Forskrift om tømming av slamavskiljarar, privet, tette tankar mv. og gebyr for dette, Flora kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2005-06-21-1838
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse01.07.2005
Sist endret
EndrerFOR-1987-06-16
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort02.07.2009   kl. 15.10
KorttittelForskrift om tømming av slamavskiljar mv. Flora

Heimel: Fastsett av Flora bystyre 21. juni 2005 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 30, § 31, § 34 og § 85.

§ 1.Virkeområde

Vedtekta gjeld tømming av slamavskiljarar, privet, tette tankar mv. for heile kommunen. Vedtekta omfattar også gebyr for nemde slamtømming.

Kommunen skal og sørge for nødvendig anlegg for tømming av avløpsvatn frå bubilar, fritidsbåtar og for øvrig mindre flytande konstruksjonar, jamfør § 26 i forureiningslova.

§ 2.Definisjonar

Som abonnent reknar ein eigar av eigedom som inngår i den kommunale slamtømmeordninga. Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir, skal likevel festaren reknast som abonnent om ikkje anna er avtalt. Det same gjeld når festaren har rett til å få festet forlenga, slik at den samla festetid vert meir enn 30 år.

§ 3.Tvungen slamtømming

Heile kommunen har tvungen slamtømming, men tømmer berre der det er teknisk gjennomførlig.

Kommunen kan etter skriftleg søknad unnta einskilde eigedomar og områder for ordninga. Dette kan mellom anna vere ubebudde eigedomar, fjerntliggande eller vanskeleg tilgjengelege eigedomar, og der krava i forureiningslova § 28 vert stetta. Kommunen kan og på eige initiativ frita einskilde eigedomar for ordninga, dersom det er særlege grunnar for det.

§ 4.Abonnenten sine plikter

Abonnenten må sørge for at anlegga som skal tømmast er lette å kome til for tømming med bil eller anna utstyr ein disponerer til tømminga, som til dømes traktor og gyllevogn. Det må vere veg for tilkomst til tanken. For nye bygg gjeld maksimal avstand 50 m til tank og ikkje lavere enn 5 m i forhold til veg.

Overdekning av kumlokk og liknande med snø, jord osv. skal abonnenten fjerne før tømminga vert utført.

Den som tømmer anlegget skal ha rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få tømminga utført.

For tømming i øyane der ein baserer seg på slamtømming frå båt, må det etablerast fortøyingspullert eller kai som er eigna til fortøying av eigna farty. Djupna på tilflot ved kai må vere minst 3 meter. Slamavskiljaren skal plasserast i maksimal avstand til kai på 30 meter. Dersom fortøyningspunktet ikkje ligg på eigen grunn, må det sikrast tinglyst rett til å nytte denne i samband med tømming.

§ 5.Kommunen sine plikter og ansvar

Kommunen skal tømme slamavskiljarar mv. som er omfatta av denne vedtekta.

Kommunen kan gje løyve til andre å utføre tømminga. Kommunen er pliktig til å ha beredskap på krisetømming, eller sørge for at dei som har fått i oppdrag å utføre slamtømminga har slik beredskap.

Tømminga skal utførast slik at abonnenten og naboar ikkje vert unødig sjenert av lukt og støy. Når tømminga er utført skal anlegget, grinder, portar og dører vere lukka, eventuelt låst.

§ 6.Varsling

Flora kommune eller dei som har fått i oppdrag å utføre tømminga står ansvarleg for å sende varsel om når tømming skal gjennomførast. Dette kan skje gjennom pressa, eller på anna måte som kommunen finn tenleg.

§ 7.Tømefrekvens mv.

Slamavskiljarane skal tømmast ein gong kvart 2. år. Tette tankar og større fellestankar skal tømast ein gong for året, eller etter behov.

Fritidsbustader/hytter skal tømmast kvart 4. år, eller hyppigare dersom nødvendig.

Der tømmefrekvensen er fastlagt ved utsleppsløyve, vert denne lagt til grunn. I spesielle tilfeller kan kommunen bestemme ein annen tømmefrekvens.

§ 8.Kommunen sine utgifter, utlikning på abonnentane

Kommunen sine utgifter og inntekter knytt til slamtømmeordninga for eigedomar som er tilknytt off. avløpsanlegg, vert rekna som driftsutgifter for avlaupsanlegg og skal henføres til funksjon 353/354 i KOSTRA. Kostnaden vert då utlikna på alle abonnenter som etter vedtekta for avløpsgebyr skal betale årsgebyr for avløp. Avgifta vert lagt inn i dei ordinære avløpsgebyra og vert utrekna etter dei same reglane. Pr. 31. desember 2005 skal slamavgifta skiljast ut frå avløpsgebyra. Dei som er tilknytt kommunal slamavskiljar skal betale for 4,5 m³ tank (minsteavgift) når denne er tømt. Kostnader og inntekter rekneskapsførast på eigne funksjonar. For private tankar skal eigar eller festar betale etter dei satsane som til ei kvar tid gjeld pr. m³ slam. Satsane skal fastsetjast med bakgrunn i den pris som kommunen til ei kvar tid må betale for å få utført tømminga, med tillegg av 15 % administrasjonsutgifter.

I tilfelle kommunen er skuld i at ein tank ikkje vert tømd etter vedtekta, skal kommunen rette opp i forholdet. Dersom forholdet ikkje vert retta innan kort tid, skal eigar få redusert slamavgifta tilsvarande.

For ekstra tømming, utanom ordinær tømmefrekvens, kan kommunen krevje ekstra betaling etter reglane som vert nytta for private tankar.

Dersom abonnenten er skuld i at ein tank ikkje vert tømd etter vedtekta; jf. § 4, vert abonnenten kravd for ei avgift, som skal dekke tømmefirmaet sine ekstrakostnader ved frammøte.

Kommunen skal fastsetje storleiken på denne avgifta, med tillegg av 15 % administrasjonskostnader.

§ 9.Innkreving, renter mv.

Avgifta med påløpne renter og kostnader er sikra med lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av avgift, gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

§ 10.Delegering

Mynde som etter denne vedtekta er tillagt Plan- og miljøutvalet, vert delegert til rådmannen.

§ 11.Klage

Enkeltvedtak som er gjort av Flora kommune i medhald av denne vedtekta kan påklagast til Flora kommune sin klagenemnd, jamfør § 85 i forureiningslova, innan 3 veker etter at meldinga om vedtaket er motteke. Klagen vert å sende til den som fatta vedtaket.

§ 12.Straff

Overtredelse av denne vedtekta vert straffa med bøter etter forureiningslova § 79 andre ledd.

§ 13.Iverksetjing

Denne vedtekta trer i kraft frå 1. juli 2005.

Frå same tidspunkt opphevast vedtekta som er vedteken av Flora bystyre 16. juni 19871.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.