Forskrift om vass- og avløpsgebyr, Gol kommune, Buskerud

DatoFOR-2007-11-20-1311
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
EndrerFOR-1992-06-30
Gjelder forGol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort29.11.2007   kl. 14.50
KorttittelForskrift om VA-gebyrer, Gol

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Gol kommunestyre 20. november 2007 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).

Kap. 1. Generelle reglar

Kommunens abonnentar betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter samt lokale reglement, bestemmingar og regulativ. Dei viktigaste dokumenta er lista under:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften).
3.Forskrift 26. april 2006 nr. 498 om krav til vannmålere.
4.Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Gol kommune (dette dokument).
5.Gebyrregulativ.
6.Gjeldande Normalreglement for sanitæranlegg, tekniske vilkår.
7.Til ein kvar tid gjeldande leveringsvilkår for vass- og avløpstenesten.
§ 1-1.Formål

Forskrifta gjev reglar om betaling av gebyr for dei vass- og avløpstenester kommunen leverer.

§ 1-2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle abonnentar i kommunen.

§ 1-3.Definisjonar 

Abonnent: Tinglyst eigar/fester av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning. Same gjeld fester av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig bygningar plassert på tomten, og utøver festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtaler med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad), kan det være avtalt at annen enn fester skal være abonnent. Eigar/fester av eigedom, som kommunen i medhald av plan- og bygningslova § 65, § 66 og § 92 krev knytt til kommunal vass- og/eller avløpsleidning. 

Abonnementsgebyr: Årsgebyrets faste del, som skal dekke ein andel av kommunens faste kostnader for vass- og//eller avløpstenester. 

Avløpsleidning: Med avløpsleidning er det i denne forskrift meint separate leidningar for avløp frå sanitærutstyr og industriproduksjon (spillvatn) og leidningar for tak-, drens- og overvatn eller felles leidningar for denne typen avløp. 

Avløpsvatn: Vatn som sleppes ut etter bruk i husholdningar eller industriprosesser, samt overvatn i fellessystem og infiltrasjonsvatn. 

Bueining: Bustad med eit eller fleire rom, eige bad/WC og kjøkkendel, og med separat inngang. 

Bruksendring: Med endring i eigedommens bruk meinast her endring mellom ulike kategoriar, som til dømes bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentlig verksemd. jf. plan- og bygningslova § 87 og § 91a. 

Eingongsgebyr for tilknyting: Eingongsgebyr for etablering/endring av abonnement på vass- og/eller avlaupstenester. 

Felles privat leidning: Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er knytt til det kommunale leidningsnettet via felles private leidning. 

Fritidsbustad/hytte: Fast eigedom med bygningar regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte, stølsbu eller godkjent seksjonert del av bygg til fritidsføremål. 

Gebyrregulativet: Kommunens gjeldande prisoversikt for vass- og avløpsgebyr. Satsane i gebyrregulativet oppdaterast årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd: Ervervsmessig verksemd. 

Offentlig verksemd: Verksemd drive av stat, fylkeskommune eller kommune.

§ 1-4.Gebyrtypar

Gebyrtypane er:

a)Eingongsgebyr for tilknyting, for vatn og avløp
b)Årsgebyr, for vatn og avløp
c)Eige gebyr for bestemte tenester som til dømes leige av vassmålar.

Gebyrsatsar og gebyr for bestemte tenester vedtas av kommunestyret i eige gebyrregulativ.

§ 1-5.Klage og omgjering

I samsvar med reglane i forvaltningslova og kommunelova kan vedtak i medhold av desse forskriftene påklagast til kommunens klagenemd.

Gebyr skal betalast innan forfallsdato, unnateke når kommunen skriftlig har gjeve utsetjing av betalinga, jf. Skattebetalingslova § 30.

Kommunen kan etter skriftlig søknad fråfalle utskrivne gebyr heilt eller delvis om særlige grunner tilseier det. Kommunens avgjersle er å betrakte som eit enkeltvedtak.

Vedtak om storleiken på gebyra, som går fram av gebyrregulativet, reknast som forskrift jf. forvaltningslova. dette er ikkje enkeltvedtak og kan difor ikkje påklagast.

§ 1-6.Innbetaling av gebyr

Årsgebyra blir fordelt over minst 2 terminar pr. år. For eigedomar som betaler etter målt forbruk og/eller avløpsmengde, kan kommunen krevje à konto betaling pr. termin. Årlig avrekning blir utført ein av terminane etter måleravlesning.

Årsgebyra skal betalast frå den dato det blir gjeve bruksløyve/midlertidig bruksløyve etter reglane i plan- og bygningslova. Bebygd eigedom som er kravd knytt til kommunal leidning skal betale årsgebyr frå det tidspunkt slik tilknyting er kravd.

Eingongsgebyr for tilknyting forfell til betaling seinast ved tilknyting. Arbeid som krev byggeløyve, herunder graving og fylling, må ikkje starte opp før gebyret er betalt. Dette gjeld enten det er krav om byggeløyve etter plan- og bygningslova § 93 eller melding etter § 81, § 84, 85 eller § 86a.

Om renteplikt ved for sein betaling eller attendebetaling av vatn- og avløpsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 tilsvarande.

Uteståande krav på årsgebyr er sikra med lovpant i eigedomen etter lov om pant av 8. februar 1980 nr. 2 § 6-1. Innkrevjing av både årsgebyr og eingongsgebyr for tilknyting, skjer etter reglane for innkrevjing av skatt jf. lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 4.

§ 1-7.Vedtaksmynde

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av rådmann.

Kap. 2. Tilknytingsgebyr

§ 2-1.Gebyrplikt

Tilknytingsgebyr for vatn og avlaup skal betalast for:

a)Nybygg
b)Tilbygg/påbygg av eksisterande bygg
c)Eksisterande bygg som knytast til eller som kommunen krev knytt til
d)Eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjent
e)Annan permanent tilknyting til kommunalt vatn eller avløpsanlegg.
§ 2-2.Utforming av gebyret

Det skal betalast tilknytingsgebyr for alle bygningar knytta til kommunalt leidningsnett.

Tilknytingsgebyret kan differensierast for bustad- og fritidseigedomar som ligg i kommunalt eller privat bustadfelt og som har betalt refusjon eller anna form for opparbeidingskostnad for vatn- og avløpsanlegg.

For bygg som består av både bustad og annen type lokale, betalast gebyr for kvar av desse.

Dersom nybygg erstattar bygg som tidligare har vore lovlig knytt til, kjem arealet frå desse til frådrag ved berekning av tilknytingsgebyret. Vilkåra er at nytt igangsettingsløyve vert gjeve innan 5 år etter at bygningane er fjerna eller fråkopla.

Inndeling av grupper for tilknyting samt differensiering av gebyr blir fastsatt av kommunestyret i gebyrregulativet.

§ 2-3.Berekning av gebyret

Tilknytingsgebyra blir berekna i forhold til bygningens storleik i tråd med reglane i NS-3940 for bruksareal.

For mellombelse bygg og brakker bereknast tilknytingsgebyr som fylgjer:

a)For 0-1 år reknast 25 % av fullt gebyr
b)For 1-2 år reknast 50 % av fullt gebyr
c)For 2-3 år reknast 75 % av fullt gebyr
d)For meir enn 3 år reknast 100 % av fullt gebyr

Kommunen kan fastsette avvikande eingongsgebyr for tilknyting når tilknyting krev ekstra høge/låge kostnadar.

§ 2-4.Gebyrsats for tilknyting som ikkje er godkjent

For eksisterande bygg med tilknyting som ikkje er godkjend, betalast tilknytingsgebyr etter gjeldande sats på det tidspunktet kravet blir sett fram.

§ 2-5.Ansvar for betaling av gebyr

For nybygg har tiltakshavar ansvar for betaling av gebyret. For eksisterande bygg har heimelshavar/eigar ansvaret.

Kap. 3. Årsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt

Årsgebyr skal betalast for alle eigedommar som:

a)er knytt til kommunalt vatn- eller avløpsanlegg.
b)er pålagt tilknyting i medhald av lov, og fristen for tilknyting er løpt ut. (Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter § 1 og § 2.)
c)er ubebygd og som kommunen kunne ha krevd knytt til dersom eigedomen var bebygd.
§ 3-2.Utforming av gebyra

Det bereknast årsgebyr for vassforsyning og avløp med:

a)Ein fast del (abonnentsgebyr)
b)Ein mengdeavhengig del (forbruksgebyr)

Abonnentsgebyret er eit fast beløp som betalast av alle eigedommar og bereknast pr. eigedom eller bueining.

Forbruksgebyret er eit variabelt gebyr som vert rekna ut frå forbruk, målt eller stipulert. Eigedommar som har godkjend vassmålar betalar forbruksgebyr basert på årlig vassforbruk og pris pr. m³ . Andre abonnentar betalar forbruksgebyr etter stipulert forbruk basert på bygningens areal.

§ 3-3.Eigedom utan godkjend tilknyting

Om tilknytinga ikkje er godkjend av kommunen skal abonnenten betale gebyr frå og med det tidspunkt tilknyting har skjedd. Har kommunen ikkje anna berekningsgrunnlag, reknar ein ut gebyr etter skjønn. Slik berekning inneber ikkje at kommunen har godkjend tilknytinga.

§ 3-4.Ansvar for gebyra

Abonnenten har ansvar for betaling av gebyr, uansett om gebyrkrava er retta mot abonnenten eller anna rekningsmottakar.

Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarlig for gebyra. Gjeld slikt samarbeid et sameige etter lov om eigarseksjonar, er kvar abonnent ansvarlig for mengdeavhengig del av gebyret i forhold til sin eigarandel, om ikkje anna er fastsett i sameigets vedtekter eller bindande vedtak i sameiget.

§ 3-5.Ansvar for opplysningar om abonnement

Abonnenten har ansvar for at kommunen har rette data og grunnlag kring abonnementsforholdet.

Abonnenten skal melde endringar i abonnementsforholdet til kommunen. Fram til kommunen har motteke melding om endringar skal abonnenten betale årsgebyr som tidligare.

Om mangelfulle eller feil opplysningar har ført til feilaktig gebyrberekning skal berekningane rettast og differansen gjerast opp. Krav som er forelda etter reglane om forelding av fordringar dekkast ikkje.

§ 3-6.Berekning av gebyr

Same forbruk i m³ leggast til grunn for berekning av både vassgebyr og avløpsgebyr.

For ubebygd eigedom skal årsgebyret begrense seg til gebyret for fast del (abonnentsgebyret) jf. § 3-2 bokstav a.

Fråflytting eller fråvær gjev ikkje grunnlag for frådrag i gebyr.

For næringsverksemd der forbruket av vatn til produksjon medfører at mengda av avløpsvatn avviker vesentlig frå målt vassforbruk, kan kommunen basere avløpsgebyret på eigen måling av tilført avløpsvatn til kommunalt nett, eller på særskilt avtale.

For avløpsvatn som avvik frå vanlig husholdningsavløp og virker fordyrande på drift og vedlikehald av kommunens avløpsanlegg, kan kommunen fastsette eit tillegg til avløpsgebyret for dekking av meirkostnadane.

For spillvatn frå produksjonsprosess eller liknande som etter løyve frå kommunen er ført i grunnen, i privat leidning direkte til vassdrag, eller i separat kommunal overvannsleidning, betalast ikkje avløpsgebyr. Slikt vatn skal målast separat.

§ 3-7.Betaling etter stipulert forbruk

Betaling etter stipulert forbruk gjeld for fritidsbustader/hytte som berre er knytta til kommunal avløpsleidning og som ikkje har installert vassmålar.

Abonnenten har rett til å få montert vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Kommunen kan pålegge abonnent med stipulert forbruk å installere vassmålar og betale gebyr etter målt forbruk.

Stipulert vassforbruk blir fastsatt til m³ per m² bruksareal. Storleiken på stipulert vassforbruk blir årlig fastsett av kommunestyret og kjem fram av gebyrregulativet.

§ 3-8.Betaling målt forbruk

Betaling etter målt forbruk gjeld for:

a)Nye og eksisterande bygg unntatt fritidsbustader/hytte som ikkje har installert vassmålar
b)Eigendom som har utvendig eller innvendig basseng på over 3 m³
c)Anna anlegg med permanent tilknyting i medhald av § 2-1

d) Byggeprosjekt der det er behov for oppføring av brakkerigg eller brakke, sjølv om tilknytinga er mellombels.

Abonnent som har installert vassmålar, kan ikkje krevje abonnementet endra til betaling etter stipulert forbruk.

§ 3-9.Tillegg i årsgebyr

Tilleggsgebyr kan skrivast ut der abonnenten unnlèt å etterkomme kommunens krav om utbetring av eigen vass- og/eller avløpsanlegg innan ein gitt frist, og der dette fører til meirkostnader for kommunen.

Gebyret gjeld frå ein månad etter at pålegget er gjeve og inntil pålegget er etterkome.

Tilleggsgebyr kan også skrivast ut der abonnenten unnlèt å montere pliktig vassmålar.

Gebyrets storleik avgjerast av kommunen og skal være i samsvar med kommunens kostnader knytt til forholdet.

Storleiken på tilleggsgebyra blir fastsatt av kommunestyret i gebyrregulativet.

§ 3-10.Frådrag i årsgebyr

Kommunen kan fråfalle påløpt årsgebyr heilt eller delvis dersom særlige grunnar tilseier det.

Krav om redusert gebyr må fremmast innan 4 ukar etter at forholdet oppsto, dersom ikkje kommunen har fatta vedtak av eige tiltak om gebyrreduksjon.

Kap. 4. Vassmålar

§ 4-1.Installasjon

Kommunen bestemmer:

-kor mange vassmålarar den enkelte abonnent skal ha
-type, storleik og plassering
-når målar skal installerast.

Ved oppdeling eller seksjonering av eksisterande eigedom med vassmålar, skal kvar av dei nye einingane ha eigen vassmålar. Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar der det vil være uforholdsmessig kostbart å installere eigen målar for kvar eining. Årsgebyret fordelast på abonnentane etter reglane i § 3-4 andre ledd.

Vassmålar skal være installert seinast når det blir gjeve bruksløyve/midlertidig bruksløyve eller eigedomen blir teke i bruk, for eksisterande eigedom når den knytast til. Unnlates dette, skal abonnenten betale etter reglane i § 3-9.

§ 4-2.Eigarforhold

Vassmålaren er kommunens eigedom dersom ikkje anna ordning er avtalt med abonnenten.

§ 4-3.Kostnadar

Vassmålar som skal nyttast som grunnlag for kommunens berekning av årsgebyr, bekostes av kommunen. Vassmålarar ut over dette bekostes av abonnenten. Installasjon av vassmålar blir bekosta av abonnenten.

§ 4-4.Avlesing

Abonnenten skal lese av vassmålaren så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett frist.

Unnlet abonnenten å lese av målaren, kan kommunen fastsette årsgebyret skjønnsmessig etter purring. Kommunen kan sjølv lese av målaren utan ytterligare varsel til abonnenten og kan fastsette særskilt gebyr for dette.

Dersom kontroll av vassmålaren viser at den er innenfor målergrensene jf. § 4-7, gjev unormal høgt vannforbruk ikkje grunnlag for redusert gebyr.

§ 4-5.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målar tilgjengelig for avlesing og tilsyn.

Abonnenten skal jevnlig føre tilsyn med målar. Blir ein målar skadd eller går tapt, skal abonnenten straks melde frå til kommunen. Som skade reknast også at plombering av målaren er brote. Kommunen kan krevje erstatning for tap eller skade.

Kommunen kan føre tilsyn med målar. Kontrollør frå kommunen skal legitimere seg utan oppfordring.

§ 4-6.Nøyaktigheitskontroll

Kommunen og abonnent kan krevje nøyaktigheitskontroll av målar. Kommunen avgjere om kommunen eller ekstern kontrollinstans skal utføre denne kontrollen.

Krev abonnenten ytterligare nøyaktigheitskontroll av målar, skal abonnenten bære kostnadene ved slik kontroll dersom testresultatet ligg innanfor feilmarginen etter § 4-7.

I motsatt fall ber kommunen kostnadene.

§ 4-7.Avrekning ved feilmåling

Dersom målaren ved kontroll syner meir enn 5 % for høgt forbruk, har abonnenten krav på tilbakebetaling for feilmålinga.

Tilbakebetalinga reknast frå det tidspunkt feilen vert antatt å ha oppstått. Krav som er forelda etter reglar om forelding av fordringar vert ikkje refundert.

Syner målaren meir enn 5 % for lavt forbruk, har kommunen krav på tilleggsbetaling etter tilsvarande regler.

Er plomberinga av målaren brote, har abonnenten ikkje krav på tilbakebetaling.

§ 4-8.Utskifting og flytting

Utskifting av målar blir bekosta av kommunen, men av abonnenten om behovet for utskifting skuldast forhold abonnenten har ansvar for.

Kommunen kan krevje flytting av målar som er plassert i strid med kommunens krav til plassering. Abonnenten bekoster slik flytting.

Kap. 5. Ikrafttreden mv.

§ 5-1.Ikrafttreden og oppheving av tidlegare forskrifter

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2008. Frå same tid opphevast forskrift 30. juni 19921 for vatn- og avløpsavgifter.

1Ikke kunngjort i Norsk Lovtidend.