Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Nord-Fron kommune, Oppland

DatoFOR-2010-04-13-1151
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse12.08.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort12.08.2010   kl. 16.00
KorttittelForskrift om oppmålingsfristar, Nord-Fron

Heimel: Fastsett av Nord-Fron kommunestyre 13. april 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Føremål

Hensikta med forskrifta er å utsette fristen for gjennomføring av oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd løper ikkje i perioden 15. oktober til 15. mai.

§ 3.Ikrafttreden

Denne forskrifta trer i kraft same dato som ho blir kunngjort i Norsk Lovtidend.