Forskrift for vass- og avløpsgebyr, Giske kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2008-10-30-1244
PublisertII 2008 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forGiske kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort27.11.2008   kl. 14.50
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Giske

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Giske kommunestyre 30. oktober 2008 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kap. 16.

I. Generelt

Abonnentane betalar for vass- og avløpstenester levert av kommunen. Forholdet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover, forskrifter og lokale reglement, vedtak, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter.
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning, kap. 16 om kommunale vann- og avløpsgebyrer.
3.Føresegner for vass- og avløpsgebyr for Giske kommune (dette dokumentet).
4.Andre dokument
-Gebyrregulativ
-Tilknytingsreglar
-Normalreglement for sanitæranlegg - administrative og tekniske.
-Reglar for montering av vassmålar.
§ 1.Føremålet med føresegna

Føresegna gjev reglar om utrekning og innbetaling av gebyra abonnentane skal betala for dei vass- og avløpstenestene kommunen leverar.

§ 2.Verkeområdet for føresegna

Føresegna gjeld alle abonnentane i kommunen, sjå definisjon i § 3.

§ 3.Definisjonar 

Abonnent:

Eigar/festar som er registrert i grunnboka med eige gards- og bruksnummer eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer) som er tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning.

Det same gjeld festar av eigedom der festeavtalen ikkje er registrert i grunnboka (tinglyst), men der festaren eig bygningane som er plassert på tomta og utøvar festerett slik det går fram av lov om tomtefeste.

For festeavtalar med kort festetid (feste til anna enn bustad og fritidsbustad), kan det vere avtalt at ein annan enn festaren skal vera abonnent.

Eigar/festar av eigedom som kommunen i medhald av § 65, § 66 eller § 92 i plan- og bygningslova har kravd tilknytt kommunal vass- og/eller avløpsleidning. 

Abonnentsgebyr:

Den faste delen av årsgebyret, som skal dekke dei faste utgiftene til kommunen for vass- og/eller avløpstenester. 

Bruksareal (BRA) etter NS-3940 (forenkla):

Forenkla kan ein seie at bruksareal omfattar:

-Arealet innanfor dei omslutta veggane i bustaden og
-Del av fellesareal som høyrer til bustaden, men som ligg utanfor dei omslutta veggane i bustaden.

For detaljar, sjå NS-3940. 

Bruksendring:

Med endring i bruken av eigedommen meinar ein her endring mellom ulike kategoriar, som for eksempel bustad, fritidsbustad/hytte og nærings-/offentleg verksemd. 

Eingongsgebyr for tilknyting:

Eingongsgebyr for etablering av abonnement på vass- og/eller avløpstenester. 

Felles privat stikkleidning:

Privat leidning eigd i fellesskap av abonnentar som er tilknytt det kommunale leidningsnettet via den felles private stikkleidning. 

Forbruksgebyr:

Den variable delen av årsgebyret som blir betalt etter forbruk (målt eller stipulert). 

Fritidsbustad/hytte:

Fast eigedom med bygning(ar) regulert/godkjend til fritidsbustad/hytte. 

Gebyrregulativet:

Prisoversikt for vass- og avløpsgebyr i kommunen. Satsane i Gebyrregulativet blir oppdatert årleg gjennom vedtak i kommunestyret. 

Næringsverksemd:

Forretningsverksemd. 

Offentleg verksemd:

Verksemd driven av stat, fylkeskommune eller kommune. 

Stipulert forbruk:

Stipulert forbruk er forventa forbruk hos ein abonnent fastsett på basis av bygningsarealet. 

Årsgebyr:

Det samla gebyr som blir betalt årleg av abonnentar for å ha tilgang til vass- og/eller avløpstenestene i kommunen. Årsgebyret er samansett av abonnementsgebyr og forbruksgebyr.

II. Vass- og avløpsgebyr

§ 4.Gebyrtypar

Følgjande gebyrtypar gjeld for både vass- og avløpstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og avløpstenester krev at det blir betalt eingongsgebyr for tilknyting til kommunale vass- og/eller avløpsanlegg.

Eingongsgebyret skal betalast:

-når bebygd eigedom vert tilknytt kommunal vass- og/eller kloakkleidning.
-ved nybygg eller ved utviding av eksisterande bygg.

Eingongsgebyret skal fastsetjast i høve til storleiken på bygningane.

Ved utviding vert det svara eit gebyr som tilsvarar skilnaden i gebyret på eigedom før og etter utvidinga.

Kommunen kan fastsette lågare eingongsgebyr for eigedomar der kommunen eller privat utbyggar krev betalt refusjon eller annan form for opparbeidingskostnader for tekniske anlegg og som er utført etter planer godkjent av kommunen.

Storleiken på dei ulike gebyra blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for både vass- og avløpstenester skal betalast av alle abonnentar og er samansett av to delar:

-abonnementsgebyr
-forbruksgebyr,

Samla abonnementsgebyr for kommunale vasstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til vasstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Samla abonnementsgebyr for kommunale avløpstenester skal dekkje dei forventa faste årsutgiftene knytt til avløpstenester i kommunen. Resten blir dekt gjennom forbruksgebyret.

Årsgebyret skal reknast frå og med månaden etter at eigedommen er tilknytt kommunalt leidningsnett. For nybygg skal gebyret reknast frå månaden etter at det er gjeve bruksløyve/ferdigattest.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av Gebyrregulativet. 

Abonnementsgebyr

Alle abonnentar betaler ein like stor fast sum, som går fram av Gebyrregulativet. 

Forbruksgebyr

Næringseigedommar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³. Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Fritids-/hytteabonnentar betaler anten etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ eller som ein del av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³. Andelen, som vil variera etter forventa brukstid, og omregningsfaktor for stipulert forbruk [ m³ /m² ] er definert i Gebyrregulativet.

Andre abonnentar betaler etter faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ , ev. etter stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal i samsvar med NS-3940 og pris pr. m³ . Omregningsfaktor for stipulert forbruk [ m³ /m² ] er definert i Gebyrregulativet.

For alle abonnentar gjeld at avløpsmengd blir rekna lik vassmengda, sjå likevel § 8.

Om forskrifta ikkje krev installering av vassmålar kan både kommunen og abonnenten krevje at forbruksgebyret blir fastsett ut frå målt forbruk.

§ 7.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld vedtektene i kommunen.

Kostnader for installasjon, drift, avlesing m.m. betalast av abonnenten. Pris for ev. avlesing av vassmålar går fram av Gebyrregulativet. q

§ 8.Avvik i årsgebyret

Dersom avløpsmengda frå ein abonnent er vesentleg større eller mindre enn det målte vassforbruket, kan forbruksgebyret for avløp bli basert på målt eller stipulert/utrekna avløpsmengd (utslipp).

For næringsverksemd og offentleg verksemd der samansetjinga av avløpsvatnet skil seg ut frå vanleg hushaldningsavløp og verkar anten fordyrande eller innsparande på drift og vedlikehald av avløpsanlegget i kommunen, kan ein rekne ut eit påslag/frådrag i forbruksgebyret for avløp basert på dei forventa ekstrautgiftene/innsparingane.

Restriksjonar for vassforbruk eller kortare avbrot i leveranse eller mottak av avløp gir ikkje grunnlag for reduksjon i gebyra.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som har innlagt vatn, men der bygget/anlegget ikkje er i permanent bruk, og/eller berre skal brukast i ein avgrensa periode. Eit eksempel på slikt anlegg er anleggsbrakker.

Eigar/festar av eigedommen skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, med avrekning i samsvar med den tida tilknytinga er operativ. Ein skal ikkje betale eingongsgebyr for tilknyting, men alle kostnader ved tilknyting og fråkopling blir belasta eigar/festar av eigedommen.

Mellombels tilknyting gjeld for opp til eitt år, med høve til å søkje om vidareføring.

Elles gjeld Tekniske og administrative avgjerder i kommunen, jf. I Generelle føresegner.

§ 10.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten eit pålegg om utbetring av eigne avløpsanlegg innan ein gjeven frist, jf. forureiningslova § 7. Etter forureiningslova § 73 kan ein gje forureiningsgebyr om forholdet ikkje er utbetra når fristen har gått ut. Om den ansvarlege ikkje etterkjem pålegget kan kommunen sørgje for iverksetjing av tiltaka, jf. forureiningslova § 74.

Kommunen kan oppmode abonnenten å utbetre eigne drikkevassanlegg innan ein fest som grunnlag for å fastsetje vassforbruket. Om forholdet ikkje er utbetra når fristen er ute, blir det årlege forbruket stipulert.

§ 11.Innbetaling av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsettingsløyve (byggeløyve) blir gitt eller når eksisterande bygg blir tilknytt kommunal leidning. Eingongsgebyret må vere innbetalt før tilknyting skjer.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir kravd inn på felles faktura og fordelt over to terminar pr. år.

Gebyr for mellombels tilknyting og tilleggsgebyr blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk blir gjort ein gong i året.

Forbruksgebyret blir betalt à konto fordelt over to terminar basert på forbruket for fjoråret. Avrekning skjer i hovudsak på 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre à konto beløpet. Abonnenten skal varslast før slik endring finn stad.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk blir kopla frå kommunen sitt leidningsnett. Ved godkjent søknad om fritak blir abonnementet avslutta når ein mottek melding om at tilknytingspunktet er plombert. Ny tilknyting av eigedommen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting. Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting dekkjast fullt ut av abonnenten. Arbeidet skal utførast etter tilvising frå kommunen.

III. Avsluttande avgjerder

§ 12.Innkrevjing av gebyr

Forfalne krav på årsgebyr er sikra med pant i eigedommen etter lov om pant § 6-1.

Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

§ 13.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta blir fatta av kommunestyret eller den det gjev mynde.

§ 14.Klage

Avgjersle etter forskrifta som er einskildvedtak følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klagen blir send til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om storleiken på gebyra er forskrift og vert vedtekne av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

§ 15.Overgangsordning

Inntil næringseigedommar og offentlege verksemder har fått installert vassmålar, kan forbruksgebyret fastsettast på grunnlag av stipulert forbruk basert på utrekning av bruksareal. Omrekningsfaktor vert fastsett i Gebyrregulativet.

§ 16.Iverksetjing

Føresegna trer i kraft 1. januar 2009. Frå same dato vert forskrift 10. mars 19911 for vass- og kloakkavgifter i Giske kommune, Møre og Romsdal oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.