Forskrift om tøming av slamavskiljar, privet og tette tankar, Vågå kommune, Oppland

DatoFOR-2009-05-19-645
PublisertII 2009 hefte 3
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
EndrerFOR-1996-01-30
Gjelder forVågå kommune, Oppland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§34, LOV-1981-03-13-6-§37, LOV-1981-03-13-6-§52a, LOV-1981-03-13-6-§79, LOV-1981-03-13-6-§83, LOV-1981-03-13-6-§85
Kunngjort18.06.2009   kl. 15.45
KorttittelForskrift om tøming av slamavskiljar mv., Vågå

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Vågå kommunestyre 19. mai 2009 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 34, § 37, § 52a, § 79, § 83 og § 85.

I

Kapittel I - Generelle reglar

§ 1.Virkeområde

Forskrifta gjeld tøming og transport av slam frå slamutskiljar, Privet, tette tankar og feittavskiljar i området som inngår i pliktig tømeordning i Vågå kommune. Forskrifta gjeld også gebyrplikt.

§ 2.Definisjonar

Som abonnent reknast eigar ( den som har heimel) av eigedom som er omfatta av den kommunale tømeordninga.

Dersom eigedomen er festa bort for 10 år eller lengre, skal festaren reknast som abonnent om ikkje anna er avtalt. Det same gjeld når festaren har rett til å få festet forlenga, slik at den samla festetida er lengre enn 10 år.

Som slam reknast alle typar avlaup frå husholdning, fritidsbustader, bedrifter og liknande som er omfatta av kommunale reglar for separate avlaupsanlegg, og som er lagt under kommunal godkjenningsordning.

§ 3.Pliktig tømeordning

Kommunen skal tøme slamutskiljare, tette oppsamlingstankar og andre samleinnretningar for slam som er omfatta av forskriftene. Alle eigedommar i kommunen er omfatta av kommunal tømeordning, med unnatak av større avlaupsanlegg der løve er gjeve av anna myndigheit.

§ 4.Fritak

Kommunen kan etter søknad frita eigedomar frå ordninga om eigedomen er ubebodd.

Kapittel II - Tøming av slam frå slamavskiljar mv.

§ 5.Abonnentens plikter

Abonnenten skal sørgje for at anlegg som skal tømast, er lett tilgjengelege for tøming med bil. Snø, is, jord, osv. som ligg over kumlokk skal fjernast, og andre hindringar for fri tilkomst for renovatøren skal ordnast av abonnenten før tøming vert utført.

Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å utføre oppdraget.

Tilkomst frå tømebil til kum skal ikkje overstige 50 m frå der bilen kan plasserast. Sugehøgde frå botn i kum til tank på bil skal tilpasses sugeslangens lengde og ikkje overstige 6 m ved 25 m slangeutlegg til kum.

Det må ikkje settes opp gjerde, murar, og liknande som gjer det vanskeleg å komme til med utstyr for tøming.

Abonnenten plikter å koste utbetringar av feil og manglar ved anlegget som kommunen gjev pålegg om, slik at anlegget fungerer etter reglane i forureiningslova.

Dersom abonnenten ikkje har klargjort slamavskiljaren eller slamtanken for tøming etter førehandsvarsling, der vegforhold eller andre hindringar medfører at tøming ikkje kan utførast, reknar ein anlegget som tømt når renovatøren har møtt fram for tøming. Gebyr blir utrekna som om anlegget er tømt på ordinær rute.

§ 6.Tøming av slamavskiljar

Varsel om når tømming av avløpsanlegg vert utført skal skje i god tid før tømming utføres. Varsel vert gjeve gjennom annonse i lokalavis og på heimesida, eller på annen måte som kommunen finn tenleg. 

Tømming skjer etter følgjande mønster (gjelder pr. eining):

For eigedomar med fast busetnad skal slamutskiljaren tømast kvart 2. år.

For fritidsbustader skjer tøming av slamutskiljar kvart 4. år.

Alle tette tankar skal tømast kvart år (Både bustad og fritidsbustad).

Ekstra tøming utover den bestemte ordninga må tingast og betalast av abonnent. Det er berre entreprenør som er godkjent av kommunen som har løyve til å tøme anlegg.

Kommunen kan i særskilde høve bestemme annen tømmerutine for anlegg med spesiell utføring eller belastning.

Tøming av anlegg skal utførast slik at brukaren ikkje unødig vert sjenert av støy og lukt. Anlegget skal vera forlatt i lukka stand, og grinder, porter og dører skal lukkast, eventuelt låsast.

Renovatøren har rett til å kontrollere tanken, og påvise feil og manglar. Renovatøren skal sørgje for hygienisk tilfredsstillande reinhald av utstyr som vert nytta til slamtøming.

§ 7.Tøming av feittavskiljare

Feittavskiljare skal tømast kvart år, eller oftare dersom tilstanden tilseier det. Kommunen kan gå inn å kontrollere at funksjon- og drift av anlegget er tilfredsstillande, samt bestemme anna tømefrekvens.

Eigar av feittavskiljar er sjølv ansvarleg for bestilling av tøming av sine anlegg. Berre entreprenør godkjent av kommunen har løyve til å tøme anlegget. Kopi av tømerapport skal leverast til kommunen.

§ 8.Tøming av oljeutskiljar

Avfallet kjem inn under forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskriften). Tøming av oljeutskiljar skal utførast med godkjent utstyr, og renovatør med nødvendig løyve frå myndigheitene.

Eigar av oljeutskiljar er sjølv ansvarleg for å oppfylle dei tekniske og driftsmessige forskrifter som er gjeve av leverandør og SFT.

Eigar må dokumentere tilstanden til oljeutskiljaren, eller betale for registrering av tilstand som blir utført ved kvar tøming. Kopi av rapporten skal den som tømer anlegget sende til kommunen.

§ 9.Krav til køyrbar veg

Som køyrbar veg reknast veg som har fri høgde på 4,0 meter, tilfredsstillande breidde, bæreevne, kurvatur, stigningsforhold og snuplass til å tåle køyring med tyngre lastebil. Vinterstid må veg og snuplass vera brøyta og om naudsynt strøydd for aktuelt tømeutstyr.

Abonnentar med privat veg er ansvarleg for at vegen er køyrbar med utstyr for slamtøming. I tider med teleløysing skal renovatør ved ordinær tøming ta omsyn til vegstandard.

Kapittel III - Gebyr for tøming av avlaupsanlegg

§ 10.Kven skal betale gebyr

Abonnenten skal betale eit årleg gebyr til kommunen i medhald av gjeldande regulativ. Kommunen fastsett reglar for avrekning av storleiken på gebyr.

Tøming av feittavskiljar og oljeutskiljar kjem ikkje under faste årlege gebyr til kommunen. I slike tilfeller skal økonomisk oppgjer skje direkte mellom eigar av oljeutskiljaren og den som utførar tøming.

§ 11.Innkrevjing, renter mv.

Septikgebyr/slamgebyr med renter er sikra med lovbestemt pant etter pantelova § 6-1. Om renteplikt ved sein betaling og inndriving av avfallsgebyr gjeld reglane i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomskatt til kommunen § 26 og § 27 tilsvarande.

Kapittel IV - Sluttpunkt

§ 12.Skade på abonnenten sin veg eller eigedom

Eventuelle krav om vederlag for ulemper eller skader i samband med tøminga må abonnenten rette direkte til transportøren.

§ 13.Klager

Vedtak som er fatta av hovudutvalet, eller andre delegerte myndigheiter i medhald av gjeldande forskrift, kan abonnenten påklage til kommunen si klagenemnd.

§ 14.Brot på forskriftene

Brot på forskriftene kan straffast med bøter etter forureiningslova § 79 andre ledd.

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2010, samtidig med ny forskrift for renovasjon.

Frå same tid blir forskrift 30. januar 19961 for innsamling mv. av forbruksavfall, tøming av slamavskiljar, privet, tette tankar mv. og for avfallsgebyr, Vågå kommune, Oppland oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.