Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Bykle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2009-12-17-1869
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort04.02.2010   kl. 15.00
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Bykle

Heimel: Fastsett av Bykle kommunestyre 17. desember 2009 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Forskrifta gjer greie for kva periode Bykle kommune reknar som vintertid i samband med arbeid etter lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

I denne perioden vil ein oppmålingsforretning normalt vanskeleg kunne fullførast.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld saker som krev oppmålingsforretning etter matrikkellova. Kva som reknast som ein oppmålingsforretning følgjer av matrikkellovas kapittel 7.

§ 3.Berekning av sakshandsamingstid

Ved berekning av sakshandsamingstid for saker som krev oppmålingsforretning skal ikkje perioden frå 1. oktober til 15. mai reknast med.

§ 4.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft 1. januar 2010.