Forskrift om unntak frå tidsfristar i saker som krev oppmålingsforretning, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2010-05-10-691
PublisertII 2010 hefte 3
Ikrafttredelse20.05.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forGloppen kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2009-06-26-864-§18, LOV-2005-06-17-101
Kunngjort20.05.2010   kl. 14.20
KorttittelForskrift om unntak frå oppmålingsfristar, Gloppen

Heimel: Fastsett av Gloppen kommunestyre 10. mai 2010 med heimel i forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 18 tredje ledd, jf. lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova).

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å utsetje fristen for å gjennomføre oppmålingsforretning i vinterhalvåret.

§ 2.Utsett tidsfrist for gjennomføring av oppmålingsforretning

Når klimatiske forhold tilseier det, gjeld ikkje tidsfristen som er fastsett i matrikkelforskrifta § 18 første ledd i perioden 1. november til 1. mai.

I dei deler av kommunen der nødvendige tilkomstvegar er vinterstengde etter 1. mai, tek ikkje tidsfristen til å gjelde før vegane er opna etter vinterstenging.

§ 3.Iverksetjing

Denne forskrifta gjeld frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.