Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar, Hemsedal kommune, Buskerud

DatoFOR-2009-12-10-1782
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse17.12.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forHemsedal kommune, Buskerud
HjemmelLOV-1981-03-13-6-§9, FOR-2001-07-19-1706
Kunngjort07.01.2010   kl. 16.45
KorttittelForskrift om brenning av avfall, Hemsedal

Heimel: Fastsett av Hemsedal kommunestyre 10. desember 2009 med heimel i lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, jf. delegeringsvedtak 19. juli 2001 nr. 1706.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å motverke forureining og helseproblem i kommunen som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

§ 2.Verkeområde

Denne forskrifta gjeld open brenning og brenning av avfall i småomnar innanfor kommunens grenser.

§ 3.Definisjonar

I denne forskrift meinast:

a)Open brenning: all brenning som skjer utandørs.
b)Småomnar: forbrenningsomnar som ikkje har løyve frå Statens forurensningstilsyn eller Fylkesmannen eller er tillate etter statlege forskrifter etter forureiningsloven.
c)Tettbygd strøk: Husklyngje med fleire enn 7 bustad- og/eller hytteeiningar der avstanden einingane seg imellom ikkje overstig 100 meter.
§ 4.Forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar

Open brenning og brenning av avfall i småomnar er forbode, med mindre noko anna følgjer av forskriftas § 5.

§ 5.Unntak frå forbodet

Følgjande brenning skal likevel vere lov:

a)bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk.
b)Sankthansbål i innmark.
c)ranke- og flatebrenning i jord- og skogbruket (må meldast til lokalt brannvesen).
d)halmbrenning i jordbruket, der naboar er varsla på førehand, skal skje på våren.
e)øvingsbrenning for brannvesenet. Det vert sett som vilkår at brannobjekt i forkant av øvinga vert miljøsanert samt at det skal vere gjeve løyve til riving frå kommunen. For anna øvelsesbrenning skal det nyttast reint trevirke.

Unntaka a-e fritar ikkje den ansvarlege frå generell aktsemd, jf. brannlova § 5, og avgjerda om bålforbod i tida 15. april-15. september, jf. forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn § 8.

§ 6.Dispensasjon

Kommunen kan i særlige tilfeller dispensere frå forbodet i § 4 etter søknad.

§ 7.Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med at avgjerdene i denne forskrifta vert halde.

§ 8.Klage

Vedtak truffe av kommunen i medhald av denne forskrifta kan påklagast etter forvaltningslovas § 28.

§ 9.Straff

Brot på denne forskrifta kan føre til straffeansvar jf. forureiningslovas § 78.

§ 10.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.