Forskrift om gebyr for arbeid etter matrikkellova, Hareid kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2010-03-25-511
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse25.03.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forHareid kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§32, FOR-2009-06-26-864
Kunngjort15.04.2010   kl. 15.35
KorttittelForskrift om gebyr etter matrikkellova, Hareid

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Hareid kommunestyre 25. mars 2010 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32, jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften).

§ 1.Føremål

Gebyrregulativet skal:

-sikre at kommunen sitt gebyrregulativ er i samsvar med matrikkelloven
-legge opp til gebyr som fremjar føremåla med lova
-gje lettare samanlikningsgrunnlag av kommunale gebyr også i høve KOSTRA-rapportering
-gje eit regulativ som er oversiktleg og er enkelt å praktisere
-gjere kommunen medveten på sine eigne kostnadar og for mogleg dekning av sjølvkost i høve til retningslinjer for utrekning av sjølvkost for kommunale tenester, publikasjon H-2140 utgitt av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD).

Føremålet med unntak frå fastsette frist til gjennomføring av oppmålingsforretning er å kunne utsetje gjennomføring av oppmålingsarbeid om vinteren.

§ 2.Definisjon

Ordet gebyr tyder eigentleg «det som tilkjem ein». Gebyr etter lov om eiendomsregistrering (matrikkelloven): lovheimla pengevederlag for enkeltoppgåver som kommunen utfører som mynde.

For andre omgrep sjå matrikkellov og matrikkelforskrift.

§ 3.Heimelsgrunnlag

Matrikkellova § 30, § 32 med tilhøyrande forskrift § 16 og § 17 heimlar gebyrfastsetting etter matrikkelloven.

§ 18 i matrikkelforskrifta gjev heimel til unntak for tidsfristar til gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 3-1.Betaling for utlevering og handsaming av opplysningar frå matrikkelen etter matrikkelloven § 30

Det vert gjort merksamt på at spørsmål om kommunen sitt høve til å levere ut og ta betaling for matrikkelopplysningar vert avgjort av Statens kartverk og er såleis ikkje omfatta av dette gebyrregulativet, jf. matrikkelforskrifta § 17.

§ 3-2.Bakgrunn for gebyra

I premissane for matrikkelloven er det sagt at kommunane skal får dekt sine kostnadar i samband med lova i form av gebyr.

Det skal være eitt samla gebyr for oppmålingsforretning og matrikkelføring.

For oppgåver utført som mynde skal det generelt ikkje krevjast meirverdiavgift. Alle oppgåvene spesifisert i matrikkellovens kap. 5 og 6 er oppgåver utført som mynde, og derfor friteke for meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftslova § 3-9.

§ 4.Generelle bestemmelsar
§ 4-1.Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr etter satsar og retningslinjer som går fram av regulativet. Gebyrkravet vert retta mot rekvirent dersom ikkje anna skriftleg er avtalt.

Saksgebyr etter matrikkellova skal betalast sjølv om saka ikkje vert fullført, men etter ein redusert gebyrsats.

Dersom rekvirenten av ulike årsaker har betalt for mykje i gebyr, skal kommunen så snart det er klarlagt, betale tilbake for mykje betalt gebyr. Ein kan ikkje krevje rentetillegg dersom ein har betalt inn for mykje i gebyr.

§ 4-2.Kva regulativ skal nyttast

Gebyr for arbeid etter matrikkellova skal utreknast etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein fullstendig rekvisisjon.

§ 4-3.Tidspunkt for betaling

Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr.

Kommunen kan krevja at gebyret er betalt før kommunen sine arbeid tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekna ut det endelege gebyret og skriva ut tilleggsrekning eller betala attende for mykje betalt gebyr.

§ 4-4.Endring av regulativet eller gebyrsatsar

Storleiken på gebyrsatsane etter desse reglar skal vurderast kvart år i samband med budsjettarbeidet. Administrasjonen skal legge forslag til justering av gebyret fram for politisk handsaming.

§ 4-5.Gebyr til statlege etater

Der kommunen skal krevje inn gebyr til statlege etatar som eks. tinglysingsgebyr og dokumentavgift for saker etter dette regulativ, skal utskriving og innkrevjing av statlege og kommunale gebyr skje samordna.

Kostnadar som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretning, vert fakturert vidare til rekvirenten.

§ 4-6.Timepris

Timekostnad i dette regulativ skal dekkje både direkte og indirekte kostnadar. Meirverdiavgift skal leggjast til etter gjeldande reglar.

§ 4-7.Urimeleg gebyr

Dersom gebyret er klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadar kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit passande gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr. Avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

§ 4-8.Klage

Enkeltvedtak etter dette regulativet kan påklagast. Fylkesmannen er klageinstans. Klage på gebyrfastsetjing gir ikkje utsetjing av betalingsfristen. Klagefrist er 3 veker.

Fastsetjing av gebyr i ei einskild sak etter regulativet, kan ikkje påklagast, jf. § 40 i forvaltningslova. Kommunen si avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

§ 4-9.Unntak for tidsfristar - vinter

Tidsfristen som er sett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd, går ikkje i perioda 1. desember til 1. april.

Forskrifta trer i kraft straks. Det nye gebyrregulativet erstattar den gamle regulativet som var utarbeidd etter delingslova, for saker som vert rekvirert/omsøkt etter 1. januar 2010. Matrikkellova erstattar kart og delingslova 23. juni 1978.

Vedlegg § 5. Gebyrsatsar år 2010.

Gebyr for arbeid etter matrikkellova vert fastsett som følgjer:

Kostnader som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med den enkelte oppmålingsforretninga og gebyr og avgifter som kommunen skal krevje inn for statlege etatar som til dømes tinglysingsgebyr og dokumentavgift, vert fakturert vidare til rekvirenten og kjem i tillegg til satsane under. 

§ 5-1.Oppretting av matrikkeleining
§ 5-1-1.Oppretting av matrikkeleining og festegrunn 
areal frå 0-2 000 m² kr 11 500.-
areal frå 2001-20 000 m² - auke pr. påbegynt da. kr 500.-

Areal over 20 001 m² etter medgått tid, dog ikkje under sats for 20 000 m²

§ 5-1-2.Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn 
areal frå 0-2 000 m² kr 4 000.-
areal frå 2001-20 000 m² - auke pr. påbegynt da. kr 500.-

Areal over 20 001 m² etter medgått tid, dog ikkje under sats for 20 000 m²

§ 5-1-3.Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Gebyr for oppmåling av uteareal på inntil 1 eigarseksjon kr 8 000.-

Auke i gebyr for oppmåling av uteareal utover 1 eigarseksjon, pr. seksjon kr 2500.-
§ 5-1-4.Oppretting av anleggseigedom

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris kr 500.-. Minstegebyr kr 11 500.-.

§ 5-1-5.Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid. Timepris kr 500.-.

Kostnadar som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretning, vert fakturert vidare til rekvirenten.

§ 5-1-6.Oppretting av tilleggsareal som eigen matrikkeleining som tillegg til eksisterande grunneigedom eller festegrunn

Gebyr kr 9 500.- for areal inntil 2 000 m²

For areal over 2 000 m² same gebyr som § 5-1-1.

§ 5-2.Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Satsar etter § 5-1-1, § 5-1-2, § 5-1-4 og § 5-1-5 gjeld, i tillegg kjem eit tilleggsgebyr for oppretting av matrikkeleining før fullført oppmålingsforretning på - kr 3 500,-

§ 5-2-1.Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka vert trekt før den er fullført, om den må avvisast, ikkje lar seg matrikkelføre på grunn av endra heimelsforhold eller om saka av andre grunnar ikkje kan fullførast, vert gebyrsatsene sett til 1/3 etter § 5-1 og § 5-2.

§ 5-3.Grensejustering
§ 5-3-1.Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal. (maksimalgrensa er sett til 500 m² ). Ein eigedom kan imidlertid ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justeringa. For grensejustering til veg- el ler jernbaneformål kan andre arealklasser gjelde. 

areal frå 0-500  kr 5 500.-
§ 5-3-2.Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av anleggseigedomens volum, men den maksimale grensa er satt til 1 000 m³ 

volum frå 0-1 000 m³ kr 5 500.-
§ 5-4.Arealoverføring
§ 5-4-1.Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneføremål.

areal frå 0-2 000 m² kr 11 500.-
areal frå 2001 - auke pr. påbegynt da. kr 500.-
§ 5-4-2.Anleggseigedom

For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining til ei anna, - ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volum kan kun overførast til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanslåing er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengande volum. 

volum frå 0-2 000 m³ kr 11 500.-
volum frå 2001 - auke pr. påbegynt 1 000 m³ kr 500.-
§ 5-5.Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidligare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning 
For inntil 2 punkt kr 1 500.-
For overskytende grensepunkter, pr. punkt kr 500.-
§ 5-6.Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidligare er koordinatbestemt/eller klarlegging av rettigheter 
For inntil 2 punkter kr 5 000.-

For overskytande grensepunkter, pr. punkt kr 1 000.-

Gebyr for klarlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid. Timepris kr 500-.

Dersom alle grensene kring eigedomen skal gåast opp, skal det betalast gebyr etter § 5-1.

§ 5-7.Privat grenseavtale

Gebyr vert fastsett etter medgått tid. Timepris kr 500.-.

§ 5-8.Andre oppmålingstekniske arbeid

Gebyr for tekniske arbeid som ikkje vert dekt av dei satsane som nemnde ovanfor, skal utreknast etter brukt tid. Timeprisen vert kr 500.- + mva.

Ved markarbeid vert lagt til bruk av oppmålingsutstyr kr 40.- pr. time. Meirverdiavgift skal eventuelt leggast til etter gjeldande reglar.

§ 5-9.Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka

Gjer rekvirenten under saksgangen endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka, opprettheld ein likevel gebyret.

§ 5-10.Utferde matrikkelbrev 
Matrikkelbrev inntil 10 sider kr 175,-
Matrikkelbrev over 10 sider kr 350,-

Endring i maksimalsatsa vert regulert av Statens kartverk i takt med den årlege kostnadsutviklinga.