Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Time kommune, Rogaland

DatoFOR-2007-12-11-4975
Publisert
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706,
Kunngjort
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Time

Heimel: Fastsett av Time kommunestyre 11. desember 2007 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9 og delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindra forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar. Det blir og lagt vekt på å sikra at ukontrollerte brannar ikkje oppstår.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta er meininga med:

a)Open brenning: All brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: Omnar for brenning av avfall som ikkje har løyve frå Miljødirektoratet eller fylkesmannen, eller som er godkjend etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
c)Vedomn: Omn godkjend i samsvar med teknisk forskrift til plan- og bygningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i små omnar

All open brenning og brenning av avfall i små omnar er forbode med mindre anna følgjer av forskrifta sin § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning er likevel tillate:

a)Open brenning på grillinnretning eller utepeis.
b)Bålbrenning som del av natur og friluftsliv i nærleiken av skogsmark i perioden 15. september–15. april.
c)Brenning av avfallstrevirke i vedomn som ikkje inneheld miljøfarlege stoff (til dømes impregnert eller malt trevirke).
d)Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk.
e)Sankthansbål (det er berre tillate å brenna greiner og anna reint trevirke).
f)Ranke- og flatebrenning i skogbruket. Løyvet gjeld berre brenning av skogsavfall på staden.
Oppsamlaskogsavfall blir å sjå på som næringsavfall og skal leverast til godkjend mottak i samsvar med forureiningslova § 32.
g)Halmbrenning i jordbruket. Løyvet gjeld berre brenning av halmstubbar ute på jordet.

Oppsamla halmavfall blir å sjå på som næringsavfall og skal leverast til godkjend mottak i samsvar med forureiningslova § 32.

Brenning etter punkt d), e), f) og g) skal varslast til brannvernet. Bålbrenning skal i tillegg godkjennast av grunneigar.

Brenning må skje på dagtid (gjeld ikkje sankthansbål). Det blir ikkje gitt løyve til brenning på sun- og helgedagar eller påskeafta. Dette gjeld likevel ikkje brenning etter punkt a), b), c) og e).

Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt. Sløkking skal seinast vera utført før det blir mørkt. Sløkkeutstyr må vera lett tilgjengeleg.

§ 6.Dispensasjon

Time kommune kan i særlege høve gi dispensasjon frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen skal føra tilsyn med at denne forskrifta blir følgt opp.

§ 8.Klage

Vedtak fatta av rådmannen i medhald av denne forskrifta kan påklagast til kommunestyret. Vedtak fatta av kommunestyret kan påklagast til fylkesmannen.

§ 9.Straff

Overtreding av denne forskrifta kan medføra straffeansvar, jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Ikrafttreden

Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2008.