Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-12-17-1623
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse22.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort22.12.2009   kl. 13.40
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Luster

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 17. desember 2009 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Forskrifta definerer kva periode Luster kommune reknar som vintertid i samband med arbeid etter lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

I perioden rekna som vintertid vil ei oppmålingsforretning normalt vanskeleg kunne fullførast.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld saker som krev oppmålingsforretning etter matrikkellova. Kva som reknas som oppmålingsforretning følgjer av matrikkellova kapittel 7.

§ 3.Berekning av saksbehandlingstid

Ved berekning av tidsfrist etter matrikkelforskrifta § 18 første ledd skal ikkje perioden 15. november til 1. april reknast med.

I dei deler av kommunen der nødvendige tilkomstvegar er vinterstengde etter 1. april gjeld ikkje tidsfristen før vegane er opna etter vinterstenginga.

§ 4.Ikraftsetjing

Denne forskrift vert sett i kraft same dato som kunngjering skjer i Norsk Lovtidend.