Forskrift om innkrevjing av gebyr for tilsyn med eigar av næringsavfall, Gol kommune, Buskerud.

DatoFOR-2005-06-28-864
PublisertII 2005 hefte 4
Ikrafttredelse09.07.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forGol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§52a, FOR-2003-12-05-1909
Kunngjort11.08.2005
KorttittelForskrift om gebyr for næringsavfall, Gol

Fastsett av Gol kommunestyre 28. juni 2005 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 52a og delegeringsvedtak 5. desember 2003 nr. 1909.

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld innkrevjing av gebyr til dekning av kommunen sine kostnader knytta til tilsyn av eigar av næringsavfall, som ikkje i art eller mengde skil seg vesentleg frå hushaldningsavfall, i Gol kommune.

§ 2.Plikt til å betale gebyr

Eigar av næringsavfall, som ikkje i art eller mengde skil seg vesentleg frå hushaldningsavfall, skal betale gebyr for kommunen sitt tilsyn med handtering av dette avfallet.

§ 3.Gebyr for tilsyn utført av kommunen

For tilsyn utført av kommunen skal det betalast gebyr etter medgått tid.

Satsen for medgått tid fastsettes årleg av kommunestyret gjennom gebyrregulativet for Gol kommune.

§ 4.Generelle prinsipp for berekning og fastsetjing av gebyr

Gebyra skal samla ikkje overstige kommunen sine kostnader ved tilsynsordninga.

Kommunen fastset og regulerar dei til einkvar tid gjeldande gebyrsatsar.

§ 5.Innkrevjing av gebyr, renter mv.

I etterkant av tilsynet, som skal dokumenterast gjennom ein tilsynsrapport, vil verksemda ta imot underretning frå kommunen om gjeldande gebyrsats for tilsynet.

Gebyret forfallar til betaling 30 dagar etter at verksemda har motteke skriftleg varsel om betaling.

§ 6.Unntak

Kommunen kan i einskilde tilfelle, når særskilte høve ligg føre, sette ned eller fråfalle gebyr.

§ 7.Ikrafttredelse

Forskrifta trer i kraft 9. juli 2005.