Forskrift om vatn- og avløpsgebyr, Vang kommune, Oppland

DatoFOR-2008-04-24-4969
Publisert
Ikrafttredelse24.04.2008
Sist endret
EndrerFOR-1995-01-10
Gjelder forVang kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, LOV-2012-03-16-12, FOR-2004-06-01-931-§16-1
Kunngjort
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Vang

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vang kommunestyre 24. april 2008 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 16-1.

I. Innhald

II. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vatn- og avløpstenester levert av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og av lokale reglement, føresegner og regulativ.

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften), kapittel 16.
3.Forskrift om vatn- og avløpsgebyr i Vang kommune (dette dokumentet).
4.Andre dokument:
-Gebyrregulativ.
-Gjeldande Normalreglement for sanitæranlegg (Tekniske og administrative avgjerder).
§ 2-1.Formål

Forskrifta bestemmer utrekning og innbetaling av dei gebyra abonnentane skal betale for dei vatn- og avløpstenestene kommunen leverer.

§ 2-2.Verkeområde

Forskrifta gjeld alle abonnentar i kommunen, sjå definisjon i § 3, med unntak av abonnentar i Raudalen som er tilknytt Øystre Slidre kommune sitt vassverk/avløpsanlegg. For desse gjeld Øystre Slidre kommune sine forskrifter.

§ 2-3.Definisjonar 

Abonnent:

-Eigar/festar av eigedom som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og eller avløpsledning direkte eller gjennom felles stikkledning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig dei bygningane som er plassert på tomta, og utøver festerett slik det går fram av lov om tomtefeste. For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad) kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vera abonnent.

-Eigar/festar av eigedom, som kommunen i medhald av § 26, § 65, § 66 og § 92 i plan- og bygningslova har krevd tilknytt kommunalt vatn- og avløpsledning. 

Abonnementsgebyr: Den faste delen av årsgebyret. 

Berekna areal (BA): Arealet skal reknast ut etter reglane i NS 3940 for bruksareal (BRA). Berre arealet som er innafor ytterveggane skal takast med.

For bustadar med meir enn ein etasje korrigerast BRA med desse faktorane:

Kjellarplan er eit plan der underkant dekke eller himling er høgst 0,5 m over planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen: 0.2.

Underetasjeplan er eit plan der underkant dekke eller himling er høgare enn 0,5 m og høgst 1,5 m over planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen: 0,5.

Etasjeplan er eit plan der underkant dekke eller himling er høgare enn 1,5 m over planert terrengs gjennomsnittsnivå rundt bygningen: 0,6.

Hovedplan er bustadens største plan. Alle bustader har eit hovedplan: 1,0.

Loftsplan er eit plan der breidda mellom dei innvendige skrå takflater i høgde 1,9 er mindre enn 1,9. Er bredda større, blir planet definert som etasjeplan: 0,3. 

Bruksendring: Med endring i bruken av eigedommen meiner ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad//hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Bueinheit: Med bueinheit forstås bustad/hytte/fritidsbustad/leiligheit med eit eller fleire rom og med separat inngang, samt eige bad/WC og kjøkkendel. 

Eingongsgebyr for tilknyting: Eingongsgebyr for etablering/endring av abonnement på vatn- og/eller avløpstenester. 

Felles privat ledning: Privat leidning eigd i fellsskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale ledningsnettet via felles privat ledning. 

Forbruksgebyr: Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Fritidsbustad/hytte: Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjent til fritidsbustad/hytte. 

Gebyrregulativet: Gebyrregulativet er namnet på den gjeldande prisoversikta for vatn- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd: Forretningsverksemd (eks. turistverksemd, gardsbruk, verksemd knytt til areal regulert til erverv i arealplanar). 

Offentleg verksemd: Verksemd drive av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk: Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet. 

Årsgebyr: Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vatn- og/eller avløpstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

§ 2-4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vatn- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting (tilknytingsgebyr).
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr).
-Gebyr for leige av vassmålar.
§ 2-5.Ansvar for opplysning om abonnement

Abonnenten har ansvar for at kommunen har korrekte data om abonnementsforholdet. Abonnenten skal melde endringar til kommunen.

§ 2-6.Betaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gjeve, eller når eksisterande eigendom blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vera betalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr, forbruksgebyr og gebyr for leige av vassmålar blir kravd inn på felles faktura og blir fordelt over 1 eller 2 terminar pr. år.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong for året. Forbruksgebyret blir betalt á konto basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre á kontobeløpet.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Storleiken på gebyra blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 2-7.Innkrevjing av gebyr

Forfalle krav på årsgebyret er sikra med pant i eigendommen etter lov om pant § 6-1. Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 2-8.Vedtaksmyndigheit

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av Rådmannen.

§ 2-9.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV–VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir sendt til den instansen som har fatta vedtaket. Vedtak om gebyras storleik er forskrift og blir vedteke av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

III. Tilknytningsgebyr

§ 3-1.Gebyrplikt

Lov om kommunale vass- og avløpstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknytning, tilknytningsgebyr til vatn- og avløpstenester.

Tilknytningsgebyr for vatn og avløp skal betalast for:

a.Nybygg.
b.Tilbygg/påbygg av eksisterande bygg.
c.Eksisterande bygg som blir knytt til eller som kommunen krev knytt til.
d.Annan permanent tilknytning til kommunalt vatn eller avløpsanlegg.
§ 3-2.Utrekning av gebyret

Eingongsgebyret skal betalast etter berekna areal (BA) og avrundast ned til næraste 10 m² .

Sjå definisjon av bruksarealet (BA) i § 2-3.

For driftsbygning i landbruket skal berre den isolerte delen reknast med.

Dersom nybygg erstatter bygg på same tomt som tidlegare har vore lovlig tilknytt, kjem arealet frå desse til frådrag.

Hovudutvalet i kommunen har fullmakt til å vedta avvikande tilknytingsgebyr i særlege tilfeller.

§ 3-3.Mellombels tilknytning

Med mellombels tilknytning meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode på inntil 3 år. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Tilknytningsgebyr skal ikkje betalast ved mellombels tilknytning. Alle kostnader ved tilkobling og fråkobling betalast av eigar/festar av eigedomen.

IV. Årsgebyr

§ 4-1.Gebyrplikt

Årsgebyr skal betalast for alle eigedomar som:

a.Er tilknytt kommunalt vatn- og /eller avløpsanlegg.
b.Er pålagt tilknytning i medhold av lov, og fristen for tilknytning er gått ut.
§ 4-2.Utforming av gebyra

Det skal bereknast årsgebyr for vassforsyning og avløp med:

a.Ein fast del (abonnementsgebyr).
b.Ein mengdeavhengig del (forbruksgebyr).

Abonnementsgebyret er eit fast beløp pr. eigedom. Der fleire eigedomar har felles vassmålar skal det bereknast abonnementsgebyr for kvar eigedom. Kommunen kan vedta ulik sats for ulik kategori eigedom.

Forbruksgebyr skal betalast etter målt eller stipulert forbruk, som vassforbruk i m³ .

§ 4-3.Berekning av gebyr

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengda blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Om forskrifta ikkje krev installering av vassmålar kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 4-4.Betaling etter stipulert forbruk

Betaling etter stipulert forbruk gjeld for frittliggjande fritidsbustad/hytte med ei eller to bueinheiter som ikkje er til utleige eller næring.

I særskilte tilfelle kan kommunen bestemme at det skal betalast etter stipulert forbruk også for andre bygg.

Stipulert forbruk skal bereknast etter berekna areal (BA), avrunda nedtil nærmaste 10 m² . Sjå definisjon av berekna areal (BA) i § 2-3.

Omrekningsfaktor for fritidsbustad/hytte som ikkje er for utleige er 0,5 m³ /m² pr. år.

Omrekningsfaktor for andre bygg er 1.0 m³ /m² pr. år.

Både kommunen og abonnenten kan krevje montering av vassmålar frå dei som etter § 4-4 skal betale etter stipulert forbruk.

§ 4-5.Betaling etter målt forbruk

Betaling etter målt forbruk gjeld for alle abonnentar bortsett frå dei som etter § 4-4 skal betale etter stipulert forbruk.

Abonnentar som har montert vassmålar kan ikkje krevje abonnementet endra til stipulert forbruk.

Abonnentar som samarbeider om felles vassmålar, er solidarisk ansvarleg for gebyra.

§ 4-6.Avvik i årsgebyret

Dersom avlaupsmengda frå ein abonnent er vesentleg størrre eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avlaup bli basert på målt eller stipulert/utrekna avlaupsmengd (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg husholdningsavløp og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avlaup basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 4-7.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbedring av eigne avløpsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureinsingslova § 7. Etter forureinsingslova § 73 kan ein gje forureinsningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf, forureiningslova § 74.

Tilsvarande kan kommunen pålegge utbetring av anlegget til abonnenten dersom feilen påfører kommunen ekstra kostnader og/eller går ut over kapasitet, forsyningsevne og forsyningssikkerheit for vannforsyning og avløp. I krisetilfelle kan kommunen halde privat vannledning stengt fram til feil er utbetra.

§ 4-8.Mellombels tilknytning

Med mellombels tilknytning meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men kor bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode på inntil 3 år. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Ved mellombels tilknytning skal det betalast abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

§ 4-9.Tidsbegrensa fritak for årsgebyr

Etter søknad kan kommunen gje tidsbegrensa fritak for årsgebyr når ein bustad- eller næringseigedom blir ståande ubrukt i ei periode på over ½ år utan at eigedomen fysisk blir kobla frå kommunens ledningsnett. Tidsbegrensa fritak blir ikkje gjeve med tilbakeverkande kraft. Stoppekran kan plomberast og målar kan avlesast av kommunen i fritaksperioden. Hytter/fritidsbustader/støler/utleigehytter kan ikkje fritakast.

§ 4-10.Opphør av abonnent

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyr når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt ledningsnett. Ved innvilga søknad om fritak opphøyrer abonnementet når melding om at tilknytningspunktet/anboringspunktet er plombert er motteke.

V. Vassmålar

§ 5-1.Installasjon

Kommunen bestemmer type, plassering og storleik på målaren.

Alle abonnentar skal installere vassmålar.

Unnateke frå dette er frittliggjande fritidsbustader/hytte med ei eller to bueinheiter som ikkje er for utleige eller næring.

Abonnentar kan samarbeide om felles vassmålar. Dette er særleg aktuelt for nybygg som inneheld fleire seksjonar eller for eksisterande bygg som blir seksjonert. Merk at det likevel skal betalast abonnementsgebyr for kvar abonnent/eigedom etter § 4-2 og ansvaret for betaling etter § 4-5.

Kommunen skaffar vassmålar. I særskilte tilfelle kan det avtalast at abonnenten skaffar vassmålar. I alle tilfelle er vassmålaren kommunen sin eigedom.

Kommunen avgjer kven som skal stå for installasjon av målaren. Utgifter til installasjon betalast av abonnenten.

Etter montering skal vassmålaren vere plombert.

§ 5-2.Avlesing

Abonnenten skal lese vassmålaren så nær fastsett tidspunkt for avrekning som mogeleg og sende resultatet til kommunen innan fastsett tid.

§ 5-3.Tilsyn og vedlikehald

Abonnenten skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og vedlikehald. Blir ein målar borte eller skada, skal eigaren straks melde dette til kommunen. Som skade reknast også at plomberinga er borte. Kommunen kan krevje full erstatning for tap eller skade.

§ 5-4.Flytting, byting m.m.

Kommunen avgjer kven som skal stå for vedlikehald og eventuell flytting, byting eller fjerning av målaren. Utgifter til dette betalast av abonnenten.

Ved byting vil kommunen halde vassmålar.

§ 5-5.Kontroll

Kommunen kan etter skriftleg søknad gå med på kontroll av vassmålaren. Viser kontrollen ei feilavlesing på minst 5% vert justering eventuelt utskifting av målaren utført utan utgifter for abonnenten. Dersom eventuell mengde ikkje kan reknast ut nøyaktig nok, skal avgifta justerast for den perioden det er tvil om, etter gjennomsnittet av næraste avlesingsperiode før feilen er oppstått, og etter at han er retta.

§ 5-6.Leige

For kjøp og vedlikehald betaler abonnenten eit årleg gebyr for leige av vassmålar.

VI. Iverksetjing

§ 6-1.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2008 og erstattar forskrift 16. desember 1977 med seinare endringar.