Forskrift om gebyr i medhald av matrikkellova, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-12-17-1622
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse22.12.2009
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§32, FOR-2009-06-26-864-§16
Kunngjort22.12.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om gebyr etter matrikkellova, Luster

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 17. desember 2009 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32 og forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 16.

I

1. Oppretting av matrikkeleining
1.1. Oppretting av grunneigedom og festegrunn
areal frå 0-500 m² kr 6 800
areal frå 501-2000 m² kr 13 000
areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da. kr 1 300
1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
areal frå 0-500 m² kr 6 800
areal frå 501-2000 m² kr 13 000
areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da. kr 1 300
1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon

areal frå 0-50 m² kr 4 000
areal frå 51-250 m² kr 6 000
areal frå 251-2000 m² kr 8 000
areal frå 2001 m² - auke pr. påbegynt da. kr 600
1.4 Oppretting av anleggseigedom

Gebyr som for oppretting av grunneigedom.

volum frå 0-2000 m³ kr 15 000
volum frå 2001 m³ - auke pr. påbegynt 1000 m³ kr 800
1.5 Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige fakturerast etter medgått tid. 

2. Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Viser til 1.1, 1.2, 1.4 og 1.5. I tillegg kan det koma tilleggsgebyr for å utføre oppmålingsforretning.

2.1 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka blir trekt før ho er fullført, må avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelsforhold eller av andre grunner ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane etter 1.1 og 1.2 

3. Grensejustering
3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal (maksimalgrensa er sett til 500 m² ). Ein eigedom kan mellombels ikkje avgje areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelda.

areal frå 0-250 m² kr 3 000
areal frå 251-500 m² kr 5 000
3.2 Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa skal setjast til 1000 m³

volum frå 0-250 m³ kr 7 500
volum frå 251-1000 m³ kr 8 500 
4. Arealoverføring
4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.

areal frå 0-250 m² kr 7 500
areal frå 251-500 m² kr 9 500
arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m²
medfører ein auke av gebyret på:
kr 2 000
4.2 Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei annan, - ikkje vera registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhengande volum.

volum frå 0-250 m³ kr 9 500
volum frå 251-500 m³ kr 12 000
volumoverføring pr. nytt påbegynt 500 m³
medfører ein auke av gebyret på:
kr 600 
5. Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
For inntil 2 punkt kr 2 000
For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr 500 
6. Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/eller klarlegging av rettar
For inntil 2 punkt kr 4 000
For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr 1 500

Gebyr for klarlegging av rettar fakturerast etter medgått tid. 

7. Privat grenseavtale
For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde kr 2 000
For kvart nytt punkt eller påbegynt 100 m grenselengde kr 500

Billigaste alternativ for rekvirent skal veljast.

Alternativt kan gebyr fastsetjast etter medgått tid. (minimum 3 timar) 

8. Timepris

For målearbeid som blir avtalt utført etter timepris:

Timepris for målearbeid etter matrikkelloven kr 650
Minstegebyret for slikt arbeid kr 2 000 
9. Urimeleg gebyr

Dersom gebyret openbert er urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagde til grunn og det arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan administrasjonssjefen eller den han/ho har gitt fullmakt, av eige tiltak fastsetja eit passande gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnader og med bakgrunn i grunngitt søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetja eit redusert gebyr. 

10. Betalingsbetingelsar

Gebyra skal fastsetjast etter det regulativ som gjeld på rekvisisjonstidspunktet, og skal krevjast inn etterskotsvis. I tillegg til gebyr etter dette regulativet skal rekvirenten betale dei tinglysingsutgiftene som følgjer av rekvisisjonen. 

11. Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saken

Gjer rekvirenten under sakens gang endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka, skal likevel gebyret oppretthaldast. 

12. Prisendringar

Prisane i gebyrregulativet skal årleg justerast i samsvar med Statens Kartverk sin prisindeks for oppmålings- og kartleggingsarbeid ved kvart årsskifte, første gong pr. 1. januar 2011, og justert til næraste heile 10 kroner. 

13. Utsteding av matrikkelbrev
Matrikkelbrev inntil 10 sider kr 175
Matrikkelbrev over 10 sider kr 350

Endring i maksimalsatsane blir regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.

II

Denne forskrifta vert sett i kraft same dato som kunngjering i Norsk Lovtidend.