Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Øystre Slidre kommune, Oppland

DatoFOR-2009-12-17-1837
PublisertII 2009 hefte 6
Ikrafttredelse14.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort14.01.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Øystre Slidre

Heimel: Fastsett av Øystre Slidre kommunestyre 17. desember 2009 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Forskriften har som formål å utsetje fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskriften § 18 første ledd gjeld ikkje i perioden 1. november til 15. mai.

I dei delar av kommunen der nødvendige adkomstvegar er vinterstengde etter 15. mai gjeld ikkje tidsfristen før vegane er opne etter vinterstenging.

§ 3.Ikrafttreden

Denne forskrift trer i kraft same dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.