Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tømming av slamavskiljarar og tette tankar, Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kommunar, Hordaland

DatoFOR-2007-12-20-1818
PublisertII 2008 hefte 2
Ikrafttredelse05.07.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forAustevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes kommunar, Hordaland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§31, LOV-1981-03-13-6-§32, LOV-1981-03-13-6-§33, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort05.06.2008   kl. 15.25
KorttittelForskrift for innsamling av hushaldsavfall, Hordaland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Fitjar kommunestyre 19. september 2007, Tysnes kommunestyre 25. september 2007, Bømlo kommunestyre 12. november 2007, Austevoll kommunestyre 13. november 2007, Stord kommunestyre 6. desember 2007, Sveio kommunestyre 17. desember 2007 og Kvinnherad kommunestyre 20. desember 2007 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, § 26, § 30, § 31, § 32, § 33, § 34, § 37, § 79, § 83 og § 85.

Kapittel 1. Heimel og verkeområde

Denne forskrifta er laga med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) § 9, § 26, § 30, § 31, § 32, § 33, § 34, § 37, § 79, § 83 og § 85.

Forskrifta er gjort gjeldande for alle eigedomar i følgjande kommunar som eig SIM

-Austevoll (13. november 2007)
-Bømlo (12. november 2007)
-Fitjar (19. september 2007)
-Kvinnherad (20. desember 2007)
-Stord (6. desember 2007)
-Sveio (17. desember 2007)
-Tysnes (25. september 2007).

Kapittel 2. Generelt

§ 1.Føremål

Forskrifta skal sikra ei miljømessig og økonomisk forsvarleg oppsamling, innsamling, transport og slutthandsaming av

-hushaldsavfall
-farleg avfall/spesialavfall
-slam frå slamavskiljarar og tette tankar mv.

Forskrifta gjeld også avfallsgebyr og slamgebyr.

§ 2.Definisjonar 

abonnementeining er kvart sjølvstendig hus/husvære/bueining/hytte/fritidshus m.m. med eige eller felles kjøken. 

abonnent er eigar/seksjonseigar eller festar av eigedom som vert omfatta av den kommunale renovasjonsordninga og/eller slamtømmeordninga. 

bioavfall er organisk avfall/matrestar frå kjøken. 

behaldar er den oppsamlingseining for avfall som kommunen til ei kvar tid stiller til rådvelde for sine abonnentar. Med behaldar meiner ein alle typar einingar, også sekk og konteinar. 

brukar er abonnent, eller den som på vegne av abonnent, brukar behaldar eller fellesbehaldar. 

fellesbehaldar er ei oppsamlingseining for avfall som vert stilt til rådvelde for fleire abonnentar, eller for fleire abonnementeiningar. 

hushaldsavfall er avfall frå private hushald, også større gjenstandar som inventar og liknande. 

farleg avfall er avfall som på grunn av fare for alvorleg forureining, eller for skade på menneske eller dyr, ikkje kan handsamast i lag med anna hushaldsavfall. 

fritidsbustad er fråflytta heilårsbustad som vert nytta til ferieføremål og som er godkjent omdisponert av kommunen. 

gebyr er det som abonnenten må betala for å ha tilbod om gjeldande renovasjonsordning og/eller slamtømmeordning. 

gebyrregulativ er oppbygging av, og oversyn over, gebyra. 

heimekompostering er kjeldesortering og lokal disponering av bioavfall. 

hentestad er staden der renovatøren hentar behaldaren og tømmer/kastar denne i renovasjonsbilen. 

hytte er feriebustad eller permanent oppsett campingvogn. Med «permanent oppsett» meiner ein oppstilling i 3 md. eller meir. 

kjeldesortering er å halda ulike avfallstypar skilt frå kvarandre heime, utan samanblanding, og å levera dei i/til tilviste behaldarar. 

køyrbar veg er veg der renovasjonsbilen/slambilen kan køyra lovleg på ein forsvarleg måte. Det vert vist til SIM sine retningsliner for nye transportvegar. 

miljøsentral er ein innleveringsstad for kjeldesortert avfall, også farleg avfall, og dei delar av hushaldsavfallet som på grunn av storleik, type eller mengde ikkje skal i, eller får plass i, behaldaren som vert henta ved abonnenten sin hentestad. Abonnenten må sjølv frakta avfallet til miljøsentralen og sortera det. 

oppstillingsplass er den plassen heime der abonnenten til dagleg stiller opp behaldaren sin eller anna innsamlingseining. 

offentleg stad- reinhald av er ikkje omfatta av denne forskrifta. Oppsamling av avfall frå slik plass må løysast av eigar, jf. § 35 i forureiningslova. 

renovatør er SIM, eller person/firma som samlar inn og transporterer hushaldsavfall på oppdrag frå SIM. 

restavfall er det avfallet som er att etter at kjeldesorterte fraksjonar er tekne ut. 

returpunkt er ein ekstra innleveringsstad som abonnenten kan bringa (kjelde-)sortert avfall til. 

SIM er Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS. 

slam er fekaliar og andre faste element som er del av ordinært sanitært avlaupsvatn frå private eller offentlege avlaupsanlegg. Silgods frå reinseanlegg med spalteopning < 3 mm vert rekna som slam når silanlegget er godkjent som einaste reinsing av avlaupsvatnet frå sanitæranlegg. 

slamavskiljar er oppsamlingstank for slam frå sanitært avlaupsvatn frå kommunale eller private avlaupsanlegg. 

slamtømmeutstyr, vanleg, er slamsugebil med slangeutlegg på 100 m eller traktor med gyllevogn. 

spesialavfall er avfall som på grunn av storleik, fare for alvorleg forureining eller fare for skade på menneske eller dyr ikkje kan handsamast i lag med anna hushaldsavfall. 

tett tank er oppsamlingstank, utan utlaup, for sanitært avlaupsvatn frå kommunale eller private avlaupsanlegg. 

turisme - avfall frå er ikkje omfatta av denne forskrifta. Oppsamling av avfall frå turistar må løysast av den verksemd, kommune eller vegstyresmakt som har ansvar etter forureiningslova § 35 og § 36.

§ 3.Tvungen renovasjon og tvungen slamtømming

Tvungen kommunal renovasjonsordning gjeld for alle abonnementeiningar i kommunen.

Kommunen kan etter søknad unnta særskilde eigedomar frå renovasjonsordninga. I slike tilfelle må krava etter forureiningslova § 7 og § 28 vera oppfylte.

At eigedomen er fjerntliggjande eller vanskeleg tilgjengeleg, er ikkje fritaksgrunn dersom hentestaden ikkje er vesentleg vanskelegare tilgjengeleg enn næraste veg, busstopp, handelsmann eller offentleg kai/parkeringsplass.

Kommunen kan i unntakshøve, og etter fråsegn frå SIM, vurdera alternative avfallsløysingar. Dette gjeld abonnentar som av omsyn til helse eller funksjonsevne ikkje kan nytta dei behaldarane som hovudløysinga er tufta på, og kommunen sitt hjelpeapparat heller ikkje kan nyttast. Slike løysingar må passa inn i renovasjonsordninga totalt sett og ikkje undergrava hovudintensjonane i ordninga. Søknad må framsetjast skriftleg og vera grunngjeven.

Ein kan fastsetja særskilde ordningar og gebyr for tenester ut over hovudløysinga, så som tillegg for henting av behaldar på oppstillingsplass heime e.l.

I tvilstilfelle er det kommunen som, etter fråsegn frå SIM, avgjer kva som skal reknast som hushaldsavfall. Kommunen eig, og har rett til, verdiane i hushaldsavfallet.

Utan skriftleg løyve frå kommunen må ingen samla inn hushaldsavfall i SIM-kommunane. SIM skal gje førehandsfråsegn i slike saker. Unnateke er dei løyve forureiningsstyresmaktene gjev i medhald av forureiningslova § 30, siste setning.

Tvungen slamtømming gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett oppsamlingstank for avlaupsvatn frå sanitære avlaupsanlegg. Ingen har rett til fritak frå tømmeordninga, men dersom anna ikkje er vedteke, gjev kommunen som regel unnatak for eksisterande slamavskiljar/tett tank som er utanfor rekkevidda til vanleg slamsugeutstyr.

På stader der det ikkje er råd å koma til med vanleg slamsugeutstyr, kan SIM krevja særskilt tømmegebyr.

Kvar eigedom som er kopla til felles, privat slamavskiljar vert vurdert som om den har eigen slamavskiljar. Alle som er tilkopla felles slamavskiljar står solidarisk ansvarlege for å betala gebyr for den.

Større, private fellesanlegg skal handsamast i samsvar med krava i utsleppsløyvet.

Kommunen kan nekta å gje, og kan også kalla attende, utsleppsløyve for avlaupsvatn dersom det ikkje er tilkomst til eigedomen med slamsugebil eller tilsvarande utstyr som slamtømmeordninga til ei kvar tid gjer bruk av.

Utan skriftleg løyve frå kommunen, kan ingen andre enn SIM eller den renovatøren SIM har kontrakt med, henta inn slam i SIM-kommunane. 

Slamtømmeordninga gjeld ikkje for:

-Grovt silgods frå forbehandlingsanlegg til reinseanlegg.
-Slam frå olje-, bensin- og feittavskiljarar, og dessutan slam frå sandfang, unnateke sandfang som er del av kloakkreinseanlegg.
-Slam frå prosessvatn frå industri som skal handsamast i samsvar med utsleppsløyve for verksemda og gjeldande regelverk for industriavlaup til kommunale eller felles, private avlaupsanlegg.

Kapittel 3. Innsamling m.m. av hushaldsavfall

§ 4.Kommunen sine plikter

For at ny rute for innsamling av hushaldsavfall skal kunna opprettast, må tal abonnenteiningar langs ruta vera minst fire. Avstanden mellom dagens hentestad og ynskt hentestad må vera større enn 150 m. Søknad om oppretting av ny rute skal vurderast av SIM.

SIM stiller til rådvelde for abonnent dei behaldarar, fellesbehaldarar og konteinarar renovasjonsordninga til ei kvar tid krev. SIM leverer ut, reparerer og skifter behaldarar når det trengst.

Hushaldsavfallet skal hentast med fastsette intervall. Dette kan fråvikast i situasjonar med streik eller force majeure, ved rørlege helgedagar og dessutan ved ekstraordinære tilhøve som krev oftare avfallstømming. Dersom sjåføren i medhald av vegtrafikklova finn å ikkje kunna utføra oppdraget grunna manglande tryggleik, kan tømming bli utsett. I slike tilfelle vil SIM finna avbøtande tiltak.

Kommunen skal i god tid kunngjera planlagde endringar i henteintervalla, og elles informera abonnentane om endringar i abonnementstilhøva og kostnadskonsekvensane av dei.

Renovatøren pliktar å ta med avfall som er lagt i godkjent behaldar, så sant avfallet tilfredsstiller krava i § 8 og er sortert i samsvar med gjeldande renovasjonsordning.

Feilsortert avfall eller mangelfullt sortert avfall skal renovatør ikkje ta med på den ordinære henteruta.

Abonnent må ev. sortera avfallet til neste hentedag.

Oppsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt, søl o.l.

Etter oppsamling skal renovatør setja behaldaren tilbake til hentestaden (eller den avtalte oppstillingsplassen) med ev. lok lukka, og gjera bruk av sikringsordningar som er etablert for å hindra behaldarane i å koma på avvegar i vind etc.

Søl frå tømminga skal fjernast av renovatøren. Dette gjeld også søl på returpunkt for (kjelde-)sorterte avfallsfraksjonar som abonnenten sjølv må bringa til mottak, og på miljøsentralane. For rekkjehus, blokker, seksjonerte eigedomar, burettslag og liknande tett busetnad, og for hytter, fritidseigedomar, utleigehyttar, campingplassar mm, kan kommunen påleggja fleire abonnentar eller abonnementeiningar å bruka fellesbehaldarar og/eller konteinarar. Dette gjeld også abonnentar som bur slik til at bosbilen ikkje kjem fram og vegstandarden gjer at det vil vera vesentlege problem med å få behaldarane fram til hentestaden.

Fleire abonnentar kan også, etter eige ynskje og etter avtale med kommunen, gå saman om fellesbehaldarar.

Dersom det viser seg at avfallshandsaminga ikkje vert forsvarleg, kan kommunen innanfor ramma av lovverket og denne forskrifta påleggja abonnentane andre ordningar enn dei som går fram av gjeldande renovasjonsordning.

§ 5.Abonnenten sine plikter

Abonnenten pliktar å følgja dei vedtak som kommunen har fatta om renovasjonsordninga og kjeldesortering.

Abonnenten er ansvarleg for at plasseringa og bruken av behaldarane skjer i samsvar med denne forskrifta.

Abonnenten er den økonomisk ansvarlege part i høve til kommunen.

Henting av avfallet skjer i tida frå kl. 06.00 til kl. 22.00. For å ha krav på innsamling, pliktar abonnenten å setja rett behaldar fram til køyreveg veg innan kl. 06.00 tømmedagen. Behaldaren skal vera opplåst tømmedagen og stå ute til han er tømt.

Abonnenten skal bringa behaldaren tilbake frå hentestad til oppstillingsplass same dag som tømminga har funne stad.

Abonnenten er ansvarleg for å motverka at born leikar med behaldarane, også fellesbehaldarane, og skal sikra at born ikkje kan koma opp i eller verta skadde av større fellesbehaldarar som er stilte til rådvelde.

Abonnenten er ansvarleg for at behaldaren vert halden rein i samsvar med krav frå kommunehelseansvarleg, og dessutan for å fara fint med han. Abonnenten er ansvarleg for å motverka at behaldaren valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad. Skade som følgje av manglande sikring er abonnenten sitt ansvar etter gjeldande rett.

Abonnenten skal sortera avfallet slik renovasjonsordninga til ei kvar tid krev. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør varsla om dette og ikkje ta med avfallet på den ordinære ruta.

Abonnenten skal syta for naudsynt reinhald av hentestad og oppstillingsplass, jf. likevel § 4 om renovatøren sitt ansvar for å fjerna søl.

Kjeldesortert avfall som det er etablert mottaksordning for, og som det ikkje er henteordning for, skal bringast til miljøsentral eller returpunkt.

På miljøsentralen, returpunktet eller hentestaden skal abonnenten ikkje setja avfall utanom konteinaren/behaldaren. Abonnenten er økonomisk ansvarleg for opprydding i slike høve.

Eigar av eigedom med aktivitet som etter denne forskrifta skulle tilseia at eigedomen var med i den kommunale renovasjonsordninga, og som ikkje står i gebyrregisteret til kommunen, har plikt til å melda frå til kommunen om tilhøva. Han står også ansvarleg for alle kostnader dette medfører i medhald av denne forskrifta.

Eventuelle endringar i abonnementsforhold, som eigarforhold, innflytting, fråflytting, nedriving, brann osb., skal straks meldast skriftleg til kommunen. Gebyrplikt gjeld til melding er motteken.

§ 6.Brukaren sine plikter

Dersom brukar av renovasjonsordninga og abonnent ikkje er same juridiske person, har brukar same plikter som abonnent, med unnatak av det økonomiske tilhøvet til kommunen.

§ 7.Plassering av behaldarar og krav til veg

Hentestaden skal liggja ved køyrbar veg, der bosruta går. SIM skal kunna godkjenna - og kan krevja utbetring av - hentestaden i samsvar med krava til oppstilling av behaldarane.

På hentestaden skal behaldaren plasserast lett tilgjengeleg på eit plant og fast underlag i bakkenivå. Det skal avsetjast tilstrekkeleg areal til behaldarar, samt manøvreringsareal for desse. Tilkomsten skal vera fri for hindringar som kan gjera hentinga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar, brøytekantar osb.

På oppstillingsplassen skal behaldaren plasserast slik at han ikkje er til ulempe for nabo med omsyn til lukt eller søl, og slik at han er verna mot vind og vêr, og åtak frå skadedyr, fugl mm. Plassert innomhus, skal rommet behaldaren står i vera lufta.

Vegstandard, vedlikehald, tilkomst, utforming av hentestad osb. skal tilfredsstilla kommunen sine krav. Godkjent bruk av privat veg etter skriftleg søknad, skal regulerast i skriftleg avtale mellom vegeigar og kommunen. Retningsliner for køyreveg for renovasjonsruter skal leggjast til grunn, jf. vedlegg 1.1

Etter særskilt avtale og godtgjersle kan oppstillingsplassen heime verta definert som hentestad.

1Vedlegg utelatt, se bakerst.
§ 8.Bruk av behaldarar

Det skal berre nyttast behaldarar som SIM skaffar til vegar og plasserer ut, og som har godkjent merking og identifikasjon. Behaldarane tilhøyrer SIM og må berre brukast til oppsamling av den type avfall dei er merka for.

Behaldarane er registrerte på den einskilde eigedomen og følgjer denne. Dei skal ikkje fjernast frå eigedomen ved eigarskifte.

Bortkomne eller øydelagde behaldarar utover normal slitasje skal erstattast økonomisk av abonnent.

Behaldaren må ikkje fyllast meir enn at ev. lok kan lukkast tett til, ev. at «muleband» kan knytast, slik at hygieniske ulemper eller søl ikkje oppstår. Avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldaren lett kan tømmast, ev. sekk kan verta løfta og kasta i bilen. Sekk må sikrast mot skade frå fugl, katt mm.

Vekta av avfallet bør ikkje overstiga 30 kg per 140 l dunkvolum, eller 15 kg per sekk.

Skarpe eller knuselege ting etc. skal vera forsvarleg innpakka før plassering i behaldaren. Avfall som kan gje støvplage under innsamling må emballerast. Varm oske må avkjølast heilt før ho vert emballert og lagt i behaldaren.

Farleg avfall skal bringast til miljøsentralen eller til annan, nærare kunngjort henteplass eller mottaksordning. Farleg avfall skal ikkje leverast blanda med anna avfall. Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren.

Vidare må det ikkje leggjast større metallting, stein og jord, større mengder hageavfall, sand, grus eller bygningsavfall. I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande avfall, eksplosivt avfall eller avfall som kan sjølvtenna.

Konteinarar som er meint for hytter og fritidshus, skal ikkje brukast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller anlegg for turisme.

§ 9.Spesielle oppsamlingsordningar

Det vert arbeidd med å fremja utvikling av meir effektive oppsamlingsordningar for spesielle situasjonar. I slike høve kan anna enn standard behaldarar og system tillatast.

Ved organisert innsamling av spesielle avfallstypar med tanke på attvinning, eller for å løysa eller førebyggja avfalls- eller forureiningsproblem, kan kommunane avgjera at dette avfallet skal haldast skilt frå resten av avfallet, og samlast opp i eller leverast til eigne behaldarar.

I denne forskrifta vert det fastsett separat innsamling/innlevering for dei fraksjonar som til ei kvar tid er vedtekne.

Separat innsamling av andre fraksjonar kan innførast ved rullering av avfallsplan eller ved særskilt vedtak i kvar enkelt kommune.

I eigne vedlegg til denne forskrifta kan det gjevast særreglar for handtering av særskilte avfallsfraksjonar. Særreglane skal godkjennast av kommunen.

§ 10.Heimekompostering

Der det ligg til rette for det, kan abonnenten velja å kompostera matavfallet sitt sjølv. Heimekompostering som del av renovasjonsordninga forutset skriftleg avtale mellom kommunen og abonnenten. For å få slik avtale må abonnenten dokumentera at han har tilfredsstillande kunnskap om bruk av godkjent varmkompostbinge og korleis sluttproduktet skal disponerast. Kompostbingen må vera isolert, slik at det går an å kompostera om vinteren, og sikra mot at fuglar, gnagarar og andre dyr kan koma til avfallet. Kommunen skal kunna kontrollera kompostbingen og at komposteringa føregår i tråd med retningslinene i avtalen. Ved ulemper kan kommunen inndra løyvet til å heimekompostera.

Kapittel 4. Innsamling av slam frå slamavskiljarer, tette tankar mv.

§ 11.Kommunen sine plikter

Slam frå slamavskiljarar og tette tankar for sanitært avløpsvatn frå fastbuande og hytter, skal hentast med dei intervall som går fram av forskrift om begrensning av forurensning, § 12-13. Slamtankar for hus skal tømmast minst annakvart år, for hytter minst fjerdekvart år. Praktisk intervall kan ymsa med 4 månader på kvar side.

Det er råd å tinga ekstratømming utanom ordinær rute. Ekstratømming vert fakturert særskilt og i tillegg til gebyret ved den ordinære tømminga.

Slam frå større, kommunale slamavskiljarar og reinseanlegg, og større private anlegg, skal hentast i samsvar med krava i utsleppsløyvet.

Kommunen kunngjer ny tømmerunde i rimeleg tid. I tillegg skal den fastbuande abonnenten varslast skriftleg med tømmevarsel i postkassa minimum éi veke før tømminga. Fritidshus- og hytteabonnentar skal varslast skriftleg med adressert post i rimeleg tid før tømminga tek til.

Kommunen kan iverksetja andre varslingsordningar som kommunen finn meir tenleg.

Oppsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt o.l.

Renovatør har rett til å plassera det utstyret som trengst på eigedomen for å få gjennomført tømminga. Etter oppsamling skal renovatør leggja lok attende på slamavskiljaren, lukka portar og gjera bruk av sikringsordningar som er etablerte for å hindra nokon i å koma ned i slamavskiljaren.

Søl frå tømminga skal fjernast av renovatør. Dette gjeld også søl på omlastepunkt for slam og utsleppsstad for rejektvatn.

Skade på eigedom som følgje av renovatøren si framferd, skal dokumenterast. Renovatøren er ansvarleg for utbetring av, eller utbetaling av erstatning for, slik skade. Dette gjeld ikkje dersom vegeigar, bruksrettsinnehavar eller vegstyre har påteke seg dette ansvaret, jf. «Fråsegn om rett til bruk av privat veg».

§ 12.Abonnenten sine plikter

Abonnenten pliktar å melda seg inn i den kommunale slamtømmeordninga, og sjå til at han til ei kvar tid er innmeldt.

Abonnenten skal syta for at anlegga som skal tømmast er lett tilgjengelege for tømming med slamsugebil eller anna utstyr som slamtømmeordninga til ei kvar tid disponerer. Det må ikkje etablerast hindringar som gjer det vanskeleg å tømma.

Abonnenten skal grava fram alle lok som ikkje ligg i dagen og ev. fjerna snø, is etc. frå lok på slamavskiljar/tett tank i god tid før tømminga.

Abonnenten skal merka slamavskiljaren med merkelapp, påført gnr. og bnr., og eventuelt laga vegviseskilt dersom slamavskiljaren/tanken ligg vanskeleg til.

Abonnenten er ansvarleg for å sikra loka i samsvar med krava i plan- og bygningslov 14. juni 1985 nr. 77 § 83. Sikringa må ikkje vera til hinder for tømminga.

Dersom loka ikkje er gravne fram, og heller ikkje vert gravne fram etter nytt varsel og ny frist, vert tømminga rekna som utført. Det same gjeld dersom abonnenten nektar renovatør å koma til slamavskiljaren eller den tette tanken. Abonnenten må i så fall betala for tilbodet. Kommunen skal ha varsel om tilhøva og kan påleggja tømming, som då vil verta fakturert etter medgått kostnad, med minimum gebyr som for ekstratømming. I slike høve kan kommunen kalla attende utsleppsløyvet.

Kapittel 5. Gebyr

§ 13.Oppbygging av gebyra

Avfallsgebyret/slamgebyret skal fullt ut dekka kostnadene med innsamling, transport, mottak, oppbevaring, behandling, etterkontroll mv. av avfallet/slammet. Gebyrinntektene må ikkje overstiga kommunen sine kostnader.

Gebyrsatsane skal byggjast opp slik at dei i hovudsak speglar dei reelle kostnadene med kvar av deltenestene renovasjonsordninga og slamtømmeordninga gjev tilbod om. Satsane skal i hovudsak vera basert på levert mengd.

Avfallsgebyra kan differensierast for å motivera til

-Redusert avfallsmengd
-Auka sortering og attvinning
-Meir effektiv avfallsinnhenting.
§ 14.Fastsetjing av gebyr og kven som skal betala gebyr

Kommunestyret fastset avfallsgebyr og slamgebyr årleg.

Gebyr skal betalast av den som eig ein eigedom som vert omfatta av ordning for innsamling av avfall eller tømming av slamavskiljar, privet mv. Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir, skal likevel festar svara gebyret om ikkje anna er avtalt. Det same gjeld når festar har rett til å få festet forlenga, slik at den samla festetida vert meir enn 30 år.

For tilbodet om renovasjonsordning skal abonnenten betala avfallsgebyr til kommunen for kvar abonnementeining.

For tilbodet om slamtømmeordning skal abonnenten betala slamgebyr til kommunen. Abonnenten skal som minimum betala minstegebyr etter gjeldande forskrift for krav til teoretisk storleik på slamavskiljar. For felles slamavskiljarar som kommunen kan godkjenna og som ikkje tilfredsstiller krava til storleik, skal kvar tilkopla eining svara gebyr tilsvarande minimumsgebyret for eininga.

Hytter, firmahytter, rorbuer osb. som vert brukte til utleige, skal ha renovasjonsordning som fastbuande, og også betala gebyr som fastbuande.

Betalingssatsar for innlevering av avfall til miljøsentralane vert fastsett av SIM.

I spesielle høve kan SIM fastsetja gebyr.

§ 15.Innkrevjing og renter

Avfalls- og slamgebyr med oppsamla renter og kostnader er sikra ved lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling, og inndriving av gebyra, gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarande.

Kapittel 6. Dispensasjonar, sanksjonar, klager mv.

§ 16.Dispensasjon

Kommunane kan gje dispensasjon frå § 7 og § 8 i denne forskrifta. Abonnenten pliktar å informera kommunen dersom grunnlaget for tildelt dispensasjon vert endra. Det kan stillast vilkår for dispensasjonen. Vilkåra må i tilfelle liggja innanfor føremålet med denne forskrifta.

§ 17.Sanksjonar

Kommunane kan påleggja abonnenten å auka behaldarvolumet dersom dette er naudsynt for å sikra tilstrekkeleg sortering av avfallet, eller for å hindra at avfallet vert oppbevart eller disponert på ein uheldig måte.

Kommunen kan for abonnenten si rekning påleggja ekstra henting av avfall som ikkje er sortert i samsvar med gjeldande avfallsordning.

Pålegg om opprydding m.m. og betaling vert handsama i samsvar med § 37 i forureiningslova.

Brot på forskriftene vert straffa med bøter etter forureiningslova § 79, 2. ledd.

Dersom abonnenten ikkje oppfyller opplysningsplikta, eller gir feil opplysningar, slik at det vert betalt for lågt gebyr, kan kommunen foreta ei avrekning tre år bakover i tid.

Dersom fritak vert innvilga på grunnlag av ukorrekte eller manglande opplysningar frå abonnent, kan kommunen etterfakturera frå fritaksdato.

§ 18.Klage

Vedtak heimla i denne forskrifta kan påklagast dersom vedtaket er eit enkeltvedtak, jf. forvaltningslova § 2b og forureiningslova § 85. Klagen vert handsama etter forvaltningslova sitt regelverk, jf. forvaltningslova kap. VI. Klagen vert sendt til det forvaltningsorgan som har fatta vedtaket.

§ 19.Delegering

SIM er kommunen sitt utøvande organ for gjennomføring av renovasjonsordninga og slamtømmeordninga i samsvar med selskapet sine vedtekter og kommunale einskildvedtak.

Mynde i samsvar med ovannemnde vert lagt til SIM i samsvar med forureiningslova § 83, 2. ledd. 

Vedlegg er utelatt, men finnes på Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS sine hjemmesider www.sim.as.