Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Eid kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-02-25-371
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse18.03.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forEid kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort18.03.2010   kl. 15.10
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Eid

Heimel: Fastsett av Eid kommunestyre 25. februar 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Hensikta med forskrifta er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd, løper ikkje i perioden 15. november til 15. april.

I dei deler av kommunen der nødvendige tilkomstvegar er vinterstengde etter 15. april løper ikkje tidsfristen før vegane er opna etter vinterstenginga.

§ 3.Ikrafttreding

Denne forskrifta trer i kraft same dato som den vert kunngjort i Norsk Lovtidend.