Forskrift om berekning av sakshandsamingstid ved saker som krev oppmålingsforretning, Hjartdal kommune, Telemark

DatoFOR-2009-12-09-1566
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forHjartdal kommune, Telemark
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort17.12.2009   kl. 16.00
KorttittelForskr. om sakshandsamingstid oppmåling, Hjartdal

Heimel: Fastsett av Hjartdal kommunestyre 9. desember 2009 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Forskrifta gjer greie for kva slags periode Hjartdal kommune reknar som vinterstid i samband med arbeider etter lov 17. juni 2005 nr. 101 om eiendomsregistrering (matrikkellova).

I denne perioden vil ein oppmålingsforretning normalt vanskelig kunne fullførast.

§ 2.Virkeområde

Forskriften gjeld saker som krev oppmålingsforretning etter matrikkellova. Kva som reknast som ein oppmålingsforretning følgjer av matrikkellova, kapittel 7.

§ 3.Berekning av sakshandsamingstid

Ved berekning av sakshandsamingstid for saker som krev oppmålingsforretning skal ikkje perioden frå 1. november til 15. mai reknast med.

§ 4.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2010.