Vedtekter for kyrkjegardane i Gjesdal kommune, Rogaland.

DatoFOR-2006-04-06-986
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse06.04.2006
Sist endret
EndrerFOR-1984-08-20
Gjelder forGjesdal kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1996-06-07-32-§21, LOV-1996-06-07-32-§23
Kunngjort24.08.2006
KorttittelVedtekter for kyrkjegardane i Gjesdal

Fastsett av Gjesdal kommunestyre 6. februar 2006 med heimel i lov 7. juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) § 21, jf. § 23. Stadfesta av fylkesmannen i Rogaland 6. april 2006.

§ 1.Ansvar for kyrkjegardane

Gjesdal kommune forvaltar kyrkjegardane i kommunen i medhald av gravferdsloven § 23 siste ledd.

§ 2.Kyrkjegardstilhøyring

Alle som er busett i Gjesdal kommune når dei døyr kan gravleggast på den kyrkjegarden ein måtte ønske. Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet. Kommunen tilviser gravstaden innanfor valt kyrkjegard. Når avlidne har budd i ein annan kommune kan det i særskilde høve gis løyve til gravplass når dei næraste etterlatne bur i Gjesdal. Dersom den avlidne skal gravleggast i eksisterande festa gravstad treng ein ikkje særskild løyve.

§ 3.Fredningstid

Fredningstida for kiste- og urnegraver er 20 år.

Fredningstida vert rekna frå den dagen siste kiste eller urne vert sett ned i ein gravstad.

§ 4.Feste av grav

Når fredningstida er ute kan gravstaden festast fortløpande for fire år om gongen. Når det er gått 60 år etter gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan samtykke frå kommunen.

Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, eventuelt dobbel dybde, og etter godkjenning frå kommunen for ei grav ekstra i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad. Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.

Ingen kan gravleggast i festa grav utan samtykke frå festaren. Dersom festaren sitt samtykke ikkje kan innhentast, kan kommunen avgjere spørsmålet om gravlegging.

Festaren plikter å melde frå om endring av adresse. Kommunen sender krav på festeavgift kvart fjerde år innan utgangen av februar. Dersom festeavgift ikkje vert betalt etter at varsel er sendt, vert det sendt melding om at festet opphøyrer. Når festet opphøyrer fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

§ 5.Grav og gravminne

Kommunen sørger for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Gravminne kan ikkje settast opp tidlegare enn 1 månad etter gravlegging av kiste. I mellomtida set den som sørger for gravferda opp eit merke med namnet til den avlidne.

På ny festa gravstad set ein opp gravminne slik kyrkjegardsplanen viser og slikt gravminne vert ståande der til fredningstida og eventuelt festetida er utløpt.

§ 6.Plantefelt

Framføre gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt.

Kantstein omkring plantefelt, dvs. minst tre rette steinstykker som blir lagt/sett på tre sider av plantefeltet eller liggande plate framføre gravminnet, skal flukte med terrenget omkring. I fallande terreng trappes kantstein og plate i forhold til fundamentet til gravminnet. Plate og fundament skal ikkje vera same stykke. Heil eller delt plate, med eller utan hol til planter, skal leggast i drenerande masse og vera 6-8 cm tjukk. Avstand frå plantehol til ytterkant av plate skal vera minst 8 cm. Heil eller delt plate skal ha same bredde som fundamentet til gravminnet, og lengde inntil 60 cm, målt frå bakkant av fundamentet. 

Dekor: Det er ikkje høve til å bruke fast dekor, så som blomsterurner, lykter mv. 

Fast dekor: Med fast dekor forstås at dekoren ikkje med enkle hjelpemidler kan demonterast utan å ta skade. Døme på dette kan vera lykter, vaser og anna dekor. 

Laus dekor: Med laus dekor forstås det at dekoren med enkle hjelpemidler lett kan demonterast utan å ta skade.

Laus dekor som ikkje er festa til gravstein eller plantefelt skal fjernast når den ikkje er i bruk. Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller som gror seg vidare enn plantefeltet.

Planter, kransar og liknande materiale som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal vera heilt komposterbart.

§ 7.Stell av grav

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av kyrkjegardsbetjeninga.

Gjesdal kommune kan sørge for årleg planting og stell på grav mot forskuddsbetaling.

§ 8.Bårerom

Gjesdal kommune disponerer bårerom, som kan nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan løyve. Liksyning kan bare gjerast etter samtykke frå den som syter for gravferda.

§ 9.Næringsverksemd

Næringsdrivande som ønsker å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå Gjesdal kommune. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkommande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan bare omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver.

§ 10.Ikrafttredelse

Forskriften trer i kraft straks. Fra samme tidspunkt oppheves vedtekter 20. august 19841 for kyrkjegardane i Gjesdal kommune, Rogaland.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.