Forskrift om gebyrregulativ og utsett frist for oppmålingsforretning i vinterperiode for forvaltningsoppgåver, Herøy kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2010-03-25-660
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse25.03.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forHerøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-2005-06-17-101-§32, FOR-2009-06-26-864
Kunngjort12.05.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om gebyrregulativ oppmåling, Herøy

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Herøy kommunestyre 25. mars 2010 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 32, jf. forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften).

I

§ 1.Føremål

Gebyrregulativet skal:

-sikre at kommunen sitt gebyrregulativ er i samsvar med matrikkelloven
-legge opp til gebyr som fremjar føremåla med lova
-gje lettare samanlikningsgrunnlag av kommunale gebyr også i høve KOSTRA-rapportering
-gje eit regulativ som er oversiktleg og er enkelt å praktisere
-gjere kommunen medveten på sine eigne kostnadar og for mogleg dekning av sjølvkost i høve til retningslinjer for utrekning av sjølvkost for kommunale tenester, publikasjon H-2140 utgitt av Kommunal- og regionaldepartementet (KRD).

Føremålet med unntak frå fastsette frist til gjennomføring av oppmålingsforretning er å kunne utsetje gjennomføring av oppmålingsarbeid om vinteren.

§ 2.Definisjon

Ordet gebyr tyder eigentleg «det som tilkjem ein». Gebyr etter lov om eiendomsregistrering (matrikkelloven): lovheimla pengevederlag for enkeltoppgåver som kommunen utfører som mynde.

For andre omgrep sjå matrikkellov og matrikkelforskrift.

§ 3.Heimelsgrunnlag

Matrikkellova § 30, § 32 med tilhøyrande forskrift § 16 og § 17 heimlar gebyrfastsetting etter matrikkelloven.

§ 18 i matrikkelforskrifta gjev heimel til unntak for tidsfristar til gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

3.1 Betaling for utlevering og handsaming av opplysningar frå matrikkelen etter matrikkelloven § 30

Det vert gjort merksamt på at spørsmål om kommunen sitt høve til å levere ut og ta betaling for matrikkelopplysningar vert avgjort av Statens kartverk og er såleis ikkje omfatta av dette gebyrregulativet, jf. matrikkelforskrifta § 17.

3.2 Bakgrunn for gebyra

I premissane for matrikkelloven er det sagt at kommunane skal får dekt sine kostnadar i samband med lova i form av gebyr.

Det skal være eitt samla gebyr for oppmålingsforretning og matrikkelføring.

For oppgåver utført som mynde skal det generelt ikkje krevjast meirverdiavgift. Alle oppgåvene spesifisert i matrikkellovens kap. 5 og 6 er oppgåver utført som mynde, og derfor friteke for meirverdiavgift, jf. merverdiavgiftslova § 5b, første ledd nr. 7.

§ 4.Generelle reglar
4.1 Betalingsplikt

Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr etter satsar og retningslinjer som går fram av regulativet. Gebyrkravet vert retta mot rekvirent dersom ikkje anna skriftleg er avtalt.

Saksgebyr etter matrikkellova skal betalast sjølv om saka ikkje vert fullført, men etter ein redusert gebyrsats.

Dersom rekvirenten av ulike årsaker har betalt for mykje i gebyr, skal kommunen så snart det er klarlagt, betale tilbake for mykje betalt gebyr. Ein kan ikkje krevje rentetillegg dersom ein har betalt inn for mykje i gebyr.

4.2 Kva regulativ skal nyttast

Gebyr for arbeid etter matrikkellova skal utreknast etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein fullstendig rekvisisjon.

4.3 Tidspunkt for betaling

Alle som får utført tenester etter dette regulativet skal betale gebyr.

Kommunen kan krevja at gebyret er betalt før kommunen sine arbeid tek til. For arbeid som skal betalast etter brukte timeverk, skal kommunen ved krav om førehandsbetaling stipulere gebyret. Når kommunen sine arbeid er fullført, skal kommunen rekna ut det endelege gebyret og skriva ut tilleggsrekning eller betala attende for mykje betalt gebyr.

4.4 Endring av regulativet eller gebyrsatsar

Storleiken på gebyrsatsane etter desse reglar skal vurderast kvart år i samband med budsjettarbeidet. Administrasjonen skal legge forslag til justering av gebyret fram for politisk handsaming.

4.5 Gebyr til statlege etater

Der kommunen skal krevje inn gebyr til statlege etatar som eks. tinglysingsgebyr og dokumentavgift for saker etter dette regulativ, skal utskriving og innkrevjing av statlege og kommunale gebyr skje samordna.

Kostnadar som kommunen vert påført i samband med å hente inn relevante opplysningar i samband med oppmålingsforretning, vert fakturert vidare til rekvirenten.

4.6 Timepris

Timekostnad i dette regulativ skal dekkje både direkte og indirekte kostnadar. Meirverdiavgift skal leggjast til etter gjeldande reglar.

4.7 Urimeleg gebyr

Dersom gebyret er klart urimeleg i forhold til dei prinsipp som er lagt til grunn, og det arbeidet og dei kostnadar kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho har gjeve fullmakt, av eige tiltak fastsetje eit passande gebyr.

Fullmaktshavar kan under same føresetnad og med bakgrunn i grunngjeven søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr. Avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

4.8 Klage

Enkeltvedtak etter dette regulativet kan påklagast. Fylkesmannen er klageinstans. Klage på gebyrfastsetjing gir ikkje utsetjing av betalingsfristen. Klagefrist er 3 veker.

Fastsetjing av gebyr i ei einskild sak etter regulativet, kan ikkje påklagast, jf. § 40 i forvaltningslova. Kommunen si avgjerd etter søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

4.9 Unntak for tidsfristar - vinter

Tidsfristen som er sett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd går ikkje i perioden 1. desember til 1. april.

II

Forskrifta trer i kraft straks.