Forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg, Fjell kommune, Hordaland.

DatoFOR-2007-04-26-556
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse01.06.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjell kommune, Hordaland.
HjemmelFOR-2004-06-01-931-§12-6, LOV-1981-03-13-6
Kunngjort31.05.2007
KorttittelForskrift om mindre avløpsanlegg, Fjell

Fastsett av Fjell kommunestyre 26. april 2007 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 12-6, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).

§ 1.Verkeområde og føremål

Forskrifta gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustader, hytter, turistbedrifter og liknande verksemder med utslepp mindre enn 50 personeiningar (pe). For verksemder som berre slepp ut gråvatn, gjeld denne forskrifta berre dersom det er innlagt vatn (jf. forureiningsforskrifta § 12-1).

Forskrifta er fastsett av kommunestyret i Fjell kommune den 26. april 2007, og regulerer bruken av tekniske løysingar for avløp frå separate avløpsanlegg. Sonene er vist på kart i målestokk 1:50.000, datert 26. april 2007. 

lf-20070426-0556-01-01.gif

§ 2.Definisjonar

Med avløpsvatn er meint avløp frå vassklosett, kjøken, bad, vaskerom eller liknande. Med innlagt vatn er meint vatn frå brønn, cisterneanlegg, vassverk eller liknande, og som er ført innandørs gjennom røyr eller leidning.

Med pe er i denne forskrifta meint den mengde organisk stoff som vert broten ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn (BOF5 ) på 60 gram oksygen per døgn. Eit utslepp frå 50 personar svarer til 50 pe i denne forskrifta (grensa for å fastsetje lokal forskrift).

Utslepp frå hus og hytter med innlagt vatn og vassklosett bidrar med 1 pe pr. person. Utslepp frå hytter med innlagt vatn utan vassklosett bidrar med 0,3 pe pr. person. Grunnlaget for å rekna ut forventa pe vert ut frå omsynet til kor mange personar som er forventa skal bu i bustaden med eit perspektiv på 10 år.

Med typegodkjend minireinseanlegg er i denne forskrifta meint minireinseanlegg som er godkjend i henhold til NS-EN 12566-3 (frå 1. mai 2007).

§ 3.Utslepp etter denne forskrift

Løyve til utslepp av avløpsvatn frå bustad, fritidsbustad, turistbedrifter og liknande verksemder etter denne forskrift kan reknast som godkjend dersom følgjande krav er innfridd:

a)Naboar og andre partar som kan verte råka av utsleppet, er varsla og ikkje har kravd at planane skal leggjast fram for kommunen som søknad etter forureiningsforskrifta § 12-4. Kommunen må ha motteke krav om slik sakshandsaming innan 4 veker etter at varsel er sendt.
b)Skriftleg, fullstendig søknad om utsleppet er sendt til kommunen og kommunen ikkje innan 6 veker etter at det er motteke slik søknad har varsla om utvida behandlingstid, og dersom det ikkje føreligg særskilde forhold som protestar, brukarkonflikter eller liknande.
c)Utsleppet vert utført og reinsa i samsvar med føresegnene i denne forskrifta § 5, § 6, § 7 og § 8.
d)Utsleppet ikkje kan krevjast knytt til offentleg nett, jf. plan og bygningslova § 66, andre ledd. Reglane i første ledd gjeld òg når utsleppet vert vesentleg auka. Som vesentleg auke vert mellom anna rekna innlegging av vatn og installering av vassklosett.

Dersom arbeidet ikkje er starta seinast 3 år etter at søknad er sendt til kommunen, eller dersom arbeidet vert stansa i lengre tid enn 2 år, fell retten til å etablere utslepp bort. Dersom utslepp framleis er aktuelt, må ny søknad sendast inn, jf. § 3, første ledd.

§ 4.Krav til innhald i søknad

Søknaden skal innehalde dei opplysningar som er naudsynt for at partar som kan verte råka av utsleppet skal kunne ta stilling til utsleppet, jf. forureiningsforskrifta § 12-4. Søknaden skal elles dokumentere at planlagt avløpsløysing er i samsvar med reglane i § 5, § 6, § 7 og § 8. Den ansvarlege skal sørge for at:

1)Det er utarbeidd skriftleg, fullstendig søknad som inneheld opplysningar om:
a)søkjaren sitt namn og adresse.
b)dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast.
c)plassering av avløpanlegg og utsleppstad på kart i målestokk 1:5000 eller større.
d)storleiken på utsleppet i pe. I tillegg bør ein også oppgje storleiken på den.
e)utsleppsparameteren som vil vera av størst tyding for tilhøva i resipienten, som t.d. talet på kg fosfor/år.
f)interesser som ein trur kan verta råka av etableringa (deriblant også interesser i andre kommuner med utslepp til same resipient.
g)oversikt over kven som skal varslast.

Dersom utsleppet skal førast til terreng etter § 6, § 7 eller § 8 i denne forskrifta skal følgjande tilleggsdokumentasjon vera vedlagt søknaden:

kart i målestokk 1:1000 med markert plassering av utsleppsområde/infiltrasjonsflata

jordprofil med skisse og eventuelle foto

kornfordelingsanalyse og eventuell infiltrasjonstest (ved naturleg infiltrasjon i grunnen)

vurdering av utstrøymingsområde for grunnvatn og avstand til open resipient

vurdering av avstand til drikkevasskjelder, busetnad, samt djupn til grunnvatn

vurdering av terrengfall.

2)Parter og andre som kan verta særskilt råka av saken er varsla om innhaldet i søknaden.

Kopi av varselet skal sendast til kommunen samstundes med at parter og andre vert varsla.

I varselet skal det framgå at uttaler må vera motteke til søkjar innan ein frist på minst fire veker etter at varsel er sendt.

3)Søknad er sendt til kommunen, etter at uttalefristen er utløpt, saman med kvittering for at varsel er sendt.
§ 5.Reglar for utslepp til kvite soner =«mindre følsame område» (mekanisk reinsing)

Utsleppet skal førast i lukka leidning til minimum 10 meters djupne i god sjøresipient via slamavskiljar med følgjande minstekrav til totalt våtvolum og tal på kammer:

TypeTotalt våtvolum (m³ )1. kammer2. kammer3. kammer
* Bustadeining med klosettavløp4,03,00,50,5
* Bustadeining utan klosettavløp2,01,50,5
* Fritidsbustad med klosettavløp2,01,50,5
* Fritidsbustad utan klosettavløp1,00,70,3

Slamavskiljar skal vere typegodkjend og vere i samsvar med retningsliner for utforming og drift av mindre avløpsanlegg (Miljøverndepartementet, T 616). Slamavskiljar skal plasserast og utformast slik at tøming av slam frå kvart kammer er mogeleg med tankbil. Slamavskiljar knytt til heilårsbustad skal tømast heilt for slam ikkje sjeldnare enn kvart 2. år. For fritidsbustader ikkje sjeldnare enn kvart 4. år.

§ 6.Reglar for utslepp til blå soner «sjøområde med avgrensa resipientkapasitet» (biologisk reinsing)

Til følgjande resipientar skal nye utslepp basert på mindre avløpsanlegg reinsast via typegodkjend minireinseanlegg, klasse 2 (biologisk reinsing). Avløpsvatnet skal førast i lukka leidning til minimum 10 meters djupne i sjøresipient.

Det vert opna for nye utslepp avgrensa opp til 15 pe årleg til kvar av følgjande soner:

i.Kårtveitpollen og Kårtveitosen
ii.Nessjøen, Hjartøyosen, Syltøyosen, Møvikosen, Skålevikosen, Sekkingstadosen
iii.Vågen på Litle Sotra
iv.Kolltveitosen.

Reinsa avløpsvatn frå biologisk minireinseanlegg kan i særskilde høve førast til terreng, jf. Norvar Prosjektrapport nr. 107-2000, utslepp frå mindre avløpsanlegg. Avløpsløysinga må i slike høve vurderast med utgangspunkt i faren for forureining som denne representerer i høve til plassering av mellom anna lokale vasskjelder og vassleidningsnett. Det er ein føresetnad at infiltrasjon i grunnen ikkje er mogeleg.

§ 7.Reglar for utslepp til gule soner «område med endå mindre resipientkapasitet» (biologisk og kjemisk reinsing)

Til følgjande resipientar skal nye utslepp basert på mindre avløpsanlegg reinsast via typegodkjend minireinseanlegg, klasse 1 (biologisk og kjemisk reinsing). Avløpsvatnet skal førast i lukka leidning til minimum 10 meters djupne i sjøresipient.

Det vert opna for nye utslepp avgrensa opp til 6 pe årleg til kvar av følgjande soner:

i.Vindenespollen
ii.Angeltveitosen
iii.Barmosen
iv.Søre og Nordre Langøyosen
v.Fjellspollen og Trengereidpollen
vi.Arefjordpollen
vii.Nordre Vågen på Litle Sotra
viii.Fjæreidpollen
ix.Nordre del av Storavatn, Kallestad.

Reinsa avløpsvatn frå biologisk og kjemisk minireinseanlegg kan i særskilde høve førast til resipient/terreng, jf. Norvar Prosjektrapport nr. 107-2000, utslepp frå mindre avløpsanlegg. Avløpsløysinga må i slike høve vurderast med utgangspunkt i faren for forureining som denne representerer i høve til plassering av mellom anna lokale vasskjelder og vassleidningsnett. Det er ein føresetnad at infiltrasjon i grunnen ikkje er mogeleg.

§ 8.Reglar for utslepp til grå sone «sjøområde med liten resipientkapasitet og landområde med viktige naturressursar mv.»

For dei områda i Fjell som ikkje vert omfatta av § 5 - § 7 skal ein i kvart einskild tilfelle vurdera utsleppet med særskild vekt på at utsleppet minst mogleg ikkje skal påverke drikkevatn, vassdrag som nyttast til rekreasjon, som til dømes bading, fisking eller anna form for rekreasjon eller naturressursar mv. I slike høve er det ein føresetnad ar det skal nyttast typegodkjent minireinseanlegg, klasse 1 (biologisk og kjemisk reinsing).

§ 9.Utsleppsreglar for raude soner (forbodsoner)

Det vert ikkje godkjend nye utslepp frå separate avløpsanlegg som ligg i nedbørsfelt til drikkevassforsyning.

Det vert ikkje godkjend nye utslepp frå separate avløpsanlegg i område der det er lagt til rette for tilknyting til offentleg leidningsanlegg.

§ 10.Særskilde føresegner

For utslepp som kjem i konflikt med fiskeri- og akvakulturinteresser skal søkjar innhente fråsegn frå Fiskeridirektoratet, Region Vest. Fjell kommune vil kunne stille strengare krav enn det som elles følgjer av denne forskrifta dersom det vert søkt om løyve til plassering av nye enkeltutslepp tett attmed oppdrettsanlegg eller i sjøområde som vert mykje nytta til låssetting av fisk. Før det kan leggjast ut avløpsleidning på sjøbotnen, må meldar innhente løyve frå Bergen og omland havnevesen, jf. lov 8. juni 1984 nr. 51 om hamner og farvatn m.m.

Dersom det på eit seinare tidspunkt vert ført fram offentleg kloakk til området der det nye utsleppet er etablert, må ein rekne med å få pålegg om tilknyting til offentleg leidningsnett.

§ 11.Tilsyn

Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for at anlegget vert drive og vedlikehalde slik at krava i forskrifta vert følgde, her under at det er inngått avtale om service- og drift med leverandør av minireinseanlegg.

Kommunen er forureiningsmynde og fører tilsyn med at reglar og vedtak fatta i medhald av forureiningsforskrifta § 12-2 vert følgt. Dette gjeld òg pålegg om endring eller opphøyr av lovleg utslepp.

§ 12.Iverksetjing

Forskrifta vert sett i kraft frå 1. juni 2007.