Forskrift om endring av krinsgrense mellom skulekrinsane Gaupne og Dale, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-12-17-1836
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse14.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1998-07-17-61-§8-1
Kunngjort14.01.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om endring av skulekrinsgrense, Luster

Heimel: Fastsett av Luster kommunestyre 17. desember 2009 med heimel i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) § 8-1. 

Luster kommunestyre vedtek, med tilvisning til § 8-1 i opplæringslova, følgjande forskrift for området som omfattar noverande krinsgrense mellom skulekrinsane Gaupne og Dale:

Krinsgrensa mellom skulekrinsane Dale og Gaupne vert flytta og ny grense vert trekt i området mellom tidlegare Nes skulehus og krysset rv 55/privatveg til Høyheim, slik det framgår av f-sak 122/09 - vedlegg 2.

Denne forskrift vert sett i kraft samme dato som kunngjering skjer i Norsk Lovtidend.