Forskrift om gebyrregulativ, Bokn kommune, Rogaland

DatoFOR-2010-06-15-1482
PublisertII 2010 hefte 5
Ikrafttredelse01.07.2010
Sist endret
Endrer
Gjelder forBokn kommune, Rogaland
HjemmelLOV-2008-06-27-71-§33-1
Kunngjort02.12.2010   kl. 15.25
KorttittelForskrift om gebyrregulativ, Bokn

Kapitteloversikt:

Heimel: Fastsett av Bokn kommunestyre 15. juni 2010 med heimel i lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) § 33-1.

I

§ 1. Gebyret omfattar

Totalt gebyr omfattar: Sakshandsaming, godkjenning av ansvarlige føretak, dokumentkontroll og tilsyn.

§ 2. Betalingsplikt

Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betale gebyr. Gebyret rettes til tiltakshavar.

§ 3.Gebyrberekning, fakturerings- og betalingstidspunkt

Gebyret bereknas på det tidspunkt fullstendig søknad/planforslag er registrert i kommunen. Faktura utstedes etter at saken er handsama/vedtak fatta eller når søknaden er avvist/avslutta. Gebyret fell til til betaling 15 dagar etter fakturadato. Ved for sein betaling gjeld purregebyr etter gjeldande reglar.

§ 4. Utgifter til bruk av sakkyndig bistand

Dersom kommunen i forbindelse med tilsyn har behov for å innhente sakkyndig bistand i spesielle saker for å kunne vurdere tiltaket/dokumentasjon, kan utgiftene til dette helt eller delvis fakturerast tiltakshavar.

§ 5.Definisjonar

Med mindre anna er spesifisert angir m² -satsane bruksareal (BRA) som definert i Norsk standard (NS-3940).

§ 6.Kombinerte bygg

Består bygningen av fleire funksjoner gjeld gebyret for kvar del/funksjon.

§ 7.Avslag

Dersom en byggesøknad blir avslått skal ein betala 100 % av fullt gebyr iht. satsane.

§ 8.Urimelig gebyr

Er gebyret klart urimelig i forhold til det arbeid og de kostnader byggesaksavdelinga har hatt med saken, eller klart urimelig av andre grunner, kan rådmannen fastsette passende gebyr.

§ 9.Klage

Gebyrvedtaket i den enkelte sak kan ikkje påklagas. Rådmannens avgjersle av søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglene i forvaltningslova.

§ 10.Justering av gebyrsatsane

Kommunestyret kan vedta justeringar av gebyra ved den årlege budsjetthandsaminga.

Tiltak som krev søknad om løyve etter pbl. § 20-1
Fritidsbustader i regulert område3 780,-
Fritidsbustader i uregulert område5 040,-
Driftsbygningar/landbruksbygg over 1000 m² BRA5 292,-
Mellombels bygg og anlegg som skal stå meir enn 2 år1 890,-
Bryggje, molo m.m.1 890,-
Brønn, basseng dam1 890,-
Garasje, naust, uthus, redskapshus og liknande1 890,-
Nybygg med bruksformål industri, forretning, kontor, lager, off.bygg m.m.5 292,-
Fasadeendring o.l., tilbygg BRA over 50 m²2 520,-
Bruksendring1 260,-
Riving1 260,-
Byggeteknisk installasjon, pipe, heis og liknande1 260,-
Oppdeling/samanføying av bustadeiningar1 260,-
Innhegning mot veg, skilt eller reklame1 260,-
Frådeling av eigedom1 260,-
Vesentleg terrenginngrep1 260,-
Veg og parkeringsplassar1 260,-
Tiltak som krev søknad og løyve etter pbl. § 20-2 og som tiltakshavar skal stå føre
Mindre tiltak på bygd eigedom760,-
Alminneleg driftsbygning i landbruket opp til 1000 m² BRA1 260,-
Mellombels bygg og anlegg som skal stå mindre enn 2 år760,-
Fasadeendring og liknande, tilbygg opp til 50 m² BRA760,-
Garasje, naust, uthus, reiskapshus og liknande opp til 70 m²756,-
Andre gebyr
Dispensasjon etter pbl § 19-12 520,-
Løyve til å setja i gang1 260,-
Minstegebyr, andre slag arbeid1 260,-
Utsleppsløyve for nye og rehab. av private avlaupsanlegg1 890,-
Godkjenning av ansvarsrett utan sentral godkjenning1008,-
Godkjenning av ansvarsrett med sentral godkjenning0,-
Tilleggsgebyr for ulovlege tiltak som kommunen blir merksam på og som ein må forfølgja. Gebyret kjem i tillegg til andre byggesaksgebyr5 000,-
Plansaker etter pbl. kap. 12
Reguleringsplan/detaljregulering13 860,-
Reguleringsplan/detaljregulering –
mindre endring3 780,-

II

Forskriften trer i kraft fra 1. juli 2010.