Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2006-11-20-1742
PublisertII 2011 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forSykkylven kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort15.12.2011   kl. 14.40
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Sykkylven

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Sykkylven kommunestyre 20. november 2006 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kapittel 16.

I. Generelle bestemmingar

Abonnentane betaler for vass- og avløpstenester levert av Sykkylven kommune. Tilhøvet mellom abonnenten og Sykkylven kommune er regulert av lover og forskrifter, samt av lokale reglement, vedtak, regulativ og deklarasjonar. Dette er dei viktigaste dokumenta:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift av 10. januar 1995 nr. 70 om kommunale vass- og avløpsgebyr, sist endra 13. juli 2000.
3.Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Sykkylven kommune (dette dokumentet)
4.Andre dokument:
-Gebyrregulativ
-Leveringsvilkår - Vassforsyning/Avløpstenester
-Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (tekniske og administrative bestemmingar).
§ 1.Føremålet med denne forskrifta

Forskrifta gir bestemmingar om utrekning og innbetaling av gebyra som abonnentane skal betale for vass- og avløpstenestene som Sykkylven kommune leverer.

§ 2.Verkeområdet til forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

-Person som eig eller festar eigedomar som er registrerte i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller med eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer eller eigedom som er organisert som burettslag skal kvar bueining vere ein abonnent), og som er tilknytte kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Dette gjeld òg personar som festar eigedomar der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festarane eig bygningane som er plasserte på tomta, og har festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtalar med kort festetid (feste til noko anna enn bustad og fritidsbustad), kan det avtalast at andre enn festaren skal vera abonnent.

-Person som eig eller festar eigedommar som kommunen har kravd at skal knytast til vass- og/eller avløpsleidning, i samsvar med plan- og bygningslova, § 65, § 66 og § 92. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av det årlege gebyret, som skal dekkje dei faste kostnadene for vass- og/eller avløpstenester. Med dei faste kostnadane er det meint leigekostnader for kommunale anlegg og avskriving/renter på investeringar. 

Berekna areal (BA):

Bruksareal (sjå nedanfor) som vert omrekna basert på Husbanken sitt regelverk med ulike faktorar for kjellar, hovudetasje og loft. 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Bruksarealet omfattar

-alt areal innanfor veggane i bustaden, og
-den delen av fellesarealet som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor veggane i bustaden. Sjå NS-3940 for detaljar. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen er det her meint endring mellom ulike kategoriar, som til dømes bustad, fritidsbustad, eller næringsverksemd. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Ei privat leidning som abonnentar eig i fellesskap, og som er knytt til det kommunale leidningsnettet via ei felles privat stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av det årlege gebyret, som vert utrekna etter målt eller stipulert bruk. 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med hus som er regulerte eller godkjende til fritidsbustad/hytte. 

Gebyrregulativet:

Prisoversikt for vass- og avløpsgebyr. Kvart år oppdaterer kommunestyret satsane i regulativet. 

Næringsverksemd:

Inntektsgjevande verksemd. 

Offentleg verksemd:

Verksemd som er driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Forventa forbruk hos ein abonnent med utgangspunkt i bygningsarealet. For abonnentar med vassmålar er stipulert forbruk basert på tidlegare målt forbruk. 

Tenestedeklarasjon:

Dokument som skildrar kva rettar og plikter abonnentane og kommunen har. Dokumentet skal òg opplyse om kva som skjer når desse rettane og pliktene ikkje vert følgde, og korleis abonnentar kan klage på vedtak. 

Årsgebyr:

Det samla årlege gebyret for abonnentar som brukar kommunale vass- og/eller avløpstenester. Årsgebyret er sett saman av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Desse gebyrtypane gjeld for vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avløpsgebyr krev at ein skal betale eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester.

Eingongsgebyra skal betalast for eigedomar med bygningar på, eller ved første gongs oppføring av bygg som blir knytte til offentlig vass- og/eller avløpsnett.

Eingongsgebyra skal vere lik for alle abonnentar og skal betalast ved første gongs tilknyting.

Kommunestyret fastset kvart år kor store gebyra skal vere, og dette kjem fram av gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsette avvikande eingongsgebyr for tilknyting når tilknytinga krev ekstra høge eller låge kostnader.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyra for vass- og avløpstenester skal betalast av alle abonnentane og er sett saman av to delar:

-Abonnementsgebyr
-Forbruksgebyr

Dei samla abonnementsgebyra for vasstenester skal dekke dei faste kostnadene Sykkylven kommune ventar seg knytt til vasstenester. Resten blir dekt av forbruksgebyra.

Dei samla abonnementsgebyra for avløpstenester skal dekke dei faste kostnadene Sykkylven kommune ventar seg knytt til avløpstenester. Resten blir dekt av forbruksgebyra.

Årsgebyra skal reknast frå og med månaden etter at eigedomen er knytt til det kommunale leidningsnettet.

Kommunestyret fastset kvart år kor store abonnementsgebyra og forbruksgebyra skal vere. Dette kjem fram av gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Alle abonnentane betaler ein like stor fast sum, som kjem fram av gebyrregulativet. 

Forbruksgebyr

Abonnentane betaler etter faktisk vassforbruk. Abonnentar som ikkje har fått installert vassmålar, betaler etter stipulert forbruk etter utrekning av areal, innplassering i arealtrinn og pris pr. m³ . For bustader skal det nyttast berekna areal medan det for alle andre typar bygg skal nyttast bruksareal. Omrekningsfaktor for stipulert forbruk [ m3 /m2 ] er definert i gebyrregulativet.

Alle nye bygningar og bygningar med berekna areal/bruksareal større enn fastsett i gebyrregulativet skal ha vassmålar og betale forbruksgebyr for vatn og/eller avløp etter målt vassforbruk.

For alle abonnentane gjeld hovudregelen at avløpsmengde blir rekna lik vassmengde, men kfr. dessutan § 8 for eventuelt unntak.

Dersom forskrifta ikkje krev installering av vassmålar, kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyra blir fastsett ut frå målt forbruk.

Abonnent som har installert målar, kan ikkje krevje abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk.

§ 7.Vassmålar

Vassmålaren er Sykkylven kommune sin eigedom. Kommunen kan bestemme type, plassering og storleik på målaren, som skal tilpassast forbruket.

Det skal normalt berre vere ei tilknyting for kvar eigedom. Dersom ein eigedom har fleire tilknytingar, skal kvar tilknyting ha eigen målar. Eventuelle interne målarar er kommunen uvedkomande.

Kostnad med kjøp og installasjon av vassmålar som skal nyttast som grunnlag for utrekning av årsgebyr, vert dekt av kommunen.

Kjøp og installasjon av vassmålarar utover skal dette skal dekkast av abonnenten. Abonnenten skal også dekke kostnader med ev. flytting av vassmålaren.

Installasjonen skal gjerast av godkjend røyrleggar i samsvar med gjeldande reglement. Etter at målaren er montert, skal han plomberast av kommunen, eller av godkjend røyrleggar.

Vassmålaren skal avlesast minst ein gong i året. Abonnenten har ansvaret for denne avlesinga, og for å melde frå innan fristen som er sett.

Dersom avlesinga av vassmålaren ikkje vert gjort innan fristen, eller dersom kommunen ikkje får melding om denne avlesinga innan fristen, blir det årlege forbruket stipulert. Kommunen kan eventuelt velje å lese av forbruket for abonnentens rekning (avlesingsgebyr). Avlesingsgebyret blir fastsett av kommunen og blir gjort kjent i gebyrregulativet.

Kommunen skal ha tilgang til vassmålaren for inspeksjon og kontrollavlesing til varsla dato og tid. Vassmålaren må ha ei plassering som gjer at det er lett tilkomst for avlesing.

Både kommunen og abonnenten kan krevje kontroll av målaren. Kommunen avgjer om kontrollen skal gjerast av kommunen eller ved ekstern kontrollinstans. Kommunen dekker kostnadane ved kontrollen. Krev abonnenten ytterlegare kontroll av målaren, skal abonnenten bere kostnadane ved slik kontroll dersom testresultatet ligg innanfor ein feilmargin på 5 %. I motsett fall dekker kommunen kostnadane.

Dersom målaren ved kontroll viser meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga. Tilbakebetalinga vert rekna frå det tidspunktet det kan reknast med at feilen har oppstått. Krav som er forelda etter reglane om foreldelse av fordringar, vert ikkje dekt. Viser målaren meir enn 5 % for lavt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande reglar.

Når vassmålar er montert, kan han ikkje fjernast utan kommunens samtykke.

Vassmålar skal plasserast frostsikkert.

Dersom ein målar som er i bruk vert skada, skal abonnenten med ein gong melde frå til kommunen. Plomberte målarar kan berre bli opna av kommunen, eller under oppsyn av kommunen. Dersom ei plombe er broten, vert vassforbruket for den terminen sett til fire gonger forventa forbruk.

For installasjon og bruk av vassmålarar gjeld elles dei kommunale tekniske vedtektene.

§ 8.Avvik i årsgebyra

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan ein basere forbruksgebyra for avløp på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslepp).

I noko næringsverksemd og offentleg verksemd er avløpsvatnet svært ulikt det ein finn i vanlege hushald, og det verkar slik fordyrande eller sparande på drift og vedlikehald av kommunale avløpsanlegg. Det kan i slike tilfelle reknast ut eit påslag/frådrag til forbruksgebyra for avløp basert på ekstrautgiftene/sparinga ein kan vente seg.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp, gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra. Det som gjev grunnlag for reduksjon av gebyra kjem fram av vedtekne Leveringsvilkår - Vassforsyning/Avløpstenester i Sykkylven kommune.

§ 9.Mellombels tilknyting

Mellombels tilknyting gjeld for arbeidsbrakker og andre bygg av mellombels art med innlagt vatn og/eller er tilknytt kommunalt avløp, som berre skal brukast i ei avgrensa periode. Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, men ein kan søkje om forlenging.

Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnadene med tilknyting og fråkopling blir lagde på eigaren eller festaren av eigedomen.

Eigar eller festar av eigedomen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar, rekna ut i samsvar med den tida tilknytinga gjeld. Storleiken på gebyra kjem fram av gebyrregulativet.

Det skal betalast eingongsgebyr for tilknyting dersom ein opprettheld tilknytinga utover kommunen si godkjenning for mellombels tilknyting.

Kommunen kan avtale pris i enkeltståande tilfelle med basis i prisane frå gebyrregulativet.

Alle tilknytingar og fråkoplingar krev rørleggarmelding.

For andre forhold om mellombels tilknyting til kommunalt vatn og avløp, gjeld dei same administrative og tekniske bestemmingar som for permanent tilknyting.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om å utbetre eigne avløpsanlegg innan ein frist, jamfør forureiningslova § 7. I samsvar med forureiningslova § 73 kan ein pålegge forureiningsgebyr dersom forholdet ikkje er utbetra når fristen er gått ut. Dersom den ansvarlige ikkje gjer som pålegget seier, kan kommunen sette i verk desse tiltaka, jamfør forureiningslova § 74.

Kommunen kan be abonnenten om å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein frist, som grunnlag for å kunne fastsette vassforbruket. Dersom forholdet ikkje er utbetra når fristen er utgått, blir det årlege forbruket stipulert.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten har ansvaret for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten snarast etter at igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gjeve, eller når eksisterande bygg blir kopla til kommunale leidningar. Eingongsgebyra for tilknyting forfell til betaling seinast ved tilknyting.

Abonnementsgebyra og forbruksgebyra blir kravd inn i samsvar med gebyrregulativet.

Gebyr for mellombels tilknyting blir fakturert særskilt.

For eigedomar med vassmålar skal forbruksgebyra betalast à konto basert på fjoråret sitt forbruk.

Dersom abonnenten sitt vassforbruk har endra seg vesentleg frå siste målaravlesinga, kan à konto - summen endrast. Abonnenten skal bli varsla før slike endringar.

Etter søknad kan Sykkylven kommune gje fritak for årsgebyra når gebyrpliktig eigedom blir kopla frå det kommunale leidningsnettet. Ved godkjent søknad om fritak blir abonnementet avslutta når ein mottek melding om at tilknytingspunktet er plombert. Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje nye eingongsgebyr for tilknyting. Kostnadene ved fråkopling og ny tilknyting må abonnenten dekkje. Arbeidet skal utførast etter kommunale tilvisningar.

III. Avsluttande bestemmingar

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalne krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedomen etter lov om pant § 6-1. Sykkylven kommune kan krevje inn gebyra etter regler for innkrevjing av eigedomsskatt.

§ 13.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av kommunen.

Kommunen kan gjere mindre redaksjonelle endringar i forskrifta utan ny politisk handsaming.

Kommunen sitt mynde etter denne forskrifta kan delegerast.

§ 14.Klage

Avgjerder etter forskrifta som er enkeltvedtak følgjer forvaltningslova kapittel IV-VI og kan påklagast. Klagen skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra er forskrifter, og vert vedtekne av Sykkylven kommunestyre, jamfør forvaltningslova kapittel VII.

§ 15.Iverksetjing

Forskriftene blir sette i verk 1. januar 2007.