Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Fræna kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2005-06-20-702
PublisertII 2005 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forFræna kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort30.06.2005
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Fræna

Kapitteloversikt:

Fastsett av Fræna kommunestyre 20. juni 2005 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

I

I. Generelle føresegner

Kommunen sine abonnentar betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover, forskrifter og lokale reglar og regulativ.

Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

-Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning,
-Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Fræna kommune (dette dokumentet)
-Gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune
-Reglar for tilknyting
-Reglar for bruk av vassmålar
-Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder).
§ 1.Forskrifta sitt føremål

Forskrifta gjev reglar om utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene som kommunen leverer.

§ 2.Forskrifta sitt verkeområde

Forskrifta gjeld alle kommunen sine abonnentar, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer) som er tilknytt kommunal vass- og/eller avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning. Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka, men der festaren eig bygningane som er plassert på tomta, og utøvar festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad), kan det vere avtalt at annan enn festar skal vere abonnent.

Eigar/festar av eigedom som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningsloven har kravd tilknytt kommunal vass- og/eller avlaupsleidning. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekkje dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avlaupstenester. 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla)

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avlaupstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via ein felles privat stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter målt eller stipulert forbruk. 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte. 

Gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester:

Prisoversikt for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Forretningsverksemd. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet eller tal på dyr for gardsbruk. 

Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avlaupstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avlaupsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avlaupstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting
-Tilleggsgebyr.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avlaupstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avlaupstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsnett.

Eingongsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong. Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det blir ekstra høge eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

Ved gjenreising etter brann eller naturskade, skal det ikkje betalast nytt eingongsgebyr i fall gjenreisinga skjer innan 5 år.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avlaupstenester betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Samla abonnementsgebyr for kommunale avlaupstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til avlaupstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett. 

Abonnementsgebyr

Alle abonnentar betaler ein like stor fast sum, som går fram av gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune. 

Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Gardsbruk betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk eller stipulert forbruk. Stipulert forbruk for ulike gardsbruk går fram av gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune.

Fritids-/hytteabonnentar betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ eller som ein del av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Andelen, som vil variere etter forventa brukstid, og omregningsfaktor for stipulert forbruk [ m3 /m2 ] er definert i gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune.

Andre abonnentar betaler etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³, ev. etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omrekningsfaktor for stipulert forbruk [ m3 /m2 ] er definert i gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld kommunen sine reglar for bruk av vassmålar.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativ for vass- og avlaupstenester i Fræna kommune.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avlaupsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavlaup, og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avlaupsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaup basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring. Elles gjeld tekniske og administrative avgjerder i kommunen, sjå I. Generelle føresegner.

§ 10.Pålegg om utbetring - tilleggsgebyr

Tilleggsgebyr kan ileggast der abonnenten ikkje etterkjem kommunen sine krav om utbetring av egne vass- og/eller avlaupsanlegg, der dette medfører meirkostnader for kommunen. Tilleggsgebyret blir fastsett av kommunen.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggjeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over:

-Faktura 1: Avrekning førre år basert på avlest vassmålar
-Faktura 2: A konto ca 50% av utrekna gebyr
-Faktura 3: A konto ca 50% av utrekna gebyr.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved godkjend søknad om fritak sluttar abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmynde

Enkeltvedtak etter denne forskrift blir fatta av kommunen.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra er forskrift og kommunestyret gjer vedtak, jf. kap. VII i forvaltningslova. Dette er ikkje eit einskildvedtak og kan derfor ikkje påklagast.

II

Forskrifta vert sett i kraft 1. juli 2005.