Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Suldal kommune, Rogaland

DatoFOR-2010-02-09-140
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse11.02.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forSuldal kommune, Rogaland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort11.02.2010   kl. 15.35
KorttittelForskrift om oppmålingsfrister, Suldal

Heimel: Fastsett av Suldal kommunestyre 9. februar 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å utsetje fristen på 16 veker for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett frist for gjennomføring av oppmålingsforretning

I perioden 1. desember til 30. april vil fristen for å rekne tid for fullføring av oppmålingsforretning stoppe opp, jf. matrikkelforskrifta § 18 første ledd.

I tillegg til denne perioden vil også fristen for å rekne tid stoppe opp i dei delane av kommunen som ligg på kotehøgd over 200 meter frå det kjem snø/tele i bakken til snøen er smelta.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft samme dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.