Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Fedje kommune, Hordaland

DatoFOR-2007-12-13-1511
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forFedje kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort20.12.2007   kl. 16.00
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Fedje

Heimel: Fastsett av Fedje kommunestyre 13. desember 2007 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kap. 16. 

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avlaupstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lov og forskrift og av lokale reglement, føresegner, regulativ og leveringsvilkår. Dei viktigaste dokumenta er lista nedanfor:

-Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
-Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensing av forurensing (forurensningsforskriften) kap. 16.
-Forskrift 13. desember 2007 nr. 1511 om vass- og avlaupsgebyr, Fedje kommune (dette dokumentet)
-Andre dokument:

Gebyrregulativ for vatn og avlaup i Fedje kommune

Reglar for bruk av vassmålarar i Fedje kommune.

§ 1.Føremålet med forskrifta

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vass- og avlaupstenestene som kommunen leverer.

§ 2.Verkeområdet for forskrifta

Forskrifta gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning. For eigedom med fleire parsellar, vert likevel kvar parsell rekna som ein abonnent dersom parsellane ikkje har felles grense.

Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og avlaupsleidning. 

Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avlaupstenester. 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940:

Sjå Norsk Standard 3940. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Gebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avlaupstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Gebyrregulativet:

Namnet på den gjeldande prisoversikta for vass- og avlaupsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Stipulert forbruk:

Forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bruksarealet. 

Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avlaupstenestene i kommunen.

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avlaupstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avlaupstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avlaupstenester.

Eingongsgebyret blir betalt for eigedom der det står bygg, eller ved førstegongsoppføring av bygg på eigedom, som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avlaupsnett.

Eingongsgebyret skal vere likt for alle abonnentar og skal betalast ved tilknyting første gong.

Storleiken på gebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyr for vass- og avlaupstenester skal betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar: abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Samla abonnementsgebyr for kommunale avlaupstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til avlaupstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Abonnementsgebyr er det same for alle abonnentar.

Forbruksgebyret skal vera basert på målt eller stipulert vassforbruk. Kvar einskild abonnent kan velja kva for avrekningsmåte han ynskjer.

Gebyr for målt forbruk vert fastsett etter faktisk vassforbruk og pris pr. m³ .

Gebyr for stipulert forbruk vert fastsett basert på bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk er definert i gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Både kommunen og abonnenten kan krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld «reglar for bruk av vassmålarar» i kommunen.

Kommunen held vassmålar. Abonnenten må nytta kommunen si målar.

Abonnenten betalar kostnader med installasjon, drift, avlesing m.m. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslipp).

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avlaup gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 9.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avlaupsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureinsningslova § 7. Etter forureinsningslova § 73 kan ein gje forureinsningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureinsningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein tidfest frist som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut, vert årsforbruket fastsett av kommunen.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten når eigedomen er tilknytta.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over 4 terminar pr. år.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året. Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over 4 terminar basert på eit standard forbruk. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av rådmannen.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket og med Fedje formannskap som klageinstans.

Vedtak om storleik på gebyra er forskrift og vert vedteke av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2008.