Forskrift om tøming av private slamavskiljarar, Fjell kommune, Hordaland.

DatoFOR-2005-06-16-649
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjell kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort23.06.2005
KorttittelForskrift om private slamavskiljarar, Fjell

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fjell kommunestyre 16. juni 2005 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven), § 26, § 30 og § 34.

I

§ 1.Føremål

Forskrifta skal sikre ei miljømessig forsvarleg innsamling og handsaming av slam frå private slamavskiljarar i Fjell kommune innanfor dei til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter. Forskrifta gjeld også fastsetting av tømegebyr.

§ 2.Omfang

Forskriftene gjeld for heile Fjell kommune, med følgjande unntak:

1.Veglause grender, øyar og eigedomar som ikkje har samband med offentleg vegnett.
2.Eigedomar der:
a)Tømetanken ligg lenger enn 100 m frå køyrbar bilveg.
b)Tømetanken ligg lågare enn 25 m frå køyrbar bilveg.
3.I område der eigedomane er direkte tilknytt offentleg avløpsnett.

Forskriftene fastset reglar for tøming av mindre reinseanlegg som slamavskiljarar og andre slamtankar for sanitært avløpsvatn og overvatn.

Alle naudsynte slamavskiljarar/tankar skal vere med i ordninga. Som naudsynte slamavskiljarar, og tette tankar m.m. vert rekna:

-Septiktankar og andre slamtankar for avslamming av sanitært avløpsvatn som ikkje er tilknytt offentleg avløpsnett.
-Septiktankar og andre slamtankar tilknytt offentleg avløpsnett som ikkje er tilknytt reinseanlegg.
-Septiktankar og andre slamtankar som av andre årsaker vert å rekna som naudsynte.
-Tette oppsamlingstankar med uhandsama avløpsvatn.

§ 4 og § 7 i forskrifta gjeld ikkje for ikkje naudsynte slamavskiljarar.

Med ikkje naudsynte slamavskiljarar/tankar meiner ein anlegg der avløpsvatnet vert leia gjennom slamavskiljarar til godkjent reinseanlegg/utslepp, eller slamavskiljarar/tankar som av andre årsaker vert sett på som ikkje naudsynte.

Forskriftene gjeld ikkje oljeutskiljarar og oppsamlingstankar for industriavløpsvatn, eller liknande ikkje-sanitært avløpsvatn.

§ 3.Utkopling av slamavskiljar/tank

Fjell kommune/FjellVAR kan i medhald av forureiningslova § 26, 5. ledd, krevje at ikkje naudsynte slamavskiljarar vert utkopla.

§ 4.Ordinær tøming av slamavskiljar

For eigedomar med fast busetnad skal slamavskiljaren tømast 1 gong kvart 2. år. For eigedomar med fritidshus skal slamavskiljaren tømast 1 gong kvart 4. år. Tette oppsamlingstankar og minireinseanlegg skal tømast når det er trong for dette og då etter oppmoding frå abonnenten.

Det same gjeld for ikkje naudsynte slamavskiljarar. I særlege høve kan FjellVAR fastsetje andre tidsintervall mellom kvar tøming.

§ 5.Ekstra tøming av slamavskiljar

Dersom det vert trong for ekstra tøming av slamavskiljar (hyppigare enn 1 gong kvart 2. år), kan Fjell kommune/FjellVAR kontakte operatør som sørgjer for tøming på kort varsel. Abonnenten må sjølv dekke kostnaden med slik ekstratøming, som vil verte fakturert direkte frå operatør til abonnent.

§ 6.Fjell kommune og FjellVAR sine plikter

Fjell kommune/FjellVAR, eller den Fjell kommune/FjellVAR gjev løyve, skal utføre tøming av slamavskiljarar, tette tankar m.m. i medhald av desse forskriftene. Tøming vert utført etter reglane i § 4. Skriftleg varsel om tøming vert gjeve til huseigar minst ei veke før tøming skjer. Tøminga skal utførast slik at oppsitjarane ikkje vert unødig plaga av støy eller lukt. Anlegget skal etterlatast i lukka stand. Grinder, portar og dører skal lukkast og eventuelt låsast. Fjell kommune/FjellVAR, eller den Fjell kommune/FjellVAR gjev løyve til, pliktar å ta imot alt kloakkslam i kommunen.

§ 7.Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømast er lett tilgjengeleg for tøming med bil. Overdekking av kumlokk med snø, is, jord eller liknande skal fjernast av abonnenten før tøming skjer. Vedkomande som tømer har rett til å plassera naudsynt utstyr på eigedomane for å få utført tøminga. Renovatøren må også ha tilgang til trykkvatn for spyling av utstyr og tank.

§ 8.Fastsetjing og betaling av gebyr

Det skal betalast gebyr for tøming av slamavskiljar etter særskilt regulativ.

Ansvaret for at gebyret vert betalt i rett tid kviler på eigar av hus, hytte, verksemd eller institusjon. Dersom fleire hus er knytt til ein større felles slamavskiljar, skal det betalast gebyr for kvart hus som er tilknytt.

Fråflytta hus skal reknast som fritidsbustad med omsyn til ordninga for tøming av slamavskiljar. Det vert berre gjeve fritak etter skriftleg søknad der det kan stadfestast at huset ikkje vert nytta til bustadføremål.

§ 9.Utrekning av gebyr

I samsvar med forureiningslova sin § 34 skal kommunen fastsetje gebyr som dekkjer alle kostnader som Fjell kommune/FjellVAR har med å tøme slamavskiljaren og ta hand om slammet.

FjellVAR kjem med framlegg om gebyrstorleik til kommunen ein gong kvart år. Kommunestyret vedtek gebyrregulativ og fastset gebyr.

For nye kundar vert gebyret rekna frå og med den 1. i månaden etter at FjellVAR har fått melding frå røyrleggjar om at slamavskiljar er etablert. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til siste dag i den månaden slamavskiljar eventuelt vert fråkopla.

Abonnentar som er pålagt å nytte slamavskiljar i tillegg til at dei er tilknytt offentleg kloakkleidning vert fritekne for å betale for tøming.

Abonnentar med ikkje naudsynte slamavskiljarar, lukka tankar og minireinseanlegg betaler direkte til firmaet som utfører tøminga.

§ 10.Innkrevjing av gebyr og renter

Gebyr for tøming av private slamavskiljarar med tillegg av renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av renovasjonsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande. Fjell kommune/FjellVAR fakturerer den einskilde abonnent for renovasjonsgebyret. Eigaren/heimelshavaren til eigedommen er ansvarleg ved for sein betaling eller anna misleghald, men då først etter at han har fått naudsynt varsling.

§ 11.Sakshandsaming/klage

Avgjerd etter denne forskrifta som er einskildvedtak følgjer retningslinene i kap. IV-VI i forvaltningslova. Slike vedtak kan påklagast. Klagen skal sendast til FjellVAR, og fristen til å klage er 3 veker.

Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert den oversendt til styret i FjellVAR som skal gjere endeleg vedtak.

Storleik på gebyra (gebyrregulativet) blir fastsett av kommunestyret. Dette er ei forskrift som ikkje kan påklagast, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 12.Sanksjonar

Dersom det viser seg at ein abonnent ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige einingar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan Fjell kommune/FjellVAR ileggje ekstragebyr frå den datoen som eininga(ne) vart gebyrpliktig(e).

Dersom dette tidspunktet ikkje kan dokumenterast, vert abonnenten automatisk ilagt gebyr frå tre år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

§ 13.Dispensasjon

Fjell kommune/FjellVAR kan etter søknad gje dispensasjon frå § 2. Uttale vert henta inn etter behov.

Abonnenten pliktar å informere Fjell kommune/FjellVAR dersom grunnlaget for tildelt dispensasjon vert endra. Det kan stillast vilkår for dispensasjonen. Vilkåret må i tilfelle ligge innafor føremålet med denne forskrifta.

II

Forskrifta tek til å gjelde 1. juli 2005.