Vedtak om kommunegrenseregulering, Rindal og Hemne kommuner, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.

DatoFOR-2007-01-23-128
PublisertII 2007 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forRindal og Hemne kommuner, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.
HjemmelLOV-2001-06-15-70, FOR-2007-01-18-47
Kunngjort08.02.2007
KorttittelVedtak om grenseregulering, Rindal og Hemne

Fastsatt av Kommunal- og regionaldepartementet 23. januar 2007 med hjemmel i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser § 6, jf. delegeringsvedtak 18. januar 2007 nr. 47. 

Med heimel i § 6 i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser vedtar Kommunal- og regionaldepartementet at kommunegrensa mellom Hemne kommune og Rindal kommune vert justert slik at følgjande gards- og bruksnummer vert overflytt til Hemne kommune:

gnr. 62 bnr. 5, 15 og 16

gnr. 62 bnr. 17 festenummer 1

gnr. 62 bnr. 3 festenummer 1

gnr. 62 bnr. 3 og 4 med unntak for eit mindre areal i Grønkjølen naturreservat. Den nye grensa følgjar i rett linje grensa langs gnr. 62 bnr. 2 og 14 mot gnr. 62 bnr. 11.

Vedtaket inneber at det må gjerast eigedomsdeling, slik at alt areal vert registrert med gards- og bruksnummer i den kommunen arealet tilhøyrer. Fylkesgrensa mellom Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal fylker vert også endra i tråd med vedtaket. Grensejusteringa gjeld frå 1. januar 2008.