan brot på forskrifta bli straffa med bøter etter forureiningslova § 79.

§ 18.Dispensasjon

Fjell kommune/FjellVAR kan etter søknad gje dispensasjon frå § 3, 1. ledd og § 7 og § 8.

Uttale vert henta inn etter behov.

Abonnenten pliktar å informere Fjell kommune/FjellVAR dersom grunnlaget for tildelt dispensasjon vert endra. Det kan stillast vilkår for dispensasjonen. Vilkåret må i tilfelle ligge innafor føremålet med denne forskrifta.

§ 19.Tilhøve til helseforskrifter

Dei lokale helsestyresmaktene har ansvar for å sjå til at handtering av avfall skjer i samsvar med helseforskrifta om oppbevaring av avfall, og kan på sjølvstendig grunnlag fastsetje vilkår som sikrar hygienisk oppbevaring og disponering av avfallet.

All handtering av avfall etter denne forskrifta skal skje i samsvar med sentrale og lokale helsestyresmakter sine retningslinjer og vilkår.

II

Forskrifta tek til å gjelde 1. juli 2005.