Forskrift om gebyr for vatn og avløp, Vågå kommune, Oppland

DatoFOR-2007-12-18-1839
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forVågå kommune, Oppland
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort14.01.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Vågå

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vågå kommunestyre 18. desember 2007 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) del 4A kap. 16.

I. Generelle reglar

Abonnentar i kommunen betaler for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter i tillegg til lokale reglement, reglar, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er opplista nedafor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) del 4A, kap. 16, om kommunale vass- og avløpsgebyr.
3.Forskrift 18. desember 2007 nr. 1839 om gebyr for vatn og avløp i Vågå kommune (dette dokumentet).
4.Dokument elles:
-Gebyrregulativ
-Leveringsvilkår for drikkevatn og avløpstenester
-Reglar for bruk av vassmålar
-Gjeldande normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative vilkår)
-VA-norm for Vågå kommune (basis i Norvars mal).
§ 1.Formålet med forskrifta

Forskrifta gjev reglar for utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for kommunale vass- og avløpstenester.

§ 2.Kva forskrifta gjeld

Forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar
-Abonnent:

Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtala ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig bygningar som er på tomta, og utøver festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtaler med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad), kan det vera avtala at andre enn festar skal vera abonnent.

Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning. I samsvar med lov om kommunale vass- og kloakkavgifter kan avgift krevjast også for eigedom det ikkje er bygt på, når kommunen kunne kravd tilknyting til kommunalt leidningsnett dersom det hadde vore hus på eigedommen.

-Abonnementsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekkje dei faste kostnadene til kommunen for vass- og/eller avløpstenester.

Abonnementsgebyret for vass- og/eller kloakkavgifter blir fastsett etter følgjande soner: 

Sone 1:Gjeld eigedommar som ikkje kjem inn under sone 2 eller 3.
Sone 2:Gjeld eigedommar ved Lemonsjøen/i Randsverk
Sone 3:Gjeld eigedommar i Sjodalen
 
-Bueining:

Bueining betyr bustad/fritidsbustad med eitt eller fleire rom og med separat inngang, som har eige bad/WC og kjøkkendel. 

-Brukarkategori:

Inndeling i kategoriar etter bruken av eigedommen, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

-Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla)

Forenkla kan ein seia at bruksareal omfattar:

-Arealet innafor ytterveggene i bustaden og
-Del av fellesareal som tilhøyrer bustaden, men som ligg utafor ytterveggene i bustaden. For detaljar, sjå NS-3940. 
-Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen er det her meint endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

-Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester. 

-Felles, privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidningen. 

-Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som skal betalast etter forbruk (målt eller stipulert). 

-Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygningar som er regulerte/godkjende til fritidsbustad/hytte. 

-Gebyrregulativet:

Nemninga på dei gjeldande prisoversiktene for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdaterte årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

-Næringsverksemd:

Inntektsgjevande verksemd. 

-Offentleg verksemd:

Verksemd drivi av stat, fylkeskommune eller kommune.

-Stipulert forbruk:

Forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsareal. 

-Årsgebyr:

Det samla gebyret som skal betalast årleg av abonnentar for kommunale vass- og/eller avløpstenester. Årsgebyret utgjer abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Gebyr for vatn og avløp

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting i forhold til brukarkategori
-Årsgebyr (abonnementsgebyr i forhold til brukarkategori og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til vass- og/eller avløpstenester.

Tilknytingsgebyret for bustader/fritidsbustader skal betalast for eigedom det er bygt på og nybygg som blir tilknytt offentleg vass- og/eller avløpsnett og blir utrekna pr. bueining. Bustadeigedom (einebustad) med hybelhusvære blir rekna som ei bueining. Tilknytingsgebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet. Det blir ikkje berekna gebyr ved utviding av bueininga.

Tilknytingsgebyr for næringsverksemd og offentleg verksemd blir fastsett etter bygningsareal målt som bruksareal (BRA). Ved tilbygg eller påbygg kan det krevjast tillegg i tilknytingsgebyret dersom tilknytinga fører med seg auka forbruk. Tillegget i tilknytingsgebyret gjeld når utvidinga er over 200 m² . Tilknytingsgebyret blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

Kommunen kan fastsetja avvikande eingongsgebyr for tilknyting når tilknytinga fører til ekstra høge eller låge kostnader.

For eigedommar i område der det blir ført fram offentleg leidningsnett og som har etablert privat vass- og/eller avløpsanlegg, skal tilknytingsgebyret bereknast slik det går fram av gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for vass- og avløpstenester skal betalast av alle abonnentar og består av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr.

Samla abonnements- og eingongsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje dei kostnadene kommunen kan vente å få når det gjeld slike tenester. Resten blir dekt inn gjennom forbruksgebyret.

Samla abonnements-/og eingongsgebyr for kommunale avløpstenester skal dekkje dei kostnadene kommunen kan vente å få når det gjeld slike tenester. Resten blir dekt inn gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal utreknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret blir differensiert etter brukarkategori og plassering i forsyningsområdet (næringseigedom eller fritids-/bustadeigedom).

-Abonnementsgebyr for næring skal betalast av næringseigedommar (eigedommar der hovuddelen er næring) og offentlege verksemder. Abonnementsgebyret for vatn blir fastsett etter dimensjonen på inntaksleidning for vatn. Skiljet går ved eigedommar med inntaksleidning som har innvendig diameter over eller under 26 mm.
-Abonnementsgebyr for bustad- og fritidseigedom skal betalast av alle abonnentar elles. Burettslag, sameiger, tomannsbustad etc. betaler pr. bueining. Bustadeigedom (einebustad) med eitt hybelhusvære blir rekna som ei bueining. Abonnementsgebyret er avhengig av kva sone eigedommen ligg innafor, jf. § 3 «Definisjonar». Eksempel: For eigedommar i sone 2 skal abonnementsgebyret for kloakk utreknast etter satsar fastsette for sone 2. For eigedommar i sone 3 skal abonnementsgebyret for vatn utreknast etter satsar fastsette for sone 3. 

Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Fritids-/hytteabonnentar betaler etter faktisk (målt) vassforbruk eller som stipulert forbruk basert på berekning av bruksareal slik det er definert i NS-3940, og etter pris pr. m³ .

Abonnentar elles betaler etter faktisk (målt) vassforbruk, eller etter stipulert forbruk basert på berekning av bruksareal slik det er definert i NS-3940, og etter pris pr. m³ .

Omrekningsfaktor for stipulert forbruk (m³ /m² ) er definert i gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengde blir rekna lik vassmengde, sjå likevel § 8.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld dei kommunale reglane for bruk av vassmålarar.

Kostnader med installasjon, drift, avlesing m.m. skal dekkjast av abonnenten. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativet.

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein næringsabonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp baserast på målt eller stipulert/berekna avløpsmengde (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd, der innhaldet i avløpsvatnet avvik frå vanleg hushaldningsavløp og verkar fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av det kommunale avløpsanlegget, kan det bereknast påslag på eller frådrag frå forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane. Påslag/frådrag blir berekna etter retningsliner utgjevne av SFT, 1989, TA679 - eller ev. seinare oppdaterte retningsliner. Eiga påsleppsavtale må i så fall etablerast, jf. kap. 15A i forureiningsforskrifta, del 4.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gjev ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting er å forstå bygg/anlegg som har innlagt vatn, men der bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på dette er anleggsbrakker.

Abonnenten skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i forhold til den tida tilknytinga gjeld. Storleiken på gebyr for næringsverksemd går fram av gebyrregulativet.

Det skal ikkje betalast eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader som gjeld tilknyting og fråkopling skal betalast av abonnenten.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, der det er mogleg å søkje om forlenging. Elles gjeld VA-norma for Vågå kommune.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten pålegg om å utbetre eigne avløpsanlegg innan fastsett frist, jf. forureiningslova § 7. Etter § 73 i denne lova kan kommunen påleggje eit forureiningsgebyr dersom forholdet ikkje er utbetra når fristen er utgått. Dersom den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget, kan kommunen sørgje for iverksetting av tiltaka, jf. forureiningslova § 74.

Kommunen kan be abonnenten utbetre eigne drikkevassanlegg innan fastsett frist som grunnlag for å kunne fastsetja vassforbruket. Dersom forholdet ikkje er utbetra når fristen er utgått, blir årsforbruket stipulert.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten står ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samtidig som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gjeve, eller når eksisterande bygg blir kopla til kommunal leidning.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir innkravde på felles faktura etter gjeldande faktureringsrutinar i kommunen.

Gebyr for mellombels tilknyting blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort så ofte kommunen meiner det er nødvendig og minst éin gong pr. år. Forbruksgebyret skal betalast à konto etter gjeldande faktureringsrutinar i kommunen. Avrekning skjer primært 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto-beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring skjer.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk er kopla frå leidningsnettet til kommunen. Ved innvilga søknad om fritak, opphøyrer abonnementet når melding er mottatt om at tilknytningspunktet er plombert. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting skal fullt ut dekkjast av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande reglar

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav om årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmyndigheit

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av administrasjonssjefen.

§ 14.Klage

Avgjersler etter forskrifta som er enkeltvedtak, følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyrstorleik er forskrift og blir vedtatt av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Iverksetting

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2008.