Forskrift for vass- og avlaupsgebyr, Ørsta kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2007-06-19-1579
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
EndrerFOR-1998-02-26
Gjelder forØrsta kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort27.12.2007   kl. 16.00
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Ørsta

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Ørsta kommunestyre 19. juni 2007 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

I. Generelle reglar

Kommunen sine abonnentar betalar for vass- og avlaupstenester som vert levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter, samt av lokale reglement og regulativ. Dei viktigaste dokumenta er lista opp her:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften)
3.Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Ørsta kommune, Møre og Romsdal (dette dokumentet)
4.Andre dokument:
-Gebyrregulativ
-Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative bestemmelsar)
-Rundskriv T-25/1974 frå miljøverndepartementet
-Kommunale vatn og kloakkavgifter 2. utgåve 1983.
§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta gjev bestemmelsar om berekning og innkrevjing av dei gebyr abonnentane skal betale for dei vatn- og avløpstenester som kommunen leverar.

§ 2.Forskrifta sitt verkeområde

Forskrifta gjeld geografisk for Ørsta kommune, og for alle kommunen sine abonnentar, sjå definisjonen i § 3.

§ 3.Definisjonar 
-Abonnent
-Eigar/festar av eigedom som er registert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige feste- eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytta kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningar som er plassert på tomta, og utøver festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtaler med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad), kan det vere avtalt at annan enn festar skal vere abonnent.

-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av plan- og bygningslova § 65, § 66 og § 92 har kravd tilknytta kommunal vass- og/eller avløpsleidning.
-Abonnementsgebyr

Årsgebyret sin faste del, som skal dekkje ein del av kommunen sine kostnader for vatn- og/eller avlaupstenester.

-Bruttoareal

Dette er å forstå som eigedomen sitt samla bygde golvareal.

Areal i kjellar med ei høgde på meir enn 1,90 m skal reknast med.

På loft skal areal som er 1,90 m høgt, eller høgare i takflate med minimum 1,0 m breidde og høgde ut til 1,50 m høgde reknast med. (sjå skisse/figur 1.)

-Bruksendring

Med endring i eigedomen sin bruk meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som til dømes bustad, fritidsbustad/hytte (fritidsbygg) og nærings-/offentlig verksemd.

-Eingongsgebyr for tilknytning

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vatn- og/eller avløpstenester.

-Felles privat stikkleidning

Leidning eigd i fellesskap av abonnentar tilknytta via denne til kommunalt leidningsnett.

-Forbruksgebyr

Årsgebyret sin variable del som vert betalt etter forbruk (målt eller stipulert).

-Fritidseigedom/hytte

Fast eigedom med bygningar regulert/godkjend til fritidsbygg/hytte.

-Gebyrregulativet

Kommunen si gjeldande prisfastsetjing for vatn- og avløpsgebyr. Satsane i gebyrregulativet vert oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret.

-Kloakkleidning

Separate leidningar for avløp frå sanitærutstyr og industriproduksjon (leidning for spillvatn), for tak-, drens- og overflatevatn, eller fellesleidningar for desse avløpstypene.

-Næringsverksemd

Verksemd drive ervervsmessig.

-Offentleg verksemd

Verksemd drive av stat, fylke eller kommunen.

-Privat stikkleidning

Leiwdning eigd av abonnenten tilknytta via denne til kommunalt nett. For vatn vert leidninga frå bygninga til hovudvassleidninga inklusive anboringsklaven. For avløp og overvatn vert leidningane rekna frå bygninga til hovudleidninga inklusive greinrør på hovudleidninga.

-Stipulert forbruk

Forventa forbruk med ein abonnent fastsett med grunnlag i bruttoareal.

-Årsgebyr

Gebyr som skal betalast årleg av abonnentar for kommunen sine vatn- og/eller avlaupstenester. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

-Brutto areal

Areal som er grunnlag for å betale tilknytnings- og årsavgifter. Arealet er summen av bruttoarealet av alle plan/etasjer med etasjehøgd 1,9 meter eller høgare. Det vert berekna på grunnlag av utvendig areal. Arealet under overbygde areal og utkraga konstruksjonar inntil 5 meter over terreng vert rekna med i arealet. Utstikk/utkraga bygningsdelar inntil 1 meter ut frå fasaden og bygningsdelar lavare enn 50 cm. frå planert terreng skal ikkje reknast med ved arealberekninga. Ved terrasser, biloppstillingsplassar og andre bebygde areal skal det vere ope rom i høgde på 1,9 meter eller høgare for at arealet skal telje med som grunnlag.

II. Vatn- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrform

Gebyrformene er:

-Eingongsgebyr for tilknyting vatn
-Eingongsgebyr for tilknyting avløp
-Årsgebyr for vatn
-Årsgebyr for avlaup
-Tømegebyr for bustadhus og hytter med tett tank som tømer til kommunal kloakk
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknytning
-Gebyr for manglande avlesing av vassmålar
-Tilleggsgebyr.
§ 5.Gebyrsatsar

Gebyrsatsane vert fastsette av Ørsta kommunestyre, og vert sett i verk frå det tidspunktet kommunestyret bestemmer. Satsane gjeld fram til nye satsar vert sett i verk.

§ 6.Gebyrplikt
6.1 Plikta til å betale vass- og kloakkgebyr gjeld for:

Fast eigedom som er tilknytt kommunal vass- og/eller kloakkleidning, direkte eller gjennom privat samleleidning.

Eigedom som kommunen i medhald av § 65, § 66 eller § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og/eller kloakkleidning.

6.2 Eigaren står ansvarleg for gebyra. For eigedom som er bortfesta, betaler festaren i staden for grunneigaren. Føresetnaden for dette er at eigedomen er bortfesta ved arvefeste eller på så lang tid at det enno er minst 30 år att av festetida, rekna frå det tidspunkt då gebyrplikta kom inn første gongen. Det same gjeld dersom festaren etter avtale har rett til å krevje festet forlenga for så lang tid at den samla festetid som står att i det tilfelle avtalen vert forlenga, vert 30 år.
6.3 Blokker, rekkehus o.l. som er organisert som burettslag eller liknande former for felles rettssubjekt (t.d. huseigarforeining) kan få utrekna og betale gebyra samla. Avtale om slik organisering skal leggast fram ved byggemelding eller for eksisterande bustad, før tilknyting vert gjort.
§ 7.Arealutrekning
7.1 Så langt gebyrutrekninga vert gjort avhengig av storleiken på huset/bygningen, skal gebyra reknast ut etter bruttoareal.

Areal i kjellar med ei høgde på meir enn 1,90 m skal reknast med.

På loft skal areal som er 1,90 m høgt, eller høgare i takflate med minimum 1,0 m breidde og høgde ut til 1,50 m høgde reknast med. (sjå skisse/figur 1.)

7.2 Alt brutto areal på eigedomen skal reknast med, med unnatak av bygg som er mindre enn 15 m² .
7.3 Kommunen har når som helst rett til gjere målingar på staden og kontrollere, rekne ut areal og eventuelt justere gebyrpliktig areal.
§ 8.Eingangsgebyr for tilknyting
8.1 Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter krev at det skal betalast eingongsgebyr for tilknyting til vatn- og/eller avlaupstenester.
8.2 Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved første gongs oppføring av bygg på eigedom, som vert tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsnett. For bustad skal eingongsgebyret for vassforsyning og for avlaup utgjere eit fastbeløp pr. bueining. For andre bygg (t.d. næringsbygg) skal tilknytingsgebyret utgjere eit fast beløp pr. bygg, men pr. eigedom om eit bygg er oppdelt i fleire eigedomar, t.d. gjennom seksjonering.

Det vert ikkje gitt frådrag for tilknytningsgebyr sjølv om eigedomen har vore med på finansiering av infrastruktur gjennom utbyggingsavtale eller liknande.

8.3 Eingongsgebyret skal reknast ut på grunnlag av bruttoareal.
8.4 Særavtale med næringsverksemder men avvikande eingongsgebyr kan bli inngått der etablering av tenester medførar ekstra høge eller lave kostnader.
8.5 Kommunen kan innføre eigne tilknytingsgebyr/årsgebyr for ulike områder av kommunen.
§ 9.Årsgebyr
9.1 Årsgebyret skal betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:
-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vass- og avlaupstenester skal dekkje ein del av kommunen sine venta årskostnader knytta til vass- og avlaupstenestene. Resten av kostnadene skal dekkjast inn gjennom tilknytingsgebyr og forbruksgebyret. Prosentandelen går fram av gebyrregulativet.

Årsgebyret skal bereknast frå og med månaden etter eigedomen er tilknytta kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

9.2 Abonnementsgebyr

Alle abonnentar i ein brukarkategori betalar som utgangspunkt likt abonnementsgebyr.

Brukarkategoriane er: næring, bustad, fritidsbustad og eining.

For næring kan ein ha fleire brukarkategoriar.

9.3 Forbruksgebyr

Næringseigedomar, offentlege verksemder og liknande skal betale forbruksgebyr etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket skal målast med installert vassmålar.

Rekkehus/bustadblokker og liknande skal betale gebyr etter målt forbruk.

Fritids-/hytteabonnentar skal betale enten etter faktisk (målt) forbruk eller som ein andel av stipulert forbruk. Stipulert forbruk vert berekna ut frå bruttoareal og pris pr. m³ . Andelen, som vil variere etter arealet, og omrekningsfaktor for stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert i gebyrregulativet.

Øvrige abonnentar betaler etter faktisk (målt) forbruk, eventuelt etter stipulert forbruk basert på berekning av bruttoareal og pris pr. m³ . Omrekningsfaktor for stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert i gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengde vert rekna lik vassmengde.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret vert fastsett ut frå målt forbruk.

Gebyrsats går fram av gebyrregulativet.

§ 10.Leige av vassmålar
10.1 For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld kommunen sine bestemmelsar.
10.2 Kostnader for installasjon, drift, avlesing, eventuell borttaking av vassmålar m.m. skal dekkjast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativet.
§ 11.Installasjon og bruk av vassmålar
11.1 Eigedomar som ikkje i hovudsak vert nytta til bustadføremål skal betale årsgebyr etter målt forbruk eller avlaup. Kommunen kan likevel gje løyve til betaling etter stipulert vassforbruk og avlaup i einskilde høve.
11.2 Eigedomar som vert nytta til bustadføremål kan, etter skriftleg melding, få installert vassmålar.
11.3 Driftsbygningar skal betale årsgebyr etter målt forbruk og skal ha separat målar.
11.4 Forsamlingshus skal betale årsgebyr etter målt forbruk.
11.5 For eigedomar med installert vassmålar gjeld:
a)Arbeidet vert å koste av abonnent og skal utførast av rørleggjar med naudsynt godkjenning, som har ansvar for at kommunen får melding om tidspunkt for installasjon og målarstand.

For mellom anna kjøp, vedlikehald, kontroll av målaren skal det betalast ei målarleige.

Kostnader til ev. flytting av målaren skal betalast av abonnenten.

b)Abonnenten skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og vedlikehald. Dersom ein målar vert borte eller skada, skal abonnenten straks melde dette til teknisk sektor.

Tap av, eller skade på målar skal betalast av abonnenten.

c)Det er abonnenten sitt ansvar å lese av og melde inn målarstanden på vassmålaren når kommunen ber om det. Er det behov for det, har kommunen rett til å lese av og kontrollere målaren til ei kvar tid.
d)Kontroll av vassmålaren kan krevjast av abonnenten eller av kommunen. Viser kontrollen at det er feil på minst 10 % i høve til korrekt målt forbruk, vert justeringa, ev. utskifting av målaren utført utan utgifter for abonnenten. Dersom abonnenten har kravd kontroll og denne ikkje viser feil på målaren, skal utgiftene betalast av abonnenten.
e)Dersom ev. feil på målt vassforbruk ikkje kan reknast ut nøyaktig nok, skal gebyra for den perioden det er tvil om justerast etter gjennomsnittet av næraste avlesingsperiode før feilen er oppstått og etter at den er retta.
f)For installasjon og bruk av vassmålar gjeld elles kommunen sine reglar.
§ 12.Avvik i årsgebyret
12.1 Om avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup basere seg på målt eller stipulert/berekna avløpsmengde (utslepp).
12.2 Der samansetninga av avlaupsvatnet avvik frå vanleg hushaldningsavlaup og verkar høvesvis fordyrande/innsparande på drift og vedlikehald av kommunen sine avlaupsanlegg, kan det bereknast eit påslag/frådrag til forbruksgebyret for avlaup ut frå dei venta ekstrautgiftene/innsparingane.
12.3 Eigedom med andre faste innretningar (som t.d. fontener eller symjebasseng) som er tilknytt off./kommunal vassleidning og jamt brukar vatn, skal betale tilleggsgebyr tilsvarande eit vassforbruk per år som vert stipulert av kommunen. Både eigaren og kommunen kan i slike høve krevje at gebyra skal reknast på grunnlag av målt forbruk.
12.4 Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.
12.5 For fritidseigedommar som ikkje vert nytta til fast bustad skal det betalast halvt abonnementsgebyr og fullt forbruksgebyr.

For fritidsbustadar og bustadhus med tett (septik)tank som vert tømt til kommunal kloakk skal det betalast tømegebyr etter nærare gjevne satsar. Desse vert regulert saman med dei øvrige gebyra for vatn og kloakk.

§ 13.Mellombels tilknyting
13.1. Mellombels tilknyting gjeld for arbeidsbrakker og andre bygg av mellombels art med innlagt vatn som kun skal nyttast ei avgrensa periode.
13.2 Eigar/festar av eigedomen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning for den tida det er tilknyting. Storleiken av gebyret for næringsverksemd går fram av gebyrregulativet.
13.3 Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader i samband med tilknyting og fråkobling skal betalast av eigar/festar av eigedomen.
13.4 Mellombels tilknytning gjeld for opp til eit år, med høve til å søkje om forlenging.

Det er ei absolutt øvre grense på tre år. Ut over tre år må ein betale tilknytingsgebyr på normale vilkår.

§ 14.Tilleggsgebyr
14.1 Tilleggsgebyr kan påleggjast der abonnenten ikkje etterkjem kommunen sine krav om utbetring av eigne vass- og avlaupsanlegg innan gitt frist, og der dette fører til meirkostnader for kommunen.
14.2 Gebyrpliktig som ikkje rettar seg etter pålegg om å fjerne eller kortslutte privat septiktank (slamavskiljar) etter tilknyting, skal i tillegg til kloakkgebyra betale for kostnader med å tøme slamavskiljar/septiktank.
14.3 For at tilhøva kan ordnast raskt, vert tilleggsgebyr fakturert så snart som mogeleg etter at fristen er gått ut, og eventuelt fleire gongar inntil kommunen sine krav er oppfylde.
14.4 Storleiken på gebyr vert bestemt av kommunen. Storleiken på gebyret skal vere i samsvar med kommunen sine kostnader knytta til tilhøvet.
14.5 Om kommunen må lese av vassmålar vert det å betale eit avlesingsgebyr pr. avlesing. Gebyret vert vedteke av kommunestyret årleg.
§ 15.Innbetaling av gebyr
15.1 Abonnenten står ansvarleg for betaling av gebyr.
15.2 Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samtidig som byggeløyve vert gitt, eller når eksisterande bygg vert kopla til kommunen si leidning. Eingongsgebyr for tilknyting forfell til betaling seinast ved tilknyting.
15.3 Abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert innkravd på felles faktura, vert fordelt over terminar pr. år.
15.4 Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr vert fakturert særskilt.
15.5 For eigedomar med vassmålar vil terminbeløpa basere seg på stipulert forbruk og med årleg oppgjer etter avlesing av målar i november/desember.
15.6 Avlesing av målt vassforbruk vert gjort ein gong pr. år. Om kommunen må lese av vassmålar vert det å betale eit avlesingsgebyr pr. avlesing. Gebyret vert vedteke av kommunestyret årleg.
15.7 Om abonnenten sitt vassforbruk har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen fastsetje eit nytt à konto beløp.
15.8 Etter søknad til kommunen kan abonnent få fritak for årsgebyret når eigedomen fysisk vert fråkopla kommunalt leidningsnett. Abonnementet stoppar når melding om at anboringspunktet er plombert er motteke. Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting om tilknytinga skjer innan 5 år etter fråkopling vart gjort. Både fråkopling og ny tilknyting skal utførast for abonnenten si rekning og etter kommunen si anvising og av rørleggjar med naudsynt godkjenning.
15.9 Vert det oppført nytt bygg til erstatning for eit bygg som tidlegare har vore lovleg tilknytta, vert desse einingane trekt frå ved berekning av tilknytingsgebyret. Det er eit vilkår at nytt igongsetjingsløyve vert gjeve innan 5 år etter at bygg er fjerna/abonnement er opphøyrt. At talet på einingar vert lågare/arealet vert mindre enn tidlegare, gjev ikkje abonnenten grunnlag for krav om refusjon.
15.10 Dersom det vert søkt om seksjonering av bustadeigedom, eller deling av tomt etter at byggesaka er godkjent, har kommunen rett til å krevje grunnavgift for nye rettssubjekt/eigedomar fram til endeleg bruksløyve er gjeve.
§ 16.Særlege utrekningsreglar og avtaler
16.1 For industriverksemder, jordbruksnæringa og anna verksemd som har særleg stort eller særleg lite vassforbruk og/eller kloakkmengd, eller har kloakkvatn som i samansetting skil seg vesentleg ut frå vanleg hushaldskloakk, kan tilknytings- og årsgebyr verte fastsette ved avtale. For tun med mange gamle bygningar kan tilknyting og årsgebyr verte fastsett ved avtale.

Avtalen kan seiast opp av begge partar med 1 års varsel.

Dersom avtale ikkje kjem i stand, vert storleiken på gebyra fastsett av kommunen.

16.2 I særskilde høve kan kommunen fastsette storleiken på gebyra.
16.3 Eigarar av eigedomar som ynskjer å knyte seg til kommunen vass- og/eller avlaupsnett, skal sende søknad om dette til kommunen.
16.4 Ingen anlegg tilknytta det kommunale vass- og/eller avlaupsnettet må setjast i gong før søknad er sendt og godkjenning er gjeve.
16.5 Alle innvendige og utvendige arbeid med vass- og/eller avlaupsleidningar skal utførast av godkjend rørleggjar. For utvendig arbeid er det krav om ADV(-1)-sertifikat.
16.6 Tilkoplingspunkt skal godkjennast av kommunen.
16.7 Kommunen har rett til å kontrollere alle private vass- og/eller avlaupsanlegg som er tilknytta kommunen sitt leidningsanlegg.
16.8 Leidningar eller utstyr som ikkje er i bruk skal fjernast om kommunen krev det.
16.9 Både kommunen og den gebyrpliktige kan etter 13.1 krevje at årsgebyra for vatn skal baserast på målt vassforbruk. Når det er samsvar mellom mengda av vassforsyning og kloakk, kan på tilsvarande måte, begge partar krevje årsgebyret for kloakk basert på målt vassforbruk. Partane kan også krevje at årsgebyra for kloakk vert basert på målt avlaupsmengde om dette er teknisk gjennomførleg.

III. Avsluttande bestemmelsar

§ 17.Innkrevjing av gebyr

Forfalt krav på årsgebyr er sikra med plan i eigedomen etter pantelova § 6-1. Gebyr kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 18.Vedtaksmynde

Enkeltvedtak etter denne forskrifta vert gjort av rådmannen, eller den har vidaredelegerar mynde til.

§ 19.Klage
18.1 Rådmannen avgjer alle tvilsspørsmål i samband med tolking og praktisering av desse forskriftene.
18.2 Enkeltvedtak i medhald av denne forskrifta kan påklagast etter reglane i forvaltningslova 10. februar 1967.

Klageinstans er kommunen sitt klageutval oppretta etter kommunelova sine reglar.

Det er ikkje høve til å klage på:

-Arealberekningar gjort i medhald av denne forskrifta
-Utskriving av gebyr etter dei årleg vedtekne gebyrsatsane for vatn og avløp som kommunestyret vedtek årleg.
§ 20.Ikraftsetjing

Forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2008.

Frå same tid blir forskrift 26. februar 19981 om vass- og kloakkgebyr, Ørsta kommune, Møre og Romsdal oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.