Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småovner, Vågå kommune, Oppland

DatoFOR-2007-09-04-1065
PublisertII 2007 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forVåga kommune, Oppland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort20.09.2007   kl. 12.40
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Vågå

Fastsett av Vågå kommunestyre 4. september 2007 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre utslepp av miljøgifter, lokal forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småovner.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjelder open brenning og brenning av avfall i småovner innanfor kommunens grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrift meines med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs.
b)Småovner: forbrenningsovner som ikkje har løyve frå:
-Statens forurensningstilsyn
-Fylkesmannen
-Statlige forskrifter etter forurensningsloven.
c)Tettbygd strøk: SSBs definisjon.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småovner

Open brenning og brenning av avfall i småovner er forbode, med mindre anna følgjer av forskriftas § 5.

§ 5.Unnatak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel være tillatt:

a)Open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffebål.
b)brenning av avfallstrevirke i vedovn, med unntak av impregnert og malt trevirke.
c)brenning av avispapir, papp og liknande i vedovn heime eller på hytta.
d)bråtebrenning, brenning av daudgras og brenning av tørt hageavfall utanom tettbygd strøk, (i eller i nærleiken av skogsmark er det forbod mot open eld i perioden 15. april-15. september).
e)Sankthansbål som inneheld reint trevirke, papp og papir.
f)ranke- og flatebrenning i skogbruket.
g)Open brenning av avfallstrevirke utanom tettbygd strøk.
§ 6.Dispensasjon

Administrasjonssjefen kan i særlige tilfeller, og etter ein miljøfaglig vurdering, dispensere frå forbodet i § 4 etter skriftlig søknad.

§ 7.Tilsyn

Administrasjonssjefen fører tilsyn med at retningslinene i denne forskrift blir fylgt.

§ 8.Klage

Vedtak fatta av kommunen kan påklagast til kommunal klagenemnd, eller til fylkesmannen dersom vedtaket er fatta av hovudutvalet for teknisk, plan, landbruk og naturforvaltning.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrift kan medføre straffeansvar jf. forurensningsloven § 78.

§ 10.Ikrafttreden

Denne forskrift trer i kraft frå 1. januar 2008.