Forskrift om fastsetjing av vinterperiode i samband med gebyrregulativ, Hjelmeland kommune, Rogaland

DatoFOR-2009-12-16-1829
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forHjelmeland kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§32, FOR-2009-06-26-864-§16, LOV-1997-05-23-31-§7
Kunngjort14.01.2010   kl. 14.20
KorttittelForskr om gebyr og oppmålingsfrister, Hjelmeland

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Hjelmeland kommunestyre 16. desember 2009 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 16 og lov 23. mai 1997 nr. 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven) § 7.

I

6.1. Oppretting av matrikkeleining
6.1.1. Oppretting av grunneigedom og festegrunn
Areal frå 0-500 m² kr 14 000,-
Areal frå 501-2000 m² kr 16 000,-
Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da kr 500,-

For eigedom som ikkje er sjølvstendig brukseining vert rekna 0,5 gebyr etter dette pkt.

Ved samtidig oppmåling av fleire tilgrensande tomter som er rekvirert av same rekvirent kan det gis følgjande reduksjonar i gebyret:

-6-10 tomter: 10 % reduksjon
-11-25 tomter: 20 % reduksjon. 
6.1.2. Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
Areal frå 0-500 m² kr 14 000,-
Areal frå 501-2000 m² kr 18 000,-
Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da kr 500,- 
6.1.3. Oppretting av uteareal på eigarseksjon

Gebyr for tilleggsareal pr. eigarseksjon

Areal frå 0-50 m² kr 8 000,-
Areal frå 51-250 m² kr 10 000,-
Areal frå 251-2000 m² kr 12 000,-
Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da kr 500,- 
6.1.4. Oppretting av anleggseigedom

Gebyr for oppretting av anleggseigedom

Areal frå 0-2000 m² kr 20 000,-
Areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da kr 1 000,-

(har ikkje vore aktuelt her, gjeld til dømes underjordiske parkeringsanlegg). 

6.1.5. Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid - sjå pkt. 6.12. 

6.2. Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Syner til 6.1.1., 6.1.2., 6.1.4. og 6.1.5. I tillegg kan det koma tilleggsgebyr for å utføra oppmålingsforretning. 

6.2.1. Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka vert trekt før den er fullført, må avvisast eller ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve vert sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 6.1. og 6.2. 

6.3. Grensejustering 
6.3.1. Grunneigedom

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomen sitt areal (maksimalgrensa er sett til 500 m² ). Ein eigedom kan likevel ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa.

Areal frå 0-250 m² kr 6 000,-
Areal frå 251-500 m² kr 8 000,- 
6.3.2. Anleggseigedom

Ein anleggseigedom kan justerast med inntil 5 % av anleggseigedomen sitt areal, men den maksimale grensa vert sett til 1000 m².

Areal frå 0-250 m² kr 10 000,-
Areal frå 251-1000 m² kr 13 000,- 
6.4. Arealoverføring
6.4.1. Grunneigedom

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift.

Areal frå 0-250 m² kr 15 000,-
Areal frå 251-500 m² kr 17 000,-

Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m²

medfører ein auke av gebyret på kr 1 000,-
6.4.2. Anleggseigedom

For anleggseigedom kan areal som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna ikkje vera registrert på ei tredje matrikkeleining. Arealet kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er tilstades. Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhangande areal.

Areal frå 0-250 m² kr 21 000,-
Areal frå 251-500 m² kr 23 000,-
Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m²
medfører ei auke av gebyret på
kr 1 500,-
6.4.3. I dei høve kommunen må innhente dokument frå tinglysinga, statsarkiv eller tilsvarande institusjonar vil den kostnaden kommunen har med dette bli lagt til i gebyret.
6.5. Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
For inntil 2 pkt. kr 4 000,-
For overskytande grensepunkt, pr. pkt. kr 500,-
6.6. Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/eller klarlegging av rettar
For inntil 2 punkt kr 5 000,-
For overskytande grensepunkt, pr. pkt. kr 800,-

Gebyr for klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid, sjå pkt. 6.12. 

6.7. Privat grenseavtale
For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde kr 4 000,-
For kvart nytt punkt eller påbegynt 100 m
grenselengde
kr 500,-

Billegaste alternativ for rekvirent skal veljast. Alternativt kan gebyr fastsetjast etter medgått tid. 

6.8. Urimeleg gebyr

Dersom gebyret utan tvil er urimeleg i høve til dei prinsippa som er lagt til grunn og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan Rådmannen eller den han har gitt fullmakt fastsetja eit høveleg gebyr. 

6.9. Betalingstidspunkt

Kommunen vedtek om gebyret skal krevjast inn på etterskot. 

6.10. Endringar i grunnlag for matrikkelføring av saka

Gjer rekvirenten endringar i grunnlaget for matrikkelføring medan saka pågår, vert gebyret likevel oppretthalde. 

6.11. Utskriving av matrikkelbrev
Matrikkelbrev inntil 10 sider kr 175,-
Matrikkelbrev over 10 sider kr 350,-

Endring i satsane til dette punktet (6.11.) vert regulert av Statens Kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga. 

6.12. Andre tenester

Arbeid som ikkje passar inn i punkta over blir fakturert med kr 800,- pr. time. 

6.13. Tinglysingsgebyr

I tillegg til gebyra ovanfor skal det ved tinglysing av matrikkelbrev eller andre dokument betalast det til einkvar tid gjeldande tinglysingsgebyr. 

7. Seksjonering

Seksjonering skal handsamast etter lov om eigarseksjonar og gebyr skal betalast etter bestemmelsane i § 7.

Seksjonering med synfaring:

Der det må haldast synfaring skal det betalas et gebyr på 5 gonger gjeldande rettsgebyr.

Seksjonering utan synfaring:

Der det ikkje skal haldast synfaring skal det betalast et gebyr på 3 gonger gjeldande rettsgebyr.

Dessutan skal det betalast gebyr for tinglysing av seksjoneringsbegjæringen. (jf. pkt. 6.13) Blir seksjoneringsløyve ikkje gitt, skal tinglysingsgebyret og halvparten av gebyret for seksjoneringa betalast attende. 

8. Etter Matrikkellova § 18 (3) har kommunen vedteke at frist for behandlingstid kan utsetjast f.o.m. 1. november t.o.m. 31. mars pga. at det i denne perioden kan vera klimatiske tilhøve som tilseier dette.

Oppgåvene i matrikkellova kap. 5 og 6 er myndighetsoppgaver, og derfor friteke for meirverdiavgift. jf. meirverdiavgiftslova § 5b, første ledd nr. 7.

II

Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2010.