Forskrift for kommunal renovasjon, Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja kommunar, Oppland

DatoFOR-2009-10-12-1467
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forSkjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja kommunar, Oppland
HjemmelLOV-1981-03-13-6
Kunngjort10.12.2009   kl. 16.50
KorttittelForskrift for kommunal renovasjon, Oppland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av kommunestyret i Lom 29. april 2009, Lesja 14. mai 2009, Vågå 19. mai 2009, Skjåk 28. mai 2009, Sel 31. august 2009 og Dovre 12. oktober 2009 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensning og om avfall (Forurensningsloven) kapittel 5.

I

§ 1.Formål

Forskrifta har som formål å sikre miljømessig, økonomisk og helsemessig forsvarleg oppsamling, innsamling, transport, gjenvinning og sluttbehandling av avfall i kommunen.

Forskrifta har og som siktemål ei likebehandling av abonnentane i dei 6 kommunane som er medlemer i det interkommunale selskapet Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR).

§ 2.Definisjonar 

Hushaldningsavfall: avfall som oppstår i bustader og hytter. 

Restavfall: avfall som er att etter at avfall til gjenvinning og farleg avfall er sortert ut. 

Farleg avfall: avfall som kan medføre alvorleg forureining eller skade på menneske og dyr. 

Abonnent: eigar eller festar av eigedom som er omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. 

Gebyr: det som abonnenten må betale for renovasjonen. Blir bestemt av kommunestyret. 

Hytte: Fritidsbustad, seterhus, utleigehytte e.l. 

Miljøstasjon: betjent mottak for ulike typer avfall. 

Næringsavfall: avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar, (er ikkje omfatta av denne forskrifta.)

§ 3.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld:

-for heile kommunen
-bustader og hytter der det oppstår hushaldningsavfall
-abonnenten sitt ansvar for oppbevaring og levering av avfall
-kommunen sitt ansvar for innsamling og transport av hushaldningsavfall
-fastsetting av renovasjonsgebyr.

NGR er av eigarkommunane tildelt ansvaret for inntransport og behandling av avfallet.

I tillegg til denne forskrifta kan kommunen utarbeide nærare retningsliner for korleis denne forskrifta skal praktiserast. Desse retningslinene bør fortrinnsvis utarbeidast i fellesskap av kommunane.

§ 4.Unntak

Kommunen kan:

-unnta bestemte område, og etter søknad også bestemte eigedomar frå desse forskriftene
-utarbeide særskilde reglar for bestemte område, og for abonnentar gruppevis eller enkeltvis.
§ 5.Abonnentgrupper - bustader
5.1. Gruppeinndeling:

Abonnentane er delt inn i 3 grupper for gebyrberegning:

Gruppe AGruppe BGruppe C
Normal satsLav sats (minstegebyr)Høg sats
36 sekkar pr. år24 sekkar pr. år48 sekkar pr. år

Det blir delt ut eit antal restavfallssekkar som skal stå i forhold til restavfallsmengda i kvar gruppe.

(Tala i tabellen viser antal sekkar utdelt i 2007. Antal sekkar kan bli endra når forholda tilseier det, utan at forskriftene må endrast.) 

5.2. Bustadtyper:
5.2.1 Einebustad/rekkehus:

Kvar bustadeining (boenhet) er å rekne som 1 abonnement.

Med bustadeining (boenhet) er her meint husvære med eige kjøkken, bad og toalett.

Kvar bustadeining blir i utgangspunktet plassert i abonnentgruppe A (normal sats).

Men abonnenten kan sjølv velje å gå over til gebyrgruppe B eller C, ved å gje melding om dette til kommunen. Ved overgang til gruppe B (minstegebyr) kan kommunen pålegge abonnenten å inngå eiga standardavtale som sikrar at restavfall blir levert på forskriftsmessig måte. 

5.2.2. Einebustad/rekkehus med 1 hybel:

Kan reknast som 1 abonnement, men må minimum betale normalgebyr (gruppe A). 

5.2.3. Einebustad/rekkehus med 2 hyblar:

Kan reknast som 1 abonnement, men må betale høgt gebyr (gruppe C). 

5.2.4. Hybelhus (> 2 hyblar):

1 abonnement pr. kjøkken med inntil 4 hyblar. (Gebyrgruppe A, B eller C). 

5.2.5. Leiligheitsbygg:

1 abonnement pr. leilegheit. (Gebyrgruppe A, B eller C).

§ 6.Abonnentgrupper - hytter

Hyttene er delt inn i 3 abonnentgrupper for gebyrberegning:

Gruppe 1Gruppe 2Gruppe 3
Hytte/bu med heilt enkel standardHytte med enkel standardHytte med høg standard

Kriteria som skal leggast til grunn for vurdering av standard er:

-bygningsstandard og storleik
-om det er innlagt vatn/avløp/strøm
-tilgjengelegheit (vegadkomst sommar/vinter)

Det er kommunen som avgjer i kva for abonnentgruppe den enkelte eigedom blir plassert, enten ut i frå ei områdevis avgrensing, og/eller på grunnlag av enkeltvis vurdering.

§ 7.Heimekompostering og behandling av våtorganisk avfall i gjødsellager på gardsbruk

Våtorganisk avfall kan komposterast lokalt på den enkelte eigedom, dersom det kan skje på ein hygienisk og miljømessig tilfredsstillande måte, og utan sjenanse for naboar e.l.

Slik behandling av våtorganisk avfall fører ikkje automatisk til redusert renovasjonsgebyr for abonnenten. Men abonnenten kan på denne måten redusere restavfallsmengda, slik at det kan gje grunnlag for å gå ned i lågare gebyrgruppe.

§ 8.Oppsamling og levering til henterute - bustader/bruk av sekk 
8.1. Restavfall

Abonnenten får 1 gong i året utdelt sekkar med påtrykt NGR-logo for oppbevaring og levering av restavfall. Farleg avfall skal ikkje leggast i sekken, men leverast til miljøstasjon.

Det er abonnenten sitt ansvar å sikre avfallet mot fuglar og dyr til det blir henta av renovatøren. Sekkestativ til slik bruk kan abonnenten kjøpe på kommunen sin miljøstasjon, eller avfallet kan sikrast på annan høveleg måte som kommunen kan godkjenne. 

8.2. Papir og papp

Det skal brukast det oppsamlingsutstyr som kommunen til ei kvar tid bestemmer. Avfallet skal leverast på same stad som det blir henta restavfall, og det skal sikrast mot vind og nedbør.

8.3. Henteavstand

Avfallet skal på hentedagen vera lett tilgjengeleg for renovatøren, og ikkje stå lenger enn 10 meter frå veg der renovasjonsruta køyrer. Etter nærare avtale med kommunen kan lengre henteavstand godkjennast, men da mot at abonnenten betaler eit tilleggsgebyr for dette.

8.4. Vekt

Restavfallssekk skal ikkje vera fylt høgare enn til markert fyllegrense, og ikkje vega meir enn 20 kg. Same vektbegrensing gjeld for kolli med papir/papp.

8.5. Køyreruter

Vegar som skal køyrast av henteruta blir fastlagt av kommunen i samråd med NGR.

Eventuelle private vegar som kan køyrast av henteruta skal ha akseptabel breidde, stigningsforhold, fri høgde, snuplass og bereevne til å kunne trafikkerast med stor komprimatorbil.

Det skal leggast vekt på å oppnå ein rasjonell og sikker transport. I spredtbygde område, og for andre eigedomar som har vanskeleg adkomst, må abonnentane pårekne å måtte bringe avfallet fram til felles anvist oppsamlingsplass.

§ 9.Oppsamling og levering til henterute - bustader/bruk av container eller plastdunk
9.1. Dersom bruk av sekk og stativ etter § 8 ovanfor er upraktisk for abonnenten, og det ligg til rette for bruk av container eller plastdunk, kan dette skje etter nærare avtale. Dette forutset at NGR kan betjene abonnenten utan ekstra kostnader i forhold til ordinær sekkerenovasjon, eller at abonnenten betaler desse ekstrakostnadene. (Sjølv om fleire husstander, for eksempel i eit burettslag går saman om ein slik felles container, må kvar bustadeining minimum betale eit gebyr tilsvarande abonnentgruppe B.)
9.2. Gebyret for eventuell container/dunk-renovasjon blir fastsett i det enkelte tilfelle enten som A, B eller C-gebyr i § 5 ovanfor. Ein del av grunnlaget for gebyrberekninga vil vera disponibelt tømmevolum i container/dunk, samanlikna med tilsvarande sekkevolum i gruppe A, B eller C.
9.3. Storleik for container/plastdunk, henteavstand m.m. blir avtala i det enkelte tilfelle.
§ 10.Oppsamling og levering - hytter

Hushaldningsavfall frå hytter skal leverast til restavfallscontainere som kommunen har utplassert.

Det blir ikkje utlevert restavfallssekkar til desse abonnentane, men i område der det ligg til rette for at fritidseigedomar kan levere til henterute på same måte som fast busetning, kan kommunen godkjenne eigne ordningar for slik sekkelevering.

Hytter har same rett til levering av avfall til miljøstasjon, som fast busetning (§ 11).

Bygningsavfall, større gjenstandar, farleg avfall og lignande skal ikkje leverast til restavfallscontainer. Abonnenten har tilbod om å levere slikt avfall til miljøstasjon.

§ 11.Levering til miljøstasjon

I tillegg til levering til henteruter, har abonnenten tilbod om å levere ulike typer avfall til miljøstasjon i NGR-området, etter vilkår som til ei kvar tid blir fastsett av kommunen for slik levering. Levering kan også skje til nabokommunen sin miljøstasjon i NGR-området.

§ 12.Abonnenten sitt ansvar

Abonnenten er ansvarleg for at oppbevaring og levering av avfall skjer i samsvar med denne forskrifta, og at eventuelle endringar i abonnementsforhold omgåande blir meldt til kommunen.

§ 13.Kommunen sitt ansvar

Avfall som blir levert i samsvar med desse forskriftene skal hentast til fastsette tider, bestemt av NGR. Informasjon om kva typer avfall dette gjeld, og når henting skal skje, blir for eksempel gjeve på utsendt hentekalender, eller på annan høveleg måte. Her blir det og informert om opningstider og tilbodet abonnentane har for levering av avfall til miljøstasjonane.

§ 14.Gebyr

For innsamling og behandling av avfall betaler den enkelte abonnent eit årleg gebyr i samsvar med gjeldande gebyrvedtak for det enkelte abonnement. Skuldig gebyr kan inndrivast ved utpanting i samsvar med panteloven § 6-1. Om renteplikt ved for sein betaling og inndriving av renovasjonsgebyr gjeld reglar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomskatt til kommunane § 26 og § 27 tilsvarende.

Dersom eigedomen er festa bort for 30 år eller meir, skal festaren reknast som abonnent.

§ 15.Klage

Renovasjonsordninga blir forvalta (handheva) av den enkelte kommune. Eventuell klage vedr. forvaltningsforhold, som for eksempel fritak osv. skal sendes til den enkelte kommune, jf. forurensningslovens § 85 og forvaltningslovens kap. VI.

Drifta av renovasjonsordninga er tillagt NGR. Spørsmål om drifta skjer direkte til NGR.

II

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2010.