Forskrift om utslepp av avløpsvatn frå bustad og fritidsbustad, Hemsedal kommune, Buskerud

DatoFOR-2009-06-02-930
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse02.06.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud
HjemmelFOR-2004-06-01-931-§12-6, LOV-1981-03-13-6-§9
Kunngjort02.07.2009   kl. 15.10
KorttittelForskrift om utslepp av avløpsvatn, Hemsedal

Heimel: Fastsett av Hemsedal kommunestyre 2. juni 2009 med heimel i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) § 12-6, jf. lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9.

§ 1.Formål

Kommunen er lokal forureiningsmyndigheit. Forskrifta skal forenkle kommunens sakshandsaming i samband med utslepp frå private avløpsanlegg, og sette krav til tekniske løysingar slik at omsynet til resipienten, drikkevassforsyning og brukarinteressene vert i ivaretatt.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld utslepp av avløpsvatn frå bustad og fritidsbustad med innlagt vatn der utsleppet ikkje overskrider 50 personekvivalentar (pe).

Unntak frå forskriftas virkeområde er utslepp eller vesentlig auke av utslepp innanfor bustadområde angitt i kommunen arealdel eller regulerte byggeområde, samt områder der avløpet skal førast til offentleg avløpsanlegg i medhald av plan- og bygningsloven § 66 nr. 2.

Utslepp som overstigar 50 pe fallar utanfor forskriftas virkeområde og kan ikkje utformast i samsvar med denne forskrifta, det må i slike tilfeller sendast inn søknad om utslepp i hendhald til forureiningsforskriftas § 13-4.

§ 3.Definisjonar
-Avløpsvatn: Både sanitært og industrielt avløpsvatn og overv.
-Kommunalt avløpsvatn: Sanitært avløpsvatn og avløpsvatn som består av ein blanding av sanitært avløpsvatn og industrielt avløpsvatn og/eller overvatn. Dersom mengda sanitært avløpsvatn ikkje overskridar 2000 pe og sanitært avløpsvatn samtidig utgjer mindre enn 5 % av avløpsvatnet, regnast avløpsvatnet ikkje som kommunalt avløpsvatn. (kommunalt avløpsvatn begrensa til sanitært avlaupsvatn aleine eller i blanding med industrielt avlaupsvatn og/eller overvatn).
-Sanitært avløpsvatn: Avløpsvatten som i hovudsak kjem i frå menneskets stoffskifte og frå husholdningsaktivitetar, herunder frå vassklosset, kjøkken, bad, vaskerom eller liknande.
-Gråvatn: Den del av avløpsvatnet frå vanleg husholdning som kan tilbakeførast til avløp frå kjøkken, bad og vaskerom. Klosettavløp er ikkje inkludert.
-Svartvatn: Avløp frå vassklosset.
-Innlagt vatn: Vatn frå brønn, vassverk, cisterneanlegg eller liknande som gjennom røyr, leidningar eller liknande fysisk er ført gjennom vegg.
-PE (personekvivalentar): Organisk stoff som brytast ned biologisk med et biokjemisk oksygenforbruk over 5 døgn (BOF5 ) på 60 gram oksygen pr. døgn. Avløpsanleggets størrelse i pe bereknast på grunnlag av største vekevis mengde som går til renseanlegget eller utsleppspunkt i løpet i løpet av året, med unntak av uvanlege forhold som skyldast for eksempel kraftig nedbør.
-Resipient: Vassførekomst som mottar forureiningar frå avløpsanlegg.
-Avløpsanlegg: Alle anlegg som handterar avløpsvatn og som består av ein eller fleire av følgjande hovudkomponentar: avløpsnett, renseanlegg og utsleppsanordning.
-Avløpsnett: Transportsystem som samlar opp og førar avløpsvatn frå bustadhus eller anna bygningar med innlagt vatn.
-Offentlig avløpsnett: avløpsnett som er allment tilgjengelig for tilknyting.
-Privat avløpsnett: avløpsnett som ikkje er allment tilgjengelig for tilknyting.
-Den ansvarlege: den som er ansvarleg for verksemda. Som ansvarleg regnas den som kan haldas ansvarleg, jf. forureiningslova § 7.
-Rammeplan: plan som gir ein heilskapleg oversikt over dagens vatn- og avløpsforhold og mulige vatn- og avløpsløysingar (fellesløysingar/enkelt utslepp) i eit gitt område. Det er grunneigarane i det aktuelle området som skal organisere seg for å få utarbeida ein rammeplan. Rammeplanen skal utarbeidast av fagleg kompetent firma. Den veiledande rammeplanen skal gi retningslinjer og føringar for korleis oppryddinga av vatn- og avløpsproblematikken skal skje for det aktuelle området. Rammeplanen skal utarbeidast i samarbeid med kommunen på bakgrunn av ein forhandskonferanse. Rammeplanen skal godkjennast av kommunen.
§ 4.Krav til heilskapleg vurdering av spesielle områder

Grupper av fritidsbygg/hytter i et tall av 3-5 eller fleire, der innbyrdes avstand mellom bygg ikkje overstiger 100 meter, er det krav om utredning av området med omsyn til etablering av fellesløysing og resipient vurdering. Det blir det ikkje gitt utsleppsløyve før utredning (utført av godkjent fagpersonell) av det aktuelle området er gjennomført.

Hemsedal kommune har utarbeidet kart over dei aktuelle områda.

For området innanfor Lykkja-Markegårdslie gjelder føringane gitt for vatn- og avløp i kommunedelplana. Dei aktuelle områda er merka med raudt (på eige kart i plana). Innanfor desse områda er det krav om heilskapeleg rammeplan for vatn- og avløp før det blir gjeve løyve til utslepp.

§ 5.Krav til innhald i søknad
1.Skriftleg søknad (utfylt søknadsskjema for søknad om utsleppsløyve og igangsettingsløyve), herunder:
a.Den ansvarleges namn og adresse.
b.Om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i sentral forureiningsforskrift § 12-7 til § 12-13, eller om det vert søkt om å fråvike desse krava.
c.Dokumentasjon på korleis utslipp skal etablerast og drives (dimensjoneringsgrunnlag for heile anlegget og dei ulike komponentane, samt dimensjonering av anlegget).
d.Resultat av minimum ein infiltrasjonstest og ein kornfordelingskurve som er teke der anlegget skal plasserast. Grunnundersøkingar skal utførast av fagpersonar med dokumentert hydrogeologisk fagkompetanse.
e.For å vurdere jordprofilen, samt avstand til grunnvatn og/eller fjell, skal det utførast sjakting til minimum ein meter djupne. Ved sjakting skal jordmassen sine hydrauliske og rensemessige eigenskapar vurderast.
f.Plassering av avløpsanlegg og utslippstad på kart i målestokk 1:5000 eller større (Situasjonskart i målestokk 1:500 der anlegget er inneteikna, samt eit oversiktskart i målestokk 1:1000 med skisser av anlegget der avstandar til bygningar, vegar, vassdrag, drikkevassinteresser (brønnar, bekker, o.l.) og eigedomsgrenser kjem fram).
g.Utsleppets størrelse i pe, jf. § 11-3 bokstav m.
h.Beskriving av utsleppstaden.
i.Interesser som antas å bli berørt av etableringa, herunder interesser knytte til drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd.
j.Oversikt over kven som skal varslast.
k.Samtykke frå kommunens planmyndigheit dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningsloven.
2.Parter og andre som kan bli særlig berørt av saken skal varslast om innhaldet i søknaden.
3.Avtale med grunneigar av eigedom, dersom heile eller delar av anlegget ligger på annen eigedom.
4.Søknad skal sendast til kommunen, etter at høyringsfristen er over, saman med kvittering for at varsel er sendt og eventuelle merknader.
5.Søknad om ansvarsrett der ansvarsområdet er oppgitt. For bygging av avløpsanlegg krev ein godkjenning i ansvarsområda:
a.Ansvarlig søker (SØK)
b.Ansvarlig prosjekterande (PRO)
c.Ansvarlig kontrollerande for prosjekteringa (KPR)
d.Ansvarlig utførande (UTF)
e.Ansvarlig kontrollerande for utføringa (KUT).

Ansvarleg utførande skal ha avløpsteknisk kompetanse som tilsvarer ADK1-sertifisering. 

Ufullstendig søknad eller ein søknaden med utilstrekkelig informasjon (ikkje alle punkta i søknadsskjemaet er fylt ut eller det manglar vedlegg)

-Søknaden vil ikkje kunne bli handsama. Kommunen vil kontakte deg innan seks veker og opplyse deg om manglane i søknaden, søknaden vil bli returnert. 

Fullstendig søknad med kopi av innkommene merknader i varslingsrunden

-Kommunens sakshandsamingsfrist på seks veker gjeld ikkje. Sakshandsaminga kan ta lengre tid, men søknaden skal handsamast utan ugrunna opphald. 

Fullstendig søknad med krav om unntak frå rensekrav

-Kommunens sakshandsamingsfrist på seks veker gjeld ikkje. Sakshandsaminga kan ta lengre tid, men søknaden skal behandlast utan ugrunna opphald.
§ 6.Kontroll og ferdigmelding

Kontroll og sluttkontroll skal utførast etter forskrift om sakshandsaming og kontroll (SAK) kap. V. Kontrollplanar med sjekkliste for utføring må følgjast opp under arbeidets gang og sendast kommunen etter at arbeida er avslutta.

Så snart arbeidet med avløpsanlegget er ferdig skal ansvarlig kontrollerande for utføring sende inn ferdigmelding til kommunen. Dokumentasjon i ferdigmelding skal oppfylle vilkåra som er satt i byggemeldinga for at ferdigattest kan gis. Eit avløpsanlegg er ikkje forskriftsmessig godkjent før ferdigattest er gitt. 

Krav til dokumentasjon i ferdigmelding:

-Kvittert kontrollerklæring for utføring
-Korrekte målsette teikningar av utført anlegg i målestokk 1:5000 eller større.
-Kopi av tilfredsstillende drifts- og serviceavtale
-Kopi av avtale mellom medeigarar av fellesanlegg
-Kopi av avtale med grunneigar av eigedom, dersom hele eller deler av anlegget ligger på annen eigedom
-Foto av grøfter før dei er gjenfylt.
§ 7.Krav til drift og vedlikehald
1.Eigar av anlegget er ansvarleg for at anlegget vert drive od vedlikehelde slik at alle krav i lokal og sentral forskrift vert følgt, samt at anlegget ikkje påførast skade.
2.Minirenseanlegg skal ha skriftleg drifts- og vedlikehaldservice for anlegget. Avtalen skal innehalde dei obligatoriske punktane som er beskrive i det til ein kor tid gjeldande VA/Miljøblad. Årsrapportering skal gjennomførast som beskrive i det til ein kor tid gjeldande VA/Miljøblad. Årsrapport skal oversendast kommunen årlig.
3.Våtmarksanlegg skal ha skriftleg driftsinstruks og driftsjournal i medhald til det til ein kor tid gjeldande VA/miljøblad. Prøvetaking skal analyserast ved akkreditert laboratorium. Årsrapport beståande av driftsjournal og prøveresultata skal oversendast kommunen årleg.
4.Alle avløpslegg skal takast med i den kommunale tømmeordninga jf. forskrift om tømming av avlaupsanlegg inkludert tette tankar, feitt- og oljeutskillere, og bestemmingar om betaling av gebyr, Hemsedal kommune, Buskerud.
§ 8.Krav til rensegrad og renseløysingar

Statlege forureiningsmyndigheiter har vurdert og kome fram til at utslepp skal renses med omsyn til at Hemsedal ligger i eit følsamt område.

Standardkrava til reinsing i forureiningsforskrifta er satt ut frå kor følsam resipientane er for mottak av avløpsvatn. 

Med bakgrunn i dette sett Hemsedal kommunen krav til følgjande renseeffekt (%):

-Total fosfor (P) 90 % rensing
-BOF5 90 % rensing. 

Følgjande renseløysingar vert godkjent etter prioritert rekkefølgje:

1.Infiltrasjonsanlegg anbefalast i følsame og normale områder. Dette er ein driftssikker løysning som rensar svært godt, og i mange tilfeller vil infiltrasjon være rimeligaste løysning for å tilfredsstille krav til rensing av avløpsvatn.

I høve til tryggleik setter Hemsedal kommune krav til minstevolum for slamavskillere på 4 m³ for fritidsbustad med utslipp av både grå- og svartvatn.

2.Minirenseanlegg er aktuelt i områder med brukarinteresser og/eller fare for eutrofiering (renseklassene a og b). Kjemisk/biologiske minirenseanlegg er vanlegvis det rimeligaste alternativet der det er vanskelig å få til infiltrasjonsanlegg. Det er krav om etterpolering frå slike anlegg med tanke på tilstrekkelig rensing av fosfor.

Det er kun minirenseanlegg som er type godkjent og tilfredstiller krav til grad av rensing gitt for Hemsedal kommune som kan godkjennast. Dokumentasjon og renseresultat på renseanlegget skal ligga ved søknad om utslepp.

3.Våtmarksfilter/Filterbedanlegg på steder kor det settes strenge krav til restutslepp, for eksempel strenge krav til utslepp av bakteriar eller nitrogen, er filterbedanlegg ein aktuell løysning som kan nyttes der infiltrasjon vanskelig lar seg anvende.
4.Tett tank kan i spesielle tilfeller gis for utslepp av svartvatn i kombinasjon med minirenseanlegg for gråvatn. For at det skal bli gitt løve til utslipp til tett tank, skal det dokumenteras gjennom grunnundersøkingar at massane er uegna for infiltrering og at tett tank er einaste løysning for svartvatn. Det er også påkravd at tett tank skal være laget av glassfiberarmert polyester (GUP) godkjent etter NS-1545. jf. retningslinjer for tette tankar Hemsedal kommune. 

Følgjande krav skal være oppfylt for tette tankar:

1.Det skal sendes inn søknad som for andre separate avløpsanlegg.
2.Avstand til heilårsveg skal være mindre enn 30 meter.
3.Bunn av tank skal ligge mindre enn 6 meter under vegnivå.
4.Tankens våtvolum skal være minimum 6 m³ .
5.Det skal monterast varslar for høgt nivå i tanken.
6.Vassinntak i bygginga skal ha stoppekran som brukast når bygginga ikkje er i bruk.
7.Alt utstyr skal være vannbesparende.
8.Tanken skal meldes inn i den kommunale tømmeordninga og skal tømmast kvert år i medhand til forskrift om tømming av tette tankar.
9.Tanken skal sikres mot oppdrift.
10.Eigedom plikter å koble seg til kommunalt avløpsanlegg eller fellesanlegg dersom det kommer i det aktuelle området. 

Alle andre rensemessige løysingar av avløpsvatn skal være vurdert før det blir gitt løyve til tett tank. Det kan i enkelte tilfeller gis løyve til tett tank for et kortare tidsrom i inntil 5 år i påvente av avløpsledning.

Dersom løysing nr. 1 osv. ikkje kan nyttast skal dette dokumenterast med bakgrunn i grunnundersøkingane.

§ 9.Tilsyn med avløpsanlegg frå 50 til 2000 pe

Rutinar for tilsyn og oppfølging av dette er nedfelt i kommunens overordna HMS-system.

§ 10.Teknisk rettleiar erstattar T-616

Teknisk rettleiar er vedlegg 1 til denne forskrift. Dette vedlegget skal fungere som eit teknisk supplement for sakshandsamar i kommunen, utbyggarar, leverandørar, og anleggeigarar i samband med forvaltning av denne forskrift. 

pdf.gif  

Forskrifta tek til å gjelde straks.