Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Øystre Slidre kommune, Oppland

DatoFOR-2009-10-22-1847
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse21.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort21.01.2010   kl. 15.10
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Øystre Slidre

Heimel: Fastsett av Øystre Slidre kommunestyre 22. oktober 2009 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Virkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innafor kommunen sine grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrifta meinas med:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forurensningstilsyn eller fylkesmannen eller er tillate etter statlege føresegner etter forureiningslova.
c)Tettbygd strøk: Regulerte bustad- og hytteområde samt område definert av Statens kartverk som tettbygd.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre anna følgjer av forskrifta § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vera tillate når dette ikkje er til vesentleg ulempe for andre:

a)open brenning på grillinnretningar, utepeisar og kaffebål,
b)brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unntak av impregnert og malt trevirke,
c)brenning av avispapir og liknande i vedomn heime eller på hytta,
d)bråtebrenning og brenning av turt hageavfall utanfor tettbygd strøk,
e)Sankthansbål,
f)ranke- og flatebrenning i skogbruket,
g)halmbrenning i jordbruket.
§ 6.Dispensasjon

Rådmannen kan i særlege tilfelle dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at reglene i denne forskrifta vert halde.

§ 8.Klage

Vedtak fatta av rådmannen i medhald av denne forskrifta kan påklagast til kommunestyret.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan føra til straffeansvar, jf. forureiningslova § 78.

§ 10.Ikrafttreden

Denne forskrifta gjeld frå same dato som ho vert kunngjort i Norsk Lovtidend.