Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Stranda kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2005-10-12-1269
PublisertII 2005 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1974-05-31-17
Kunngjort10.11.2005
KorttittelForskrift om vass- og avløpsgebyr, Stranda

Kapitteloversikt:

Fastsett av Stranda kommunestyre 12. oktober 2005 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.

I. Generelle reglar

Abonnentane i kommunen skal betale for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, av lokale reglement, avgjerd, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).
3.Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Stranda kommune (dette dokumentet).
4.Andre dokument:
a.Gebyrregulativ
b.Gjeldande Normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder).
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eige festenummer/seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), eller knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig bygningane som er plassert på tomta og bruker festeretten slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det avtalast at andre enn festaren kan vere abonnent.

Eigar/festar av eigedom som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avløpsleidning. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret som skal dekke ein del av dei faste utgiftene kommunen har til vass- og/eller avløpstenester (gjeld frå den dato det blir innført). 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden. For detaljar, sjå NS-3940. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedomen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd (gjeld frå den dato det blir innført). 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Leidning eigd i fellesskap av abonnentar knytt til kommunalt leidningsnett. 

Privat stikkledning:

Leidning eigd av abonnenten som er knytt til kommunalt VA-nett. For vatn reknast leidning frå bygningsliv til kommunal leidning inklusiv anboringsklaven. For avløp reknast leidning frå bygningsliv til kommunal leidning inklusiv grenrøret. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk, målt eller stipulert (gjeld frå den dato det blir innført). 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte, eller bustad som berre har innlagt vatn via sommarvassleidning. 

Gebyrregulativet:

Gjeldande prisoversikt for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir årleg regulert av kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Forretningsverksemd. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylke eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet. 

Tenestedeklarasjon:

Eit dokument som gjer greie for rettane og pliktene til abonnentane og kommunen, kva skjer når desse ikkje blir etterlevd og informasjon om klagerett. 

Årsgebyr:

Gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avløpstenester i kommunen.

Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr (gjeld frå den dato det blir innført).

II. Vass- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting
-Tilleggsgebyr.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongs oppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett. Eingongsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong. Eingongsgebyret blir fastsett ved å multiplisere bruksareal til bygget (BRA) med einingspris i kr//m² og skal betalast ved førstegongs tilknyting. Einingsprisen kjem fram av gebyrregulativet.

For bygg/utviding på tomter/område der kommunen eller privat utbyggar krev innbetalt opparbeidingskostnader for interne permanente tekniske anlegg som er utført etter planer godkjent av delegert utval for og i samsvar med godkjent reguleringsplan/tomtedelingsplan, skal det betalast eingongsgebyr etter reduserte satsar (stikkleidning frå fellesanlegget og fram til den einskilde tomt, inkl. eventuelt stakekum på denne blir sett på som private anlegg og blir ikkje rekna med i kostnaden).

Kommunen kan fastsette avvikande eingongsgebyr for tilknyting når tilknytingen krev ekstra høge/lave kostnader, eller når eigedomen på eit seinare tidspunkt blir utbygd med tilbygg over 100 m² bruksareal.

Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilknyting av sprinklaranlegg, men alle kostnader vedrørande tilknyting og frakbobling skal betalast av eigar/fester av eigedomen.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for vass- og/eller avløp skal betalast for fast eigedom som er knytt til kommunal vass og/eller avløpsleidning, og skal reknast frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Årsgebyret blir rekna etter ein fast del og etter stipulert eller målt vassforbruk, og vatn ut (avløpsmengde) settes lik vann inn (vassforbruk). Sjå § 8. 

Stipulert vassforbruk/avløpsmengde

Alle bustadeigedommar som ikkje krev å betale årsgebyr etter målt vassmengde, skal betale etter stipulert vassforbruk / avløpsmengde. 

Målt forbruk

For alle eigedomar kor det drives næringsverksemd og offentlig verksemd skal det betalast årsgebyr etter målt forbruk og einingspris i kr/m³ .

Også eigedomar som brukast til bustadformål kan ein krevje at årsgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at årsgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

Det skal ikkje betalast årsgebyr for sprinklaranlegg.

§ 7.Installasjon og bruk av vassmålar

For installasjon, flytting og bruk av vassmålar gjeld kommunen sine bestemmingar slik dei går fram av kommunen sitt Sanitærreglement, jf. pkt. 3.9 i Administrative bestemmelser, og pkt. 1.6 i tekniske bestemmelser.

Vassmålaren er kommunen sin eigedom og bestemmer type og skal betalast etter gebyrregulativet.

Bruk av vassmålar føreset at kommunen skal ha tilgang til å kontrollere/lese av målaren.

Vassmålaren skal kontrollerast med jamne mellomrom, og avlesast ved kvart årsskifte den 31. desember. Avlest mengde skal rapporterast i løpet av 14 dagar på tilsendt måleravlesingskort. Ved manglande avlesing/rapportering som resulterer i purring ileggast det eit purregebyr. Etter tre resultatlause purringar vil kommunen krevje å få lese av måler, og i slike tilfeller blir det kravd eit tilleggsgebyr.

Purregebyr og tilleggsgebyr fastsettes i gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp bli basert på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavløp og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

Forhold som gir grunnlag for reduksjon i gebyra går fram av tenestedeklarasjonen i kommunen. (Gjeld frå den dato det blir innført.)

§ 9.Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for arbeidsbrakker og andre bygningar av mellombels art med innlagt vatn, som berre skal brukast i ein avgrensa periode.

Eigar/fester av eigedomen skal betale årsgebyr etter gjeldande regler for næringsverksemd, med avregning i forhold til den tid tilknytingen er operativ. Storleik av gebyr for næringsverksemd kjem fram av gebyrregulativet.

Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedomen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring. Elles gjeld tekniske og administrative avgjerder i kommunen.

§ 10.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Årsgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over to terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt a konto fordelt over 2 terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing skal det avtalast nytt a konto beløp.

Basert på søknad til kommunen kan abonnenten få fritak for årsgebyret, når eigedomen fysisk blir kopla frå leidningsnettet. Abonnementet vil opphøre frå meldingsdato om når anboringspunktet er plombert. Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting, med mindre det er foretatt vesentlig bygningsmessig utviding, jf. § 5 om eingongsgebyr for tilknyting.

Både fråkopling og ny tilknyting føreset ein blir utført for abonnenten sin kostnad og etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande føresegner

§ 11.Innkrevjing av gebyr

Forfalla krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedomen etter § 6-1 i pantelova. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 12.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av administrasjonssjefen eller etter eiga delegeringsvedtak.

§ 13.Klage

Når det blir fatte einskildvedtak etter denne Forskrifta, skal den/dei dette vedtaket gjeld, bli informert om den klageretten som er bestemt i Forvaltningslova kap. IV-VI. Eventuell klage blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyra sin storleik, som går fram av gebyrregulativet, reknast som føresegn, jf. § 2 fyrste ledd c) i forvaltningslova. Dette er ikkje einskilde vedtak og kan difor ikkje påklagast.

§ 14.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2006.