Forskrift om gebyr for vatn og avlaup, Valle kommune, Aust-Agder

DatoFOR-2010-03-24-474
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse01.01.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1974-05-31-17-§3, FOR-2004-06-01-931
Kunngjort31.03.2010   kl. 12.25
KorttittelForskrift om VA-gebyr, Valle

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Valle kommunestyre 24. mars 2010 med heimel i lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter § 3 og forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om begrensning av forurensning (forurensningsforskriften) kap. 16.1

1. Generelle føresegner

Abonnentane i kommunen betaler for vass- og avlaupstenester leverte av kommunen. Tilhøvet mellom abonnenten og kommunen er regulert av lover og forskrifter og lokale reglement, føresegner, regulativ og deklarasjonar. Dei viktigaste dokumenta er lista opp nedanfor:

1.Lov 31. mai 1974 nr. 17 om kommunale vass- og kloakkavgifter
2.Forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av ureining, kap. 16.
3.Forskrift 21. desember 2007 nr. 1745 om krav til vannmålere.
4.Forskrift om gebyr for vatn og avlaup i Valle kommune (dette dokumentet).
5.Andre dokument
-Gebyrregulativ (vert utarbeidd i samband med budsjettbehandling)
-Krav til bruk av vassmålar.
§ 1.Forskrifta gjeld

Forskrifta gjeld alle abonnentane som er knytte til kommunale vatn- og/eller avlaupsleidningar i Valle kommune, sjå definisjon i § 3.

§ 2.Føremålet med forskrifta

Forskrifta skal leggje til rette for finansiering av utbygging, drift og vedlikehald av kommunens vatn- og avlaupsanlegg, og gjeve ei best mogleg fordeling av kostnadene blant brukarane. 

§ 3.Definisjonar
1.Abonnent:
-Eigar/festar av eigedom som er registrert i matrikkelen med eige gards- og bruksnummer, eller eige festenummer eller seksjonsnummer (under felles gards- og bruksnummer), som er tilknytt kommunal vass- og/eller avlaupsleidning direkte eller gjennom felles stikkleidning. Ved tomtefeste vert festaren og ikkje eigaren rekna som abonnent, såframt det står att 30 år av festetida eller festar kan krevje forlenging slik at det står att ei festetid på minst 30 år, når avgiftsplikta oppstår. Ved mellombels tilknyting er den som har kravt slik tilknyting, abonnent.

Der ei festetomt ikkje er tinglyst på festar, er grunneigar abonnent. Unnatak kan gjerast dersom det vert levert kopi av festeavtalen til kommunen.

2.Avlaupsnett

Med avlaupsleidning forstår vi i desse forskriftene separate leidningar for avlaup frå sanitærutstyr og industriproduksjon (spillvassleidningar) eller fellesleidningen for desse avlaupsvasstypane.

3.Eining
a)Bueining:

Bueining vil seie bustad/fritidsbustad med eitt eller fleire rom og med separat inngang, som har eige bad/WC og kjøkkendel. Heilårsbustad med hybel eller ekstra leilegheit i same hus vert likevel rekna som ei bueining. Ved seksjonering av ei bueining må kvar seksjon betale årsavgift. Driftsbygning på gardsbruk blir rekna som ei eining saman med hovudhus. Døme på bueining er einebustad, leilegheit, kårhus, hytte og fritidsbustad.

b)Andre einingar:

Rom eller samling av rom og opne delar som saman vert nytta eller kan nyttast av ein brukar, som kan vere eigar, leigar eller annan bruksrettshavar. Døme er driftsbygning, verkstad, forretning, kontor og institusjon. Hotell og andre overnattingsbedrifter utgjer ei eining bortsett frå eventuelle einingar som vert omfatta av punkt a.

c)Jordbruksvatning:

Syner til gebyrregulativet.

4.Gebyrregulativet:

Nemninga på dei gjeldande prisoversyna for vass- og avlaupsgebyr i kommunen.

Satsane i gebyrregulativet vert årleg fastsette gjennom vedtak i kommunestyret.

2. Gebyrplikt, berekning og innkrevjing

§ 4.Gebyrtypar

Desse gebyrtypane gjeld for både vatn- og avlaupstenester:

-Eingongsgebyr for tilknyting
-Årsgebyr (abonnementsgebyr og forbruksgebyr)
-Gebyr for leige av vassmålar der vassmålar er tilkopla
-Gebyr for mellombels tilknyting.
§ 5.Eingongsgebyr for tilknyting

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter krev at det vert betalt eingongsgebyr for tilknyting til vatn- og/eller avlaupstenester.

Eingongsgebyr for tilknyting skal dekke ein forholdsmessig del av kommunens samla kostnader på vatn- og avlaupssektoren. Det er desse tilknytingsgebyra:

-Tilknytingsgebyr for vatn
-Tilknytingsgebyr for avlaup.

Eingongsgebyr for tilknyting skal betalast for utbygd eigedom og nybygg på eigedom som direkte eller indirekte skal knytast til kommunalt vatn- og/eller avlaupsnet. Det skal også betalast eingongsgebyr der kommunen har kravt slik tilknyting i medhold av plan- og bygningslova § 27.

Som nybygg vert og rekna utviding av eksisterende bygg, men dette fører ikkje til automatisk auke i gebyr. Det er ved auke i dimensjon på inntaksleidninga det vert pårekna ekstra tilkoplingsgebyr (differansen på dimensjon av gamal og ny leidning).

Eingongsgebyr for tilknyting vert rekna pr. eining. Storleiken på gebyret vert årleg fastsett av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet.

§ 6.Årsgebyr

Årsgebyret for vatn- og avlaupstenester skal betalast av alle abonnentar og inneheld to delar:

-abonnementsgebyr (fast del)
-forbruksgebyr (variabel del).

Årsgebyret skal dekkje den delen av kommunens samla kostnader på vatn- og avlaupssektoren som ikkje vert dekt av tilknytingsgebyret, jf. § 5, eller leige av vassmålar, jf. § 12. Ein skil mellom årsgebyr for vatn og årsgebyr for avlaup på grunnlag av kostnader kommunen har innafor desse sektorane.

Årsgebyr skal betalast for fast eigedom som er tilknytt kommunalt vatn- og/eller avlaupsnet direkte eller indirekte, eller der kommunen har kravt slik tilknyting i medhald av plan- og bygningslova § 27-1, § 27-2 og § 27-4.

Årsgebyret vert utrekna frå og med månaden etter at eigedomen er tilknytt kommunalt leidningsnett.

Storleiken på abonnementsgebyr og forbruksgebyr blir fastsett årleg av kommunestyret og går fram av gebyrregulativet. 

6.1 Abonnementsgebyr

Abonnementsgebyret er den faste delen av årsgebyret.

Abonnementsgebyret vert differensiert etter brukarkategori og plassering i forsyningsområdet (næringseigedom eller fritids-/bustadeigedom).

-Abonnementsgebyr for næring skal betalast av næringseigedomar (eigedomar der hovuddelen er næring) og offentlege verksemder.

Abonnementsgebyret for vatn vert fastsett etter dimensjonen på inntaksleidning for vatn. Skiljet går ved eigedomar med inntaksleidning som har utvendig diameter over eller under 32 mm.

-Abonnementsgebyr for bustad- og fritidseigedom skal betalast av alle abonnentar elles. Burettslag, sameiger, tomannsbustad etc. betaler pr. bueining.

Abonnementsgebyret vert rekna pr. eining. Storleiken på gebyret vert årleg fastsett i gebyrregulativet og skal vere likt for alle einingar. 

6.2 Forbruksgebyr

Forbruksgebyret vert utrekna pr. eining basert på forbruk og pris pr. m³ .

Næringseigedomar og offentlege verksemder betaler forbruksgebyr basert på faktisk (målt) vassforbruk og pris pr. m³ . Forbruket blir målt med installert vassmålar.

Fritids-/hytteabonnentar betaler etter faktisk (målt) vassforbruk eller som stipulert forbruk basert på berekning av bruksareal slik det er definert i NS-3940, og etter pris pr. m³ .

Abonnentar elles betaler etter faktisk (målt) vassforbruk, eller etter stipulert forbruk basert på berekning av bruksareal slik det er definert i NS-3940, og etter pris pr. m³ .

Omrekningsfaktor for stipulert forbruk [m³ /m² ] er definert i gebyrregulativet. For alle abonnentar gjeld at avlaupsmengde vert rekna lik vassmengde, sjå likevel § 8.

For bygningar som ikkje har avlaup (som t.d. fjøs) må det installerast eigen vassmålar for avrekning av avlaupsmengde.

§ 7.Ulike gebyrsatsar

Det kan fastsetjast ein høgare gebyrsats for tilknytingsavgift og den variable delen av årsavgifta dersom avlaupsvatnet avvik, når det gjeld ureining, frå vanleg kommunalt.

§ 8.Arealberekning

Dersom gebyret vert utrekna etter kor stort bygget er, skal bruksareal nyttast, jf. NS-3940. Felles del vert fordelt forholdsmessig på dei enkelte einingane.

§ 9.Mellombels tilknyting

Med mellombels tilknyting meiner ein bygg/anlegg som er tilknytt kommunal vatn- og avlaupsnet direkte eller indirekte for ein periode på inntil eitt år. Tilknyting som skal vare meir enn eitt år kan etter søknad verte godkjend som mellombels. Døme på mellombels tilknyting er anleggsbrakke og andre bygg av mellombels karakter.

Ved mellombels tilknyting skal det betalast eingongsgebyr for tilknyting tilsvarande kommunens kostnader med tilkopling og fråkopling.

Abonnementsgebyret skal betalast forholdsmessig for den perioden tilknytinga varer. Forbruksgebyret skal betalast basert på målt forbruk.

§ 10.Restriksjonar på vassforsyning

Restriksjonar på vassforbruket eller kortare avbrot i forsyninga av vatn eller mottak av avlaupsvatn, gjev ikkje grunnlag for reduksjon av gebyr.

§ 11.Pålegg om utbetring

Kommunen kan gje abonnenten pålegg om å utbetre eigne avlaupsanlegg innan fastsett frist, jf. forureiningslova § 7. Etter § 73 i denne lova kan kommunen påleggje eit ureiningsgebyr dersom tilhøvet ikkje er utbetra innan ein gjeven frist. Dersom abonnenten ikkje utfører pålegget, kan kommunen syte for at tiltaka vert sette i verk, jf. forureiningslova § 74.

Kommunen kan gje abonnenten pålegg om å utbetre eigne drikkevassanlegg innan fastsett frist. Dersom tilhøvet ikkje er utbetra når fristen er ute, blir årsforbruket stipulert.

§ 12.Leige av vassmålar

For installasjon, bruk og leige av vassmålar gjeld dei kommunale reglane for bruk av vassmålar. Kostnader med installasjon, drift, avlesing m.m. skal abonnenten dekkje. Pris for leige av vassmålar går fram av gebyrregulativet.

§ 13.Innkrevjing av gebyr

Abonnenten er ansvarleg for betaling av gebyra.

Kommunen sender faktura for eingongsgebyr for tilknyting til abonnenten samstundes som igangsetjingsløyve (byggjeløyve) vert gjeve, eller når eksisterande bygg vert kopla til kommunal leidning.

Abonnementsgebyr og forbruksgebyr vert innkravde på felles faktura etter gjeldande faktureringsrutinar i kommunen.

Gebyr for mellombels tilknyting blir fakturert særskilt.

Avlesing av målt vassforbruk skal gjerast så ofte kommunen meiner det trengst og minst éin gong pr. år (pr. 31. desember). Forbruksgebyret skal betalast a konto etter gjeldande faktureringsrutinar i kommunen. Avrekning skjer primært 1. termin (faktura) året etter.

Dersom vassforbruket til abonnenten har endra seg vesentleg frå siste målaravlesing, kan kommunen endre a konto-beløpet.

Etter søknad kan kommunen gje fritak for årsgebyret når gebyrpliktig eigedom fysisk er kopla frå leidningsnettet til kommunen. Ved innvilga søknad om fritak er abonnementet avslutta når melding er mottatt om at tilknytingspunktet er plombert. Ny tilknyting av eigedomen krev ikkje ny betaling av eingongsgebyr for tilknyting.

Kostnader ved fråkopling og ny tilknyting skal fullt ut verte dekte av abonnenten.

Arbeidet skal verte utført etter tilvising frå kommunen.

Forfalne krav om årsgebyr er sikra med pant i eigedomen etter lov om pant § 6-1.

Gebyra kan krevjast inn av kommunen etter reglar for innkrevjing av skatt.

3. Avsluttande føresegner

§ 14.Vedtaksmakt

Vedtak etter denne forskrifta vert gjort av kommunestyret eller av delegert mynde.

§ 15.Klage (og omgjering)

Avgjersler etter forskrifta som er enkeltvedtak, følgjer kap. IV-VI i forvaltningslova, og kan påklagast. Klaga skal sendast til den instansen som har fatta vedtaket.

Vedtak om gebyrstorleik er forskrift og vert vedteke av kommunestyret, jf. kap. VII i forvaltningslova.

Kommunen kan etter skriftleg søknad fråfalle utskrivne gebyr heilt eller delvis dersom det ligg føre særlege grunnar. Kommunen si avgjerd er einskildvedtak og kan påklagast.

§ 16.Iverksetjing

Forskrifta gjeld frå 1. januar 2010 (dato som kommunestyret avgjer når tilhøva er lagde til rette for iverksetjing av forskrifta). Frå same tidspunkt vert forskrift av 19771 oppheva.

1Ikkje kunngjort i Norsk Lovtidend.