Forskrift for slamtømming, Fedje kommune, Hordaland

DatoFOR-2009-10-01-1243
PublisertII 2009 hefte 5
Ikrafttredelse01.10.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forFedje kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34§26, LOV-1981-03-13-6-§30, LOV-1981-03-13-6-§34
Kunngjort08.10.2009   kl. 15.25
KorttittelForskrift for slamtømming, Fedje

Heimel: Fastsett av Fedje kommunestyre 1. oktober 2009 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 26, § 30 annet og tredje ledd og § 34.

§ 1.Innføring

Med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningslova) § 26, § 30 2. og 3. ledd og § 34, vert det vedteke forskrift om tvungen tømming av slamavskiljarar, tette slamtankar m.m. i Fedje kommune.

Forskrifta tek til å gjelda så snart ho er vedteke av kommunestyret. Frå same tidspunkt vert tidlegare forskrift sett ut av kraft.

§ 2.Omfang

Forskrifta gjeld for heile kommunen.

Forskrifta fastset reglar for tømming av alle mindre reinseanlegg som slamavskiljarar og andre slamtankar for sanitært avløpsvatn med kapasitet på opptil 15 PE.

Forskrifta gjeld ikkje for slamavskiljarar som kommunen i medhald av § 26 i forureiningslova har kravd utkopla.

§ 3.Tømming av slamavskiljarar

Slamavskiljarar som er tilknytt heilårsbustader skal tømmast heilt for slam ikkje sjeldnare enn kvart 2. år, og for fritidsbusetnad ikkje sjeldnare enn kvart 4. år.

I særlege tilhøve kan kommunen fastsetje anna tømmeintervall.

§ 4.Abonnenten sine plikter

Abonnenten skal kontrollere slamavskiljaren jamleg og sjå til at han er i forskriftsmessig stand.

Slamavskiljaren skal tømmast for slam før gjennomstrøyminga i avskiljaren vert hindra av slammet. Ved behov må abonnenten bestilla ekstra tømming.

Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømmast er lett tilgjengeleg for tømming. Tilkomstvegen skal ha naudsynt fri breidde, fri høgde og bæreevne for tømmebilen, normalt 8 tonn akseltrykk. Eventuell overdekking av kumlokk med snø, is, jord e.l., skal fjernast av abonnenten før tømming skjer.

Vedkommande som tømmer skal gjevast rett til å plassere naudsynt utstyr på abonnenten sin eigedom for å få utført tømminga.

Abonnenten skal kontrollere at tanken er forsvarleg lukka eller låst etter at tømming er utført.

§ 5.Kommunen sine plikter

Kommunen eller den kommunen gjev løyve til, skal syte for tømming av slamavskiljarar, tette tankar, m.m. som desse føresegnene gjeld for, men med følgjande unntak:

-Veglause grender og øyer og eigedomar som elles ikkje er tilknytt offentleg vegnett.
-Eigedomar der tømmetanken ligg lengre enn 100 m frå køyrbar bilveg.
-Eigedomar der tømmetanken ligg lågare enn 8 meter frå køyrbar bilveg.

Dette unntaket gjeld likevel ikkje dei som tidlegare har hatt kommunal tømming av slamavskiljar som ligg med mellom 8 og 25 meter høgdeskilnad til veg. Gebyret vert på same vilkår for desse abonnentane som for dei som har løftehøgd opptil 8 meter.

Den kommunale tømminga av slamavskiljarar skal utførast med faste intervall. For slamavskiljarar som er tilknytt heilårshus skal kommunen sørgje for tømming av alt slam kvart 2. år, og for fritidsbustadar kvart 4. år.

Varsel om tømming skal gjevast ved melding direkte til abonnenten minst ei veke før tømming skjer.

Tømminga skal utførast slik at oppsitjarane ikkje vert unaudsynt plaga av støy, lukt eller ureining. Ved tømminga skal alt slam takast ut. Ev. tilbakeføring av avslamma vatn skal utførast utan at tank, sandfilteranlegg eller anna blir skadelidande.

Anlegget skal etterlatast i lukka stand. Grinder, portar og dører skal lukkast, ev. låsast.

Kommunen skal etter melding frå abonnent utføra ekstratømming.

Kommunen eller den kommunen gjev løyve til, er pliktig å ta i mot alt kloakkslam i kommunen. Slam skal leverast til godkjent mottak.

§ 6.Ekstratømming

Tømming som fell utanom tidspunktet for den faste kommunale tømminga, fastsett i § 5, vert rekna som ekstratømming.

§ 7.Gebyr

Alle som vert omfatta av ordninga, plikter å betale eit årleg gebyr fastsett av kommunen etter forureiningslova sin § 34. Gebyret dekker ordinær tømming. Kostnadar ved ekstratømming kjem i tillegg til ordinært gebyr.

Gebyra til kommunen vert delt på to terminar.

Skuldig gebyr kan drivast inn etter § 34 i forureiningslova.

§ 8.Brot på forskrifta

Ved brot på forskrifta gjeld kapittel 10 i forureiningslova.

§ 9.Klage

Klage i samband med slamtømmeordninga skal rettast til kommunen, jamfør forvaltningslova.

Kommunen kan i særskilde saker og etter søknad gje unnatak frå denne forskrifta, og unnta einskilde eigedomar frå ordninga.