Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Bø kommune, Telemark

DatoFOR-2009-12-14-1824
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse15.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forBø kommune, Telemark
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort14.01.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om unntak frå oppmålingsfristar, Bø

Heimel: Fastsatt av Bø kommunestyre 14. desember 2009 med heimel i forskrift 26 juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Hensikten med forskriften er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) 17. juni 2005 nr. 101 i vinterhalvåret. I denne perioden vil det normalt vera vanskeleg å fullføre ein oppmålingsforretning.

§ 2.Virkeområde

Forskriften gjeld saker som krev oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) kap. 7.

§ 3.Berekning av sakshandsamingstid

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskriften § 18 første ledd løper ikkje i perioden frå 1. november og til 30. april.

§ 4.Ikrafttreden

Forskriften trer i kraft 15. januar 2010.