Forskrift om unntak frå tidsfrister i saker som krev oppmålingsforretning, Valle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2010-02-18-268
PublisertII 2010 hefte 1
Ikrafttredelse04.03.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort04.03.2010   kl. 17.15
KorttittelForskrift om oppmålingsfrister, Valle

Heimel: Fastsett av Valle kommunestyre 18. februar 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Hensikta med forskrifta er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret, grunna snøforholda i kommunen.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd løper ikkje i perioden 1. oktober til 1. mai i kommunen generelt.

I de deler av kommunen som ligg over høgdekote 500 meter settast fristen til mellom 1. oktober og 1. juni.

§ 3.Ikrafttreden

Denne forskrift trer i kraft samme dato som den blir kunngjort i Norsk Lovtidend.