Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg, Stord og Fitjar kommunar, Hordaland

DatoFOR-2008-10-29-1223
PublisertII 2008 hefte 5
Ikrafttredelse29.10.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forStord og Fitjar kommunar, Hordaland
HjemmelFOR-2004-06-01-931-§12-6, LOV-1981-03-13-6-§9
Kunngjort20.11.2008   kl. 16.00
KorttittelForskrift om utslepp av avløpsvann, Stord og Fitjar

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Stord kommunestyre 16. oktober 2008 og Fitjar kommunestyre 29. oktober 2008 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 12-6, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forurensningsloven) § 9.

§ 1.Verkeområde

Forskrifta gjeld utslepp av sanitært avløpsvatn for bustader, fritidsbustader, turistverksemder og liknande, mindre enn 50 personekvivalentar (pe) i kommunane Stord og Fitjar i Hordaland. For utslepp av gråvatn, gjeld denne forskrifta berre dersom det er innlagt vatn (jamfør forureiningsforskrifta § 12-1).

Denne forskrifta gjeld ikkje for tidsavgrensa utslepp, til dømes utslepp frå anleggsverksemd.

Krav i denne forskrifta erstattar krava § 12-7 - § 12-13 i forureiningsforskrifta.

Forskrifta gjeld i nærare fastsette områder som vist på kart1 i målestokk 1:50 000, dagsett 22. mai 2008.

Avløp frå bustader, turistverksemder og liknande i område med utbygd offentleg leidningsnett skal som hovudregel koplast til offentleg nett og vert dermed ikkje omfatta av denne forskrifta, jf. plan- og bygningslova § 66 nr. 2 samt forureiningslova § 23.

1Kart utelatt.
§ 2.Definisjonar
-Med sanitært avløpsvatn er meint avløpsvatn som i hovudsak kjem frå stoffskifte til menneske og frå hushaldningsaktivitet, mellom anna avløpsvatn frå vassklosett, kjøken, bad, vaskerom eller liknande.
-Med gråvatn er meint avløpsvatn frå vask og dusj.
-Med svartvatn er meint avløpsvatn frå vassklosett.
-Med resipient er meint vassforekomst som mottek forureining frå avløpsanlegg. Resipient for infiltrasjonsanlegg er grunnvatn. Resipient for alle andre typar anlegg er overflatevatn (sjø, brakkvatn, innsjø, elv eller bekk).
-Med områdeplan er meint plan for vassforsyning og avløp for eit avgrensa område.
-Med verksemder er meint bustadhus, fritidsbustader, turistverksemder og liknande.
-Med innlagt vatn er meint vatn frå vassverk, brønn, cisterneanlegg eller liknande, og som med røyr eller leidning er ført innandørs.
-Med personekvivalent (pe) er meint den mengde organisk stoff som vert broten ned biologisk med eit biokjemisk oksygenforbruk målt over fem døgn, BOF5, på 60 g oksygen per døgn (NS-9426). 1 pe svarer til utslepp frå 1 person. Tal pe vert rekna som største mengde per veke til reinseanlegg eller utsleppspunkt i løpet av året, og vert rekna etter NS-9426: Bestemmelse av personekvivalenter, pe, til bruk i utsleppstillatelse for avløpsvatn.
-Med tot-P er meint total fosfor. Analysemetoden skal følgje NS-EN-ISO-6878.
-Med BOF5 er meint eit biokjemisk oksygenforbruk over fem døgn. Dette er eit mål på innhald av organisk stoff i vatn. Analysemetoden skal følgje NS-EN-1899-1 eller NS-EN-1899-2.
-E-Coli (Escherichia) er eit mål på om det er ferske tarmbakteriar i vatnet.
-Med hydrogeologisk kompetanse er meint kompetanse om grunnvatn og reinsing av avløpsvatn i infiltrasjonsanlegg. Ein må ha tilstrekkeleg kunnskap innanfor fagområda geologi, hydrogeologi og vasskjemi, til å kunne vurdere sentrale parametrar som: infiltrasjonskapasitet, hydraulisk kapasitet og reinsemedium.
-Med sårbar sjøresipient er meint sjøområde med dårleg utskifting av vatn og/eller dårleg miljøtilstand.
-Med god sjøresipient er meint sjøområde med djup straumførande sjø.
-Med ferskvassresipient er meint alle innsjøar, elvar, bekker og veitar.
-Med utsleppspunkt er meint endepunkt for tett utløpsleidning frå reinsearrangement, dvs. der avløpet blir tilført resipienten. I denne forskrifta er det utsleppspunktet til avløpsanlegget som fastset kva for eit geografisk område anlegget tilhøyrer og som dermed fastset kva for reinsekrav som gjeld.
-Med den ansvarlege er meint den som er ansvarleg for verksemda, jf. forureiningslova § 7.
§ 3.Gebyr for sakshandsaming og kontroll

Gebyr for sakshandsaming og kontroll vert fastsett årleg av kommunestyra i kommunane Stord og Fitjar og går fram av regulativet i dei einskilde kommunane.

§ 4.Krav til planlegging og søknad

Skjema «Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg» skal nyttast.

Verksemder som prosjekterer skal vere godkjent i aktuelle godkjenningsområde etter plan- og bygningslova. Den som utfører grunnundersøking eller prosjektering av infiltrasjonsanlegg skal ha hydrogeologisk kompetanse.

I tettbygde område skal ein sjå avløpsløysingane i samanheng. Kommunen avgjer i kva område dette gjeld og kva krav til områdeplanlegging som gjeld.

Søkjar skal henta inn opplysningar om tilstanden for drikkevasskjelder, rekreasjon og næringsverksemd som kan tenkast å bli omfatta av utsleppet.

Ved anlegg på annanmanns grunn skal eigar av anlegget tinglyse fråsegn frå grunneigar om løyve til dette. Dette gjeld både for leidningsanlegg og reinseanlegg. Kopi av fråsegn for seinare tinglysing skal liggje ved søknaden.

Ved privat fellesanlegg skal dei som er tilknytt avløpsanlegget inngå avtale om solidarisk drifts- og vedlikehaldsplikt. Avtalen skal sendast til kommunen seinast ved førespurnad om mellombels bruksløyve/ferdigattest.

§ 5.Utslepp til sårbare sjøresipientar

Anlegga skal oppfylle følgjande utsleppskonsentrasjonar og reinsegrad rekna som årleg middelverdi av det som er tilført reinseanlegget:

ParameterUtsleppskonsentrasjonReinsegrad
Tot-P2,0 mg/l> 60 %
BOF5< 25 mg/l> 70 %

Det er ikkje sett opp måleverdiar for E-coli. Desse måleresultata vert berre nytta som indikator.

Gjeld følgjande resipientar: 

Stord kommune

A.Leiro
B.Valvatnavågen
C.Dåfjorden sør og nord 

Fitjar kommune

D.Dåfjorden nord
E.Hellandsfjorden

Desse resipientane er klassifiserte som sårbare sjøresipientar og er avgrensa som vist med blå krysskravering på oversiktskartet omtalt i § 1.

§ 6.Utslepp til ferskvatn

Anlegga skal oppfylle følgjande utsleppskonsentrasjonar og reinsegrad rekna som årleg middelverdi av det som er tilført reinseanlegget:

ParameterUtsleppskonsentrasjonReinsegrad
Tot-P1,0 mg/l> 90 %
BOF5< 20 mg/l> 90 %

Det er ikkje sett opp måleverdiar for E-coli. Desse måleresultata vert berre nytta som indikator.

Gjeld følgjande område: 

Kommunane Stord og Fitjar

F.Alle ferskvassresipientar med tilhøyrande nedslagsfelt, med unntak av områda omtalt i § 8, Forbod.

Desse resipientane er avgrensa på oversiktskartet omtalt i § 1 på følgjande måte:

-Landområder med mindre tjern, elvar og bekker som ikkje er merka på kartet, er vist med grønt.
-Større innsjøar og elvar er vist med blå farge på oversiktskartet omtalt i § 1.
§ 7.Utslepp til god sjøresipient

Anlegga skal oppfylle følgjande utsleppskonsentrasjonar og reinsegrad rekna som årleg middelverdi av det som er tilført reinseanlegget:

ParameterUtsleppskonsentrasjonReinsegrad
SS180 mg/l> 20 %

Dersom det berre vert slept ut gråvatn til god sjøresipient, kan gråvatnet sleppast ut ureinsa til resipienten.

Desse sjøresipientane er vist med kvit farge på oversiktskartet omtalt i § 1.

§ 8.Forbod

Til følgjande vatn og/eller elvar med nedbørfelt vert det ikkje godkjent nye utslepp av avløpsvatn: 

Stord kommune

G.Vaulane, Tysevatnet og Aravatnet
H.Nedbørfelt ovanfor inntaksdam i elv frå Ravatnet (reservekjelde Stord vassverk)

Fitjar kommune

I.Svartavatnet
J.Gloppevatnet

Desse vassforekomstane vert nytta som drikkevasskjelde eller reservevasskjelde, og er vist med raud skravering på oversiktskartet omtala i § 1.

§ 9.Oppmalt matavfall (avfallskvern)

Det er forbod mot å montere avfallskvern til røyropplegg som er tilknytt private avløpsanlegg.

§ 10.Godkjende reinseløysingar
§ 10-1.Fritidsbustader

Godkjende reinseløysingar for utslepp av grå- og svartvatn:

Som for heilårsbustader jf. § 10-3.

For fritidsbustader utan vassklosett skal ein nytta biologisk klosett. Biologiske klosett skal tilfredsstilla kriteria for Nordisk miljømerking for avløpsfrie klosett og vere merka med Svanemerket.

§ 10-2.Driftsbygningar

Det er forbod mot å føre avløp frå vassklosett i driftsbygning til lager for husdyrgjødsel. Avløp frå driftsbygningar skal etablerast i samsvar med § 10-3.

§ 10-3.Heilårsbustader, bustader i sporadisk bruk, og andre bygningar

Der tilhøva ligg til rette for det, skal ein nytte følgjande reinseløysingar: 

Sårbar sjøresipient

Utslepp til sårbar sjøresipient i § 5 skal ein reinse i prefabrikkert reinseanlegg før utslepp via tett leidning til godkjend djupne i sjø. 

Ferskvatn

Utslepp til ferskvatn i § 6 skal ein reinse i prefabrikkert reinseanlegg før utslepp via tett leidning til vassdrag eller godkjent etterpoleringsanlegg.

Med godkjend etterpoleringsanlegg er meint:

-grunn infiltrasjon med overløp til resipient.
-kum med lecakuler, eller
-landbruksdrenering.

Dersom det er mogleg bør grunn infiltrasjon med overløp til vassdrag bli nytta.

For å hindre ukontrollert slamflukt frå reinseanlegg, skal ein nytta ein 2-kamra 2 m³ slamavskiljar før utslepp via inspeksjonskum til etterpoleringsanlegg. Dette gjeld ikkje for kum med lecakuler. Ved bruk av landbruksdrenering skal anlegget vere intakt og lukka fram til vassdrag, og ha kapasitet til å ta imot tilført avløpsvatn. 

Krav til prefabrikkerte reinseanlegg

Prefabrikkert reinseanlegg skal ha dokumentasjon på at krav til reinseeffekt i denne forskrifta vert tilfredsstilt, og skal tilfredsstille NS-EN-12566-3: «Små avløpsanlegg for inntil 50 personekvivalenter (PT) - del 3: Prefabrikkert og/eller montert på stedet». 

God sjøresipient

Utslepp til gode sjøresipientar i § 7 skal reinsast med prefabrikkert slamavskiljar og skal ha dokumentasjon som tilfredsstille NS-EN-12566-1 «Små avløpsanlegg for inntil 50 PE - del 1: Prefabrikkerte slamavskillere». Slamavskiljarar for enkeltbustader skal minimum ha følgjande minstekrav til våtvolum og tal kamre: 

TypeTotalt våtvolum (m³ )1. kammer2. kammer3. kammer
Bustadeining med klosettavløp4,03,00,50,5
Bustadeining utan klosettavløp2,01,50,5
Fritidsbustad med klosettavløp2,01,50,5
Fritidsbustad utan klosettavløp1,00,70,3

For ytterlegare detaljar, samt våtvolum for slamavskiljarar for fleire einingar, vert det vist til VA/Miljøblad nr. 48/2001.

Slamavskiljar skal plasserast og utformast slik at tømming av alle kammer er mogleg. Plassering og adkomst skal oppfylle krav i «Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tømming av slamavskiljarar og tette tankar» frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS. For tømming frå sjø skal krav i «Retningsliner for tilkomst til slamtank frå sjø» tilfredstillast.

Slamavskiljarar skal tømmast heilt for slam etter behov, men ikkje sjeldnare enn kvart andre år for heilårsbustader og kvart fjerde år for fritidsbustader. 

Svart vatn

I område med reinsekrav etter § 5 og § 6 kan tett tank for svart vatn godkjennast i kombinasjon med godkjend reinseløysing for gråvatn. Det skal vere alarm for høg vasstand. Det skal vere køyrbar tilkomst til tanken for tømmebil heile året. Tankvolum skal vere minimum 6 m³ for heilårsbustader og 3 m³ for fritidsbustader. 

Gråvatn

I område med reinsekrav etter § 5 og § 6 kan i tillegg følgjande reinseløysingar tillatast dersom tilhøva ligg til rette for det:

-Biologisk filter. Godkjenninga gjeld berre for gråvatn. Dette vert å utføre i tråd med VA/Miljøblad nr. 60.
-For gråvatn kan ein nytte prefabrikkert filterposekum i staden for slamavskiljar. Type filterposekum skal godkjennast av kommunen.
§ 10-4.Nye avløpsløysingar

Ved lansering av nye produkt på marknaden, kan kommunen vurdere å gje løyve til løysingar som ikkje er omtalt i § 10-1 til § 10-3. I slike tilfelle må søkjer leggje fram dokumentasjon på anleggets reinseløysing og funksjon. Eigar må også utarbeide eit oppfølgingsprogram, som blant anna omfattar prøvetaking, med påfølgjande rapportering til kommunen.

§ 11.Utsleppsstad

Ved val av utsleppsstad skal ein leggje vekt på resipientens kapasitet, økologi og brukarinteresser.

Elvar og bekker som tek i mot reinsa avløpsvatn, skal ha årssikker vassføring. Med dette meiner ein vassføring som ved middeltemperatur over frysepunktet ikkje tørker ut av naturlige årsaker oftare enn kvart tiande år i gjennomsnitt. (Jf. lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvatn (vassressurslova) § 3.)

Ved utslepp til innsjø, tjern eller dam, skal utløpet vere neddykka til ei kvar tid.

Ved utslepp til sjø er meint utslepp via eksisterande eller ny tett leidning til 10 meters djupne for utslepp frå inntil 25 pe og 20 m djupne for utslepp over 25 pe. Leidningen skal vere neddykka og forankra i heile si lengd på ein slik måte at den ikkje flyt opp eller endrar leie.

Lodd skal vere av betong og ha avrunda form og innfelte boltar, slik at dei ikkje skader eller fester fiskereiskap.

Eigar må søkje om løyve til utlegging av leidning etter hamne- og farvasslova. I Stord kommune skal ein søkje til Hamnestellet, medan ein i Fitjar kommune skal søkje til Kystverket Vest.

§ 12.Krav til utføring

Verksemder som byggjer avløpsanlegg skal vere godkjent i det aktuelle godkjenningsområdet etter plan- og bygningslova. For utslepp etter § 5 eller § 6 skal dei som utfører arbeid på staden ha minimum ADK-1 kurs, eventuelt ADK-S kurs og 2-dagars kurs om bygging av mindre avløpsreinseanlegg arrangert av Teknologisk institutt, eller liknande.

For alle anlegg etter § 5 eller § 6 skal det vere mogleg med prøvetaking på innløp. Alle anlegg etter § 5 eller § 6, bortsett frå infiltrasjonsanlegg, skal ha kum for prøvetaking av utløpet.

Plassering av reinseanlegg, samt leidningsanlegg med kummar, knekkpunkt og utsleppspunkt skal vere dokumentert, og skal sendast kommunen seinast ved førespurnad om mellombels bruksløyve/ferdigattest. Krav til målenøyaktigheit er +/- 0,5 meter. Krav til format for innmålingsdata vert fastsett av den einskilde kommune.

§ 13.Krav til drift og vedlikehald

Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget vert drive og vedlikehalde slik at dei oppfyller krava i denne forskrifta, samt at anlegget ikkje vert påført skade.

§ 14.Lukt

Avløpsanlegget skal dimensjonerast, byggjast, drivast og vedlikehaldast på ein slik måte at omgivnaden ikkje vert utsett for sjenerande lukt.

§ 15.Kontroll

Kommunane Stord og Fitjar fører kontroll med at denne forskrifta vert følgd.

Kommunane, eller den som kommunane gjev mynde, har rett til å foreta tilsynsbesøk til anlegga og kan ta utløpsprøver for kontroll av at reinsekrava vert overhaldne.

For dei einskilde anleggstypane gjeld:

-Prefabrikkerte reinseanlegg. Skal ha serviceavtale med reinseanleggleverandør eller annen fagkyndig verksemd. Som ein del av serviceavtalen skal anlegget ha årleg tilsyn av leverandør eller annan fagkyndig verksemd. Kommunen utfører normalt tilsynsbesøk med rapport kvart 5. år. Som ein del av dette vert det normalt tatt representativ utløpsprøve. Denne skal analyserast for tot-P og BOF5 . Der det er sett krav til reinsing av bakteriar, vert det også teke prøve som skal analyserast for E-coli.
-Slamavskiljar og tette tankar. Slam frå slamavskiljar og tette tankar skal tømmast av Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin renovatør. Alle slamavskiljarar og tette tankar skal sjekkast av slamtømmar ved kvar tømming.
-Biologisk filter. Kommunen utfører normalt tilsynsbesøk med rapport kvart 5. år. Som ein del av dette vert det normalt tatt representativ utløpsprøve. Denne skal analyserast for tot-P og BOF5 . Der det er sett krav til reinsing av bakteriar, vert det også teke prøve som skal analyserast for E-coli. Filtermassen skal skiftast ut når prøveresultata ikkje stettar fosforkrava.

Prøver skal analyserast av laboratorium som er akkreditert for dei aktuelle analysane. Analysemetodar nemnd i denne forskrift § 2 skal nyttast. Eigar(ar) skal koste analyser.

Dei som utfører tilsyn med prefabrikkert reinseanlegg skal innan 1. mars påfølgjande år sende inn årsrapport til kommunen. Årsrapporten skal minimum innehalde følgjande:

-Kort forklaring om anlegget.
-Omtale av driftstilhøva førre år, med spesiell vekt på eventuelle driftsproblem.
-Resultat frå eventuelle vassanalysar.
§ 16.Eldre utslepp

Utslepp etablert før 1. januar 2007 og som det på tidspunkt for etablering ikkje var naudsynt med løyve etter den tids gjeldande regelverk (i praksis: anlegg etablert før 1972), er ulovlege frå 1. januar 2008. Utsleppa kan likevel halda fram inntil enkeltvedtak om opprydding er fastsett.

§ 17.Iverksetjing

Forskrifta trer i kraft straks.

Kartvedlegg 

Lagt til 06.04.2011. 

pdf.gif