Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Fjell kommune, Hordaland

DatoFOR-2008-04-24-424
PublisertII 2008 hefte 2
Ikrafttredelse01.06.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjell kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort08.05.2008   kl. 16.05
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Fjell

Heimel: Fastsett av Fjell kommunestyre 24. april 2008 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar
a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forurensningstilsyn eller fylkesmannen, eller er tillate etter statlege forskrifter etter forureiningslova.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode om ikkje anna følgjer av § 5 i forskrifta.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere tillate:

a)Open brenning frå grill, utepeis og kaffibål
b)Brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert og malt trevirke
c)Brenning av avispapir og liknande i vedomn
d)Bråtebrenning for rydding av beite og vedlikehald av kulturlandskap på gardsbruk
e)Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk
f)Sankthansbål av reint trevirke.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglane i denne forskrifta vert overhaldne.

§ 8.Klage

Vedtak etter denne forskrifta er å rekne som enkeltvedtak og kan påklagast til kommunen si faste klagenemnd.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan medføre straffeansvar jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta vert sett i verk frå 1. juni 2008.