Forskrift om vedtekter for skattetakstar over faste eigedomar, Flora kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-12-19-1675
PublisertII 2007 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
EndrerFOR-2005-06-21-863
Gjelder forFlora kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1975-06-06-29, LOV-1911-08-18-9
Kunngjort25.01.2007
KorttittelForskrift om vedtekter for skattetakstar, Flora

Kapitteloversikt:

Fastsett av Flora bystyre 19. desember 2006 med heimel i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane og skattelov for byene 18. august 1911 nr. 9.

I

Kap. I - Skattetakstnemnder

§ 1-1.Til å verdsetje faste eigedommar i kommunen etter byskatteloven § 4 og § 5, jf. eigedomsskatteloven § 33 vel bystyret ei eller fleire skattetakstnemnder og ei overskattetakstnemnd.

Kvar skattetakstnemnd skal bestå av tre medlemmer (leiar, nestleiar og eit medlem). I tillegg skal det veljast tre varamedlemmer.

Overskattetakstnemnda skal bestå av seks medlemmer (leiar, nestleiar og fire medlemmer). I tillegg skal det veljast seks varamedlemmer.

Kommunestyret avgjer kva tal takstnemnder som er nødvendig. Eigedomsskattekontoret tilviser kvar takstnemnd eit takstdistrikt.

Bystyret vel leiar og nestleiar for kvar nemnd.

Valperioden følgjer kommunevalperioden.

§ 1-2.Kven kan veljast, inhabilitet og møteplikt

Valgbare og pliktige til å ta imot val som medlem av takstnemndene, er dei som er pliktige til å at imot val til bystyret.

Eit medlem er ugild til å delta i taksten når medlemmet

a)sjølv er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedommen,
b)er i slekt eller i svogerskap med ein som nemnd under a) i opp- eller nedstigande linje eller sidelinje så nær som søsken,
c)er eller har vore gift, partner eller forlova med, eller er fosterfar eller fostermor eller er fosterbarn til eigar,
d)er verje for ein person som nemnt under a),
e)er styrar eller medlem av styret for eit selskap, ei foreining, Sparebank, stiftelse eller offentlig innretning som er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedommen,
f)er medlem av formannskapet.

Likeeins er eit medlem ugild når andre særeigne omstende ligg føre som er eigna til å svekke tilliten til om vedkommande medlem er ugild.

Nemnda avgjer sjølv om eit medlem er ugild.

§ 1-3.Sakkyndige for takstnemndene.

Nemndene kan be eigedomsskattekontoret tilkalle sakkyndig hjelp til å gi rettleiande uttale på det bygningstekniske, industrielle, maskintekniske eller andre områder, når dette er nødvendig.

Dei sakkunnige deltar ikkje i sjølve takseringen og har ikkje stemmerett.

§ 1-4.Takstnemnda sine medlemmer plikter å stille til alle møter i takstnemnda, med mindre det ligg føre lovleg forfall.

Kap. II - Førebuing av takseringa

§ 2-1.Økonomiavdelinga fungerer som eigedomsskattekontor. Det ligg til eigedomsskattekontoret å sørgje for alt administrativt og kontormessig arbeid for takstnemndene.
§ 2-2.Eigedomsskattekontoret utarbeider ei liste over eigedommar som takstnemnda vert invitert til å vurdere. Lista skal og innehalde eigedommar som skal eller kan verte fritekne for eigedomsskatt, jf. eigedomsskattelova § 5 og § 7. Det bør lagast ei eiga liste over mulige verk og bruk.

Takstnemnda tar i samband med synfaringa stilling til om den enkelte eigedom inngår i eigedomsskatteområdet (dersom dette er avgrensa til områder heilt eller delvis utbygd på byvis) eller skal skattast som verk og bruk, og kva materiell og ting som skal inngå i taksten jf. eigedomsskatteloven § 4 tredje og fjerde punkt. Takstnemnda tar også stilling til om det er grunnlag for unntak frå eigedomsskatt etter eigedomsskatteloven § 5.

§ 2-3.Eigedomsskattekontoret førebur takseringen ved å hente inn tilgjengeleg informasjon om den enkelte eigedom. Eigedomskattekontoret kan be eigaren utlevere opplysningar av betydning for taksten.

Kap. III - Gjennomføring av takseringa

§ 3-1.Det er takstnemnda sin leiar, i samarbeid med eigedomsskattekontoret som skal planlegge og leie arbeidet og beramme takstane. Eigedomsskattekontoret sin leiar vert innkalla til alle møter i takstnemnda/takstnemndene.
§ 3-2.Før den allmenne taksering startar, drøfter nemnda eller nemndene i fellesskap alminnelege retningsliner for taksering for å sikre størst mulig einskap i vurderinga. Har kommunen fleire takstnemnder, bør det vere prøvetaksering.

Takstnemnda kan vedta sjablon til bruk ved takseringa. Sjablonane skal være eit hjelpemiddel for å komme fram til eigedommane sin omsetningsverdi, og skal ta høgde for at eigedommane sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet kan virke inn på verdien.

Det skal førast protokoll over forhandlingane i takstnemnda/mellom takstnemndene.

§ 3-3.Eigedommen sin eigar bør varslast om at det skal haldast takst. Eigedomsskattekontoret fastsett frist for varsel.
§ 3-4.Eigedommane skal i alle tilfelle synfarast av takstnemnda. Alle medlemmer av takstnemnda skal delta ved synfaringa.
§ 3-5.Grunn og bygning bør takserast særskilt dersom dei er eigd av ulike skattytarar.
§ 3-6.Takstprotokollen må innehalde opplysningar om når takst er halden, kva eigedom det gjeld, og takstsummen. Vidare bør den kort angi kva som inngår i taksten og kva verdsetjingsprinsipp som er brukt. Takstprotokollen skal underskrivast ved avslutninga av kvart møte.

Kap. IV - Omtaksering og særskilt taksering

§ 4-1.I perioden mellom dei allmenne takseringane kan omtaksering/særskilt taksering gjerast etter dei retningsliner og vilkår som går fram av byskattelova sin § 4, 3. og 4. ledd.

Fristen for å krevje omtaksering er 1. november i året forut for skatteåret.

Takstnemnda tar stilling til om vilkåra for omtaksering/særskilt taksering er oppfylt.

Verdsetjing bør skje etter same prinsipp og same prisnivå som ved førre allmenne taksering.

Skattytar vert orientert om taksten ved melding om vedtak.

Kap. V - Overtakst

§ 5-1.Overtakst kan krevjast av vedkommande skattytar eller formannskapet.
§ 5-2.Krav om overtakst må fremjast innan tre veker frå utlegging av skattelista det året allmenn omtaksering finn stad eller frå melding om vedtak ved omtaksering/særskilt taksering etter byskattelova § 4, 3. og 4. ledd.
§ 5-3.Ved fristoversitjing kan utsetjing gjevast når skattyter ikkje kan skuldast for fristoversitjinga eller det er av særlig stor betydning å få handsama kravet.
§ 5-4.Krav om overtakst skal sendast eigedomsskattekontoret. Så snart som mogeleg etter at klagefristen er ute sender eigedomsskattekontoret samtlege krav til skattetakstnemnda.
§ 5-5.Skattetakstnemnda kan endre taksten i skattyter sin favør dersom den finn kravet grunngjeve. I motsatt fall vert kravet sendt til overskattetakstnemnda.
§ 5-6.Overtakstnemnda held overtakst etter synfaring.
§ 5-7.Overtakstnemnda kan prøve alle sider av saken og kan endre taksten til skattyter sin ugunst.
§ 5-8.Overtakstnemnda utarbeider ein overtakstprotokoll med ei kort grunngjeving for overtaksten. Protokollen skal angi kva faktum og rettsanvending overtaksten bygger på og kva verdsetjingsprinsipp som er brukt. Overtakstprotokollen må ta stilling til klagaren sine merknader.
§ 5-9.Krav om overtakst har ikkje oppsettende verknad.

Kap. VI - Ulike bestemmelsar

§ 6-1.Bystyret/formannskapet fastsett godtgjering til takstmennene.

Eigedomsskattekontoret fastsett godtgjering til sakkunnige som nemnt i § 1-3.

Eigedomsskattekontoret sørgjer for utbetaling av godtgjeringa.

§ 6-2.Ved første gangs utskriving av eigedomsskatt må allmenn taksering være avslutta innan utgangen av juni i skatteåret. Deretter skal eigedomsskatten så vidt mulig være skreve ut og skattelista offentleggjort innan 1. mars i skattåret. Første året botnfrådrag vert innført er fristen 1. april.

Overgangsregel: For skatteåret 2007 er fristen for utskriving av eigedomsskatt 1. juni 2007 for kommunar som skal skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen.

§ 6-3.Eigedomsskattekontoret fører eigedomsskatteliste med slik innhald som nemnt i eigedomsskatteloven § 15. Lista skal ligge ute til offentleg ettersyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagt ut. Det skal kunngjerast i lokalpressen når og kor utlegging finn stad. Kunngjeringa skal innehalde opplysningar om fristen for å krevje overtakst og kven kravet skal sendes til.

Samtidig med at eigedomsskattelista vert lagd ut vert skattesetel sendt til skattyter.

§ 6-4.Eigedomsskatten forfell til betaling etter dei terminar som bystyret fastsett.

II

Forskrifta blir gjort gjeldande frå 1. januar 2007.

Frå same tid blir forskrift 21. juni 2005 nr. 863 om vedtekter for skattetakstar over faste eigedomar, Flora kommune, Sogn og Fjordane, opphevd.