Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Eidfjord kommune, Hordaland.

DatoFOR-2005-09-19-1080
PublisertII 2005 hefte 4
Ikrafttredelse01.10.2005
Sist endret
EndrerFOR-1981-01-29
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort29.09.2005
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Eidfjord

Kapitteloversikt:

Fastsett av Eidfjord kommunestyre 19. september 2005 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensing av forurensing (forurensingsforskriften) kap. 11.

I. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avlaupstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner, regulativ og leveringsvilkår. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensing av forurensing - kap. 11.
3.Forskrift om vass- og avlaupsgebyr i Eidfjord kommune
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ
-Leveringsvilkår for vatn og avlaup
-Gjeldande vilkår for bruk av vassmålarar.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avlaupstenestene som kommunen og/eller kommunalt eigde selskap leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

Sysendalen er definert som eige avgiftssone, jf. § 5 og § 8.

§ 3.Definisjonar

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og bruker festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vere abonnent.

-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avlaupsleidning.

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avlaupstenester.

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940.

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd.

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avlaupstenester.

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning.

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert).

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte. Likt som fritidsbustad/hytte vert å rekna heilårsbustad som berre har innlagt vatn via sommarvassleidning.

Gebyrregulativet:

Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

Næringsverksemd:

Forretningsverksemd.

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune.

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet.

Tenestedeklarasjon:

Eit dokument som gjer greie for rettane og pliktene til abonnentane og kommunen, kva som skjer når desse ikkje blir etterlevd og kva for høve til å klage som finst.

Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avlaupstenestene i kommunen.

II. Vass- og avlaupsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avlaupstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avlaupstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avlaupstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsnett.

Eingongsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong. For geografisk avgrensa områder (soner) med eigne vass- og avlaupsanlegg, kan det likevel fastsetjast andre eingongsgebyr enn resten av kommunen basert på eige berekningsgrunnlag.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsetje avvikande eingongsgebyr for tilknyting dersom det blir ekstra høge eller låge kostnader ved etablering av tenesta.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyr for vass- og avlaupstenester skal betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Samla abonnementsgebyr for kommunale avlaupstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til avlaupstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyr blir differensiert etter brukarkategori. Innanfor kvar einskild gebyrsone, betalar alle abonnentar i ein brukarkategori ein like stor fast sum, som går fram av Gebyrregulativet.

-Abonnementsgebyr for næring

Betalast av næringseigedommar, offentlege verksemder og burettslag.

-Abonnementsgebyr for bolig

Betalast av andre abonnentar. 

Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Forbruksgebyret for andre abonnentar skal vera basert på målt eller stipulert vassforbruk. Kvar einskild abonnent kan velge kva for avrekningsmåte han ynskjer.

Gebyr for målt forbruk vert fastsett etter faktisk vassforbruk og pris pr. m³ .

Gebyr for stipulert forbruk vert fastsett basert på bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk er definert i Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Om forskrifta ikkje krev installering av vassmålar kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld «vilkår for bruk av vassmålarar» i kommunen.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av Gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avlaupsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavlaup og verkar fordyrande/innsparande på drift og vedlikehald av avlaupsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaup basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Tilhøve som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av Leveringsvilkår i kommunen.

Geografisk avgrensa områder (soner) med eigne vass- og avlaupsanlegg, kan ha ulike gebyr i høve til resten av kommunen, basert på eige berekningsgrunnlag og eigne satsar. Satsane i dei forskjellige sonene vil gå fram av Gebyrregulativet.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ.

Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for inntil eit år, med høve til å søkje om vidareføring.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avlaupsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureinsningslova § 7. Etter forureinsningslova § 73 kan ein gje forureinsningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureinsningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein tidfest frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, vert årsforbruket fastsett av kommunen.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som byggeløyvet blir gitt eller når eksisterande bygg har fått løyve til å knyta seg til kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over 2 terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over 2 terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphører abonnementet når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av rådmann.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket og med Eidfjord formannskap som klageinstans.

Vedtak om gebyras storleik er forskrift og vedtas av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. oktober 2005. Frå same tid vert forskrift 29. januar 19811 for vass- og kloakkavgifter i Eidfjord kommune, Hordaland oppheva.

1Ikke kunngjort i Norsk Lovtidend.